Klassekampen.no

Eg er full av nervar.

Dette er opnings­replikken når me møter forfattar Eline Lund Fjæren på Kippers bar og kafé på Verftet i Bergen. Fjæren kikkar under det runde kafébordet etter ein stad å lada mobilen. Den lange frakken heng ho over stolen. Ho takkar nei til kaffi.

– Eg trur eg må ha ein øl i dag. Men den kan eg kjøpa sjølv.

Ho går til baren, kjem tilbake med ein pils. Mobilen blinkar hyppig.

Fjæren skulle ønskt det var den ferske romanen hennar «Forbruk i september» alt handla om no. Men det er kommentaren som ho skreiv som spaltist i Morgenbladet førre fredag, som er grunnen til pågangen på mobilen. «Skal beskyldninger om overgrep og trakassering være en slags dødsdom?» spurte ho der. «Jeg kjenner på at jeg er drittlei feminismen» var tittelen på eit intervju ho gjorde med same avis.

«Kjetil Rolness har tagga deg i eit innlegg», stod det på telefonen kvelden før me møttest, då Fjæren kom ut frå kinosalen. Ho har vore mykje på kino den siste tida, som medlem av ein av juryane under Bergen Internasjonale Filmfestival.

– Eg blei litt stressa då eg såg tittelen i Morgenbladet. Artikkelen låg bak ein lås. Eg er dritlei feminismen. Eg veit det er historielaust. Eg sa det jo, men eg sa det i ein kontekst. Samtidig så meinte eg å spissa det litt til for å få i gang denne samtalen.

Fakta:
Eline Lund Fjæren

Alder: 24.

Sivil status: Singel.

Bakgrunn: Forfattar. Debuterte i 2013 med boka «Ung jente, voksen mann». «Klokken og sengen» kom i 2015.

Aktuell: Kom nyleg med si tredje bok «Forbruk i september». Alle tre bøkene er gitt ut på Forlaget Oktober.

Rolness skreiv som svar at han var dritlei feministar som ikkje tar ansvar for eigne handlingar. Han viste til at Fjæren var blant dei som offentleggjorde sex-meldingar som historie­professor Nils Rune Langeland hadde sendt til kvinner.

– Kva gjer du når det stormar, loggar du av?

– No har eg vore på kino, så no måtte eg logga av. Eg svarte Rolness klokka fire i natt og har svart litt meir i dag. Men eg har ikkje svart på førespurnader frå media. Eg har eigentleg ikkje så lyst å bruka tid på dette no. Eg har nettopp gitt ut ei bok og har lyst å fokusera på det. Eg har krangla litt med Rolness på Facebook, og så får det vera nok.

Eline Lund Fjæren er født i OL-året 1994. Ho er frå Lierfoss, ei lita bygd i Aurskog-Høland i Akershus, ikkje meir enn ein dryg time med bil frå hovudstaden. Men for Fjæren k­jendest Oslo langt unna.

– Det var så bygd som det får blitt, rett og slett langt ute i skauen, mot Hedmark og svenskegrensa, seier ho.

Saman med to brør og foreldre som heldt saman, ei mor med jobb i Skatteetaten og ein far i skulen, vaks ho opp. Mykje av tida brukte ho på idrett. Slik mange andre ungdommar i bygda gjorde.

– Det er idrett som står i sentrum når du kjem så langt ut på bygda. Eg har vore innom mykje forskjellig. Det var ikkje særleg kulturtilbod der.

Sjølv ville ho helst bli skiløpar då ho var lita.

– Eg var ganske god, men for lat.

Truleg var nok foreldra langt over middels glade i fjellturar. Det kunne innimellom bli i det meste laget for små bein.

– Familien min har aldri vore på sydenferie, men me har gått absolutt alle fjellturar. Før eg begynte på skulen, gjekk eg på Besseggen, så skulle me gå Galdhøpiggen dagen etter. Då grein eg.

– Har du fått avsmak?

– Nei, men det har vore blanda. På dei siste fjellturane i tenåra var eg nok ikkje den blidaste å ha med på tur.

I Bergen har ho komme seg på byfjella. Ho liker det no.

– Det er vel klassisk. No kjenner eg at det er ei slik kjerne i meg.

Fjæren debuterte då ho var 19 år med boka «Ung jente, voksen mann», og blei av fleire omtalt som eit usedvanleg litterært talent. Då den vanskelege andreboka kom i 2015, følgde fleire lovord.

Bok nummer tre er ein kompakt roman om trøblete kjensler, begjær og lengsel mellom ein kulturkritikar og ein ung og lovande kulturjournalist i ei dagsavis.

Det blinkar stadig i mobilen som ligg på bordet.

Det er ikkje berre Rolness som fresar. Ei rekke feministar reagerte på kommentaren og intervjuet i Morgenbladet, og debatten har rulla utover veka. Fjæren skyt på feil blink, skreiv tidlegare styreleiar i det feministiske tidsskriftet Fett, Astrid Hauge Rambøl. «Jeg er drittlei dem som angriper hverdagsfeminismen», sa forfattar Sofie Frøysaa, som har skrive den feministiske boka «Jenteloven» saman med Ulrikke Falch.

– Eg har opplevd dei siste dagane at eg fell rett igjennom. Eg har irritert på meg både feministleiren og Rolness-leiren.

– Så du er lei fordi marknaden tar over?

– Ja, eg forstår ikkje heilt kva som er igjen. Eg føler at det blir ei vare og ein idé. Eg hugsar frå litteratur­vitskap, og no siterer eg han sikkert feil, men Adorno hadde ein modell om marknadskreftene og politiske rørsler. Eit sekund ligg dei heilt innpå kvarandre, og då kan det skje ting, før den politiske rørsla blir slukt av marknadskreftene.

Det er ikkje berre fordi feminismen er blitt omfamna av kommersielle krefter at Fjæren er lei. Frontane hardnar til, meiner ho, og Fjæren finn seg ikkje heilt til rette blant enkelte feministiske initiativ. For å ta eit konkret eksempel frå Bergen: Her blei det invitert til bokbål med forfattarar som var overgriparar, ei rituell bokbrenning stod det på eventen. Det blei ikkje noko bål, eventen blei sletta. Men Fjæren r­eagerer på slikt.

– Eg veit ikkje om det er verdt å bruka tid på det. Men då eg såg det, tenkte eg at det ikkje er min f­eminisme, seier ho.

– Kva er din feminisere?

– Den er i evig forandring. Den har ein grunnmur som er openberr, som handlar om likestilling, seier ho.

Og ingen skal vera i tvil. Ho er feminist. Samstundes held ho fast i det som var utgangspunktet for kronikken. Ho ønsker fleire nyansar inn i debatten.

– Når ein kjenner på at det er noko som skurrar litt, så synst eg me skal snakka om det. Det er mykje som er fint med at feminisme er blitt mainstream og ein trend, men det har også ei bakside.

­– Så du har tenkt å fortsetta å leia den feministiske lesesirkelen i Bergen?

– Ja, no håpar eg at eg ikkje mister den jobben.

Til veka står «Sex og vold eller natur og kunst» av Camille Paglia på programmet når Fjæren styrer ordet på Litteraturhuset i Bergen.

Livet i kultureliten er langt frå opp­veksten i Aurskog-Høland. Men også i barndommen på bygda var kjønn eit tema. Det var særleg to nabogutar ho leikte mykje med i barndommen.

– Eg hugsar at eg bad dei gi meg eit gutenamn. Eg hadde ikkje lyst å vera jente i det heile tatt. Eg ville vera som dei. Det var jo ikkje noko forskjell på oss, men eg var bevisst kjønn då eg var lita også, at eg var jente og dei var gutar. Det trur eg mange er, seier ho.

Gutane dominerte.

– Det var gutane som kuraterte alt og bestemte korleis alt skulle vera.

– Opplevde du bygda som bra eller klaustrofobisk?

– Det var ein nydeleg stad å veksa opp. Det var mange aktivitetar å vera med på. Men det tok ikkje så lang tid før eg kjente eg var rastlaus.

Fjæren begynte på vidaregåande på Lillestrøm, ein time unna. Mens mange av dei ho gjekk i klasse med budde i nærleiken av skulen, reiste Fjæren med buss fram og tilbake kvar dag og budde heime hos foreldra til ho var fylte 19.

– Eg var mykje aleine fram til eg blei 21. Eg skreiv den fyrste boka heime på rommet mitt. Der hadde eg den gode tida aleine etter at alle dei andre i huset hadde lagt seg. Det var fint på mange måtar, men eg var veldig klar for å flytta ganske lenge før eg faktisk gjorde det, seier ho.

– Korleis feira du 18-årsdagen?

– Oi. Det hugsar eg ikkje. Eg drakk meg sikkert full.

– Kor tid drakk du deg full for fyrste gong?

– Det var med ei veninne. Ho budde på ein gard. Der hadde dei ei bu som brør hennar budde i ved sidan av hovudhuset, som me sat i. Me drakk Barcardi og Cola. Ho sovna, mens eg ville fortsetta. Men eg hadde ikkje så mange nære vennar i Aurskog-Høland, seier ho.

Medlemskap i Raud Ungdom gav nye vennskap og kjennskap. Eline Lund Fjæren melde seg inn i det radikale ungdomspartiet tidleg i tenåra. Ho var 14 år gammal. Medlemskapen i RU opna ei dør til ei ny verd langt frå idretten i Aurskog-Høland.

– Det fyrste eg var med på i Raud Ungdom, var feminismefestivalen. Det var ein vekker for meg, seier ho. ?

– At eg oppdaga feminismen, trur eg var det viktigaste som skjedde meg som ung. Det gav meining å sjå strukturar i så mange ting som eg opplevde som vanskeleg og p­roblematisk, seier ho.

Men ein fot inne i ungdoms­politikken enda også med vonde erfaringar, som då ho vakna på ein sofa av at han ho hadde klint med tidlegare på kvelden, tok seg til rette.

– Me var på eit nachspiel. Eg var vel 15. Eg burde ikkje vore med. Dei burde ikkje tatt meg med. Eg sovna og vakna av ei hand nede i buksa mi. Eg stivna heilt. Det einaste eg fekk meg til å seia, var at dette burde me ikkje gjera her; det er mykje folk her. Då stoppa det. Det var ganske absurd. Eg var så lei meg etter det, seier ho.

– Kva har den episoden gjort med deg i etterkant?

– Eg anar ikkje. Eg har opplevd liknande og verre ting etterpå. Men det var nok fyrste gong eg blei merksam på desse tinga. Det betyr ingenting for meg no, utanom at eg skulle ønskt eg ikkje hadde blitt flau. Det var litt sånn at her kjem vesle meg frå Aurskog-Høland på fest i Oslo og forstår ikkje korleis ting er.

Fjæren etterlyser meir under­visning om sex og grensesetting.

Eg har tenkt mykje på det med aktivt samtykke. Eg kjenner meg igjen i kjensla av å stivna til, ikkje å villa avvisa eller klara å seia frå. Eg opplevde ting, men eg sa ikkje noko. Då kan eg ikkje ta personen i etterkant. Det blir urimeleg. Eg tenker at dersom me hadde hatt nokre verktøy frå tidleg av, då ville det kanskje vore annleis.

I lange periodar har Eline Lund Fjæren vore sjuk. Etter at ho flytta til Bergen, var ho på sitt dårlegaste.

– Eg fekk anoreksi då eg gjekk på ungdomsskulen. Eg var livredd for menn og intimitet heilt til eg var 22. Då losna det litt.

Sjukdommen har ho også skrive om i spalta i Morgenbladet.

– Er samfunnet open for å snakka om anoreksi og spiseforstyrring i dag?

– Det er i alle fall vanskeleg å snakka om. Det er ein så kompleks sjukdom at ein må vera forsiktig med kva ein seier.

– Korleis utarta det seg for deg?

– Det handla om kva eg blei fortalt. Eg hadde problem med å ha ein kvinnekropp og å ha det blikket på meg. Å ha ein kvinnekropp og å ha sex kjendest unaturleg for meg. Eg måtte få kontroll. Det var sjølvsagt ein illusjon. Eg var veldig sjuk då eg gjekk på ungdomsskulen. Så blei eg betre. Men det gjekk til helvete då eg flytta for meg sjølv i Bergen og var aleine heile tida. Då kan du verkeleg grava deg ned i alle ting, og det gjorde eg.

Bok nummer to blei skriven mens ho var sjuk.

– Det gjorde meg nok ikkje noko betre å undersøka temaet isolasjon. Eg veit ikkje kva som kjem fyrst. Det er ein lukka prosess uansett kva ein skriv. Men eg har hatt det meir gøy denne gongen. Eg kjem mykje betre ut av det når eg har det bra. Viss ein er deprimert og underernært, er det vanskeleg å sjå poenget med å setta seg ned å skriva ein roman.

– I dag er du frisk?

– Ja. Eg har følt meg frisk sidan sommaren for to år sidan. Eg veit ikkje om eg ser slik ut. Eg fekk kjærast etter kvart. Det var ei stor oppleving for meg. Eg trudde det aldri skulle gå. Det tok slutt i vår, så då hadde eg litt kjærleikssorg. Å vera nær ein person var ganske stort.

På veg ut til Nordnes i Bergen står ein statue av Amalie Skram. Ved sida av Skram står det ein benk. Der gjekk Fjæren i sommar med kjærleikssorga og ei veninne og drakk øl, fortel ho.

– Sjølv om eg hadde det kjipt, hadde Amalie Skram det endå verre. Ho blei gifta vekk.

Dei siste vekene har debatten om Vladimir Nabokovs bok «Lolita» gått i både Klassekampen og Morgenbladet. Fjæren vil la moralen ligga.

– Eg er mest opptatt av om ei bok er bra eller ikkje. Denne slår meg som ei utruleg god bok. Det er der mi interesse for litteratur ligg. På setningsnivå eigentleg, seier Fjæren.

Ho trekk ein parallell til si eiga debutbok. «Ung jente, voksen mann».

– Det var litt debatt rundt den fyrste boka mi, som har den tematikken. Men eg tenker at det er det som er fint med litteratur. Litteraturen kan skildra det komplekse utan å forplikta seg til å svara på ting. Det ligg litt ansvar hos lesaren også, seier ho.

Fjæren hugsar ho fekk meldingar på Facebook av eldre menn og nokre unge kvinner som ville fortelja historiene sine.

– Dei hadde ikkje lese boka, men hadde fått med seg kva ho handla om. Eg svarte ikkje på det. Boka mi skulle ikkje vera noko gåvepakke til menn som er ute etter den type relasjonar. Eg ville berre skriva noko som er bra. Eg er interessert i forhold og makt generelt. Eg vil også skriva om karakterar som er usympatiske.

Elleve filmar har ho sett siste veka. Snart skal juryen møtast. Men no røyner det på. Natta i førevegen blei lang. Ho var på festivalfest.

Me går frå kafeen og inn i kino­salen. Ein film om trøblete forhold, ein usympatisk eldre mann, løgner og bedrag rullar på lerretet.

Fjærens mobil, som ligg under låret, blinkar stadig.

– Eg sovna nesten, seier ho, då me går ut frå filmen.

– Eg skulle ikkje tatt den ølen.

annekarih@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 10. desember 2018 kl. 12.13