Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Spor: Hos Paula Fox går historia sin uunngåelege gang.

Storbyens desperasjon

NYANSAR: Paula Fox skriv med eit kjenslevart språk. FOTO: FRÅ FORLAGET Ulf Andersen

Paula Fox tilhøyrer den arten John Williams har gjort berømt dei seinaste åra: den gjenoppdaga amerikanske forfattaren. Slik historia står i dag, verkar det lite sannsynleg at ho hadde vore tilgjengeleg for eit større samtidig publikum hadde det ikkje vore for Jonathan Franzen, forfattaren som med romanen «Frihet» (2010) vart til ein slags profet for den Store amerikanske romanen, men som allereie rundt tusenårsskiftet hadde nok pondus til å framsnakke Fox på ein måte som førte til nyutgjeving av romanane hennar.