Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ru: I «Menn i min situasjon» fangar Per Petterson oppløysingstendensar i briljante oppløysingssentensar.

Henda på rattet

PÅ INNSIDA: «Menn i min situasjon» byd på både indre landskap og strålande naturskildringar. FOTO: ANNIKEN C. MOHR Anniken C. Mohr/ Klassekampen

I Per Pettersons nye roman har Arvid Jansen hamna i ein livssituasjon der han anten går på bar eller set seg bak rattet på den champagnefarga Mazdaen sin og køyrer omkring på det indre Austlandet. Når han går på bar, får han eit retningslaust flir om munnen, og endar gjerne opp i ei anna seng enn si eiga. Med henda på rattet får han retning på rastløysa. Han legg seg i bilen når han ikkje får sove, og pansrar seg inne i eit fellesskap med andre menn som har mista fotfeste: «Jeg kunne se dem for meg, alle bilene parkert på steder som dette, langs veier og gater, ved bussholdeplasser, i garasjer og oppkjørsler, med menn i min situasjon, halvt liggende, halvt sittende i setet med frakken og bilen trukket tett omkring seg».