Torsdag 4. oktober 2018
FRUSTRERTE: Både klubbleiar Haakon Mjelde i Norsk fengsel- og friomsorgsforbund og fengselsinspektør Heidi Jensen Sandvik er frustrerte over kutta i kriminalomsorga.
• Fengsel må spara éin million kroner • Kuttar kveldsvaktene med éin time frå nyttår
Gir m­eir isolasjon
Undersak

Har ikkje budsjett til vikarar

– Fengselet er ei brukarnær verksemd. Alle ostehøvelkutt hos oss går på å kutte i dei tenestene som ligg nær dei innsette, seier fengselsleiar i Bergen fengsel, Harald Åsaune.

Han har vore med på fleire kuttrundar og kan ikkje kutte meir i administrasjonen.

– Vi har halde stillingar opne, også dei som jobbar direkte mot innsette. I tillegg dekker vi ikkje inn fråvær med vikarar eller overtid. Vi har redusert noko av programtilbodet til innsette. Vi held også ei heil avdeling utan innsette for å spare pengar.

Åsaune seier ny turnus, som sparer fengselet for éin million kroner i året, fører til at dei innsette må vere meir inne på cellene.

– Det er fleire grunnar til endring av turnusen. Men det er også økonomiske grunnar, ved at vi til dømes reduserer tenestene seint på kvelden.

– Då vert dei innsette låste inne på cellene tidlegare?

– Det kan skje, men dette er ikkje særleg dramatisk. Langt meir problematisk er det at vi ikkje har pengar nok til å aktivisere og følgje opp innsette slik vi ønskjer.

– Kva for aktivitetar må de droppe?

– Det er blant anna fellesaktivitetar som er planlagde, framstillingar utanfor fengselet for grupper eller enkeltinnsette. Vi må halde verkstader stengt. Kvaliteten heng veldig tett saman med bemanninga, seier Åsaune.

– Tyder det meir isolasjon og tvangsbruk?

– Viss vi hadde betre budsjett, kunne vi følgt opp innsette som slit på ein betre måte og slik ikkje måtte nytte like mykje tvang og isolasjon.

Åsaune seier tryggleiken framleis er god, men sier det ikkje er meir å hente på ostehøvelkutt.

AKTIVITETSKUTT: Både Morten Aksdal (til venstre), regiontillitsvald i NFF, inspektør Heidi Jensen Sandvik og Morten Mjelde, tillitsvald i Bergen fengsel NFF, ønsker meir aktivitet for dei innsette.
KNIP: Regjeringas effektiviserings­reform gir meir isolasjon i fengsla, hevdar fagforbund. Fengselsleiaren ved Bergen fengsel stadfester dei negative følgjene av reforma.

kutt i STATEN

– Vi har ikkje meir å gå på. Eg er særs uroa for budsjett­situasjonen i åra som kjem, og veit ærleg talt ikkje korleis eg skal handtere nye kutt, seier fengselsleiar Harald Åsaune i Bergen fengsel.

Klassekampen har fått vera med bak dei massive fengsels­murane og blir låst inn i cellene på ein av dei lukka avdelingane i Bergen fengsel.

Både tillitsvalde og leiinga er uroa etter kutt gjennom fleire år. Når 2018 blir til 2019, kjem nye kutt.

– Her i Bergen fengsel skal dei spara inn éin million på å låsa dei innsette inn ein time tidlegare og senda oss heim, seier Haakon Mjelde.

Han jobbar i Bergen fengsel, der han også er tillitsvald for fengselsbetjentar organiserte i Norsk fengsel- og friomsorgsforbund (NFF). Han er oppgitt over endå ei eit kutt i kriminalomsorga.

– Når me startar i ny turnus i januar, så vil det føra til meir isolasjon, forklarar Mjelde.

Fakta

Reform i staten:

• Avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma i staten blei sett i verk i 2015.

• Målet er å få meir igjen for pengane. Dei sparte midla blir brukt på prioriterte satsingar.

• Ifølge Unio svarar det akkumulerte kuttet i staten til 11.000 årsverk.

Skåre til beinet

Fagforeininga har protestert mot turnusendringa, men til ingen nytte. I dag strekk arbeidsdagen seg til klokka ti om kvelden, og frå ni til ti er det nattillegg. I ny turnus sluttar dagen klokka ni.

– Dette sparar Kriminalomsorga éin million kroner på, seier Mjelde.

Han koplar dette til regjeringas effektiviseringsreform.

Klassekampen har i fleire artiklar retta søkelyset mot innsparingskrav i domstolane. Som følger av regjeringas avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform (abe) i staten har domstolane innført tilsettingsstopp og vurderer nye grep for å få fart på nedbemanning.

Domstolane er ikkje aleine om å streva med drifta etter budsjettkutt. I kriminalomsorga har det vore skore til beinet dei 15 siste åra, seier regionalt tillitsvald Morten Aksdal.

– Sjå her: Dette er også abe-reforma, seier han og peiker på ei seng som manglar to plankar i botn og eit gammalt kjøleskap inne på ei celle.

Mjelde og Aksdal meiner reforma fører til auka tvangsmiddel og isolasjon, og mindre tid til aktivisering.

Få på jobb

I vår gjorde fagforeininga ei oppteljing som viste at i 2017 gjekk Bergen fengsel med 292 ledige vaktar. Dei fire siste åra er også talet på vald og trugslar mot tilsette gått opp.

Når Klassekampen vitjar aktivitetsrommet, er det mørkt, og i luftegarden er det tomt. Det store grøne utearealet er tomt. Ein av dei innsette løftar vekter på eit treningsrom.

Før hadde fengselet mange program. Sinnemeistring er eit av programma som det ikkje er kontinuitet på lenger, fortel dei.

Uønskte hendingar

Heidi Jensen Sandvik låser oss opp og viser oss cellene. Ho er inspektør på avdeling A, Aust og Vest, to lukka avdelingar, i Bergen fengsel. I alt har ho ansvar for 77 plassar, for både kvinner og menn med korte og lange dommar.

Ho fortel at med dårlegare bemanning og fleire oppgåver, blir personleg kontakt og kjennskap til dei innsette mindre. Det aukar sjansane for uønskte hendingar.

– Det er mykje god tryggleik i gode relasjonar, seier ho.

Ho fortel at fengselet har kutta i leiinga òg. Det har gått ut over oppfølging av dei tilsette, som kan ha krevjande dagar, men no tar dei grep om dette.

Både Mjelde, Aksdal og Sandvik har jobba i kriminalomsorga i 25 år.

– Går situasjonen ut over yrkesintegriteten?

– Ja, både integritet og samvitet, fordi ein føler at ein ikkje får gjort jobben ein er sett til å gjera. Det trur eg alle føler på, seier Sandvik.

– Kvar kan du kutta, viss du må kutta meir?

– Ingen ting. Me har gjort den øvinga i alle år. Me har kutta sosialkontakt, oppdekking av nattevakter, aktivitetar. Eg ser ikkje kvar me skal kutta, seier Sandvik.

– Men det spørst jo kva kriminalomsorg me skal ha. Me kan låsa alle inne og setta mat ved lukene, seier ho.

anneh@klassekampen.no

Onsdag 17. april 2019
ADVARER: Per Olaf Lundteigen (Sp) sier at regningen for fri arbeidsinnvandring kommer nå og vil at staten skal ta tilbake styringen av arbeidsstokken.
Tirsdag 16. april 2019
OMSTILLING: Kværner-sjef Sturla Magnus tror lønnsomheten vil synke og arbeidsplassene forsvinne ut av landet dersom verftet i Verdal skal slutte å levere til oljeindustrien.
Mandag 15. april 2019
NY RAPPORT: Lavere lønninger, mer økonomisk kriminalitet og flere biler på tomgang i sentrum. Dette blir konsekvensen av regjeringens drosjereform, ifølge Transportøkonomisk institutt.
Lørdag 13. april 2019
KALDT: Amerikanske bombefly langs norskekysten og en russisk skyteøvelse utenfor Lofoten. Forsvaret bekrefter at situasjonen i nord har tilspisset seg etter høstens Nato-øvelse.
Fredag 12. april 2019
I BLINDE: Forsvarets overvåkingsfly skal holde oppsikt over de enorme norske havområdene i nord. Denne bered­skapen er nå kraftig svekket.
Torsdag 11. april 2019
NOK: Ordførere på Nordmøre lover å utrede innmelding i Trøndelag etter folkekrav. Bygdeforsker mener det kan bli slutten for Møre og Romsdal som eget fylke.
Onsdag 10. april 2019
OLJESØL: Statens miljøekspertar frykta oljeutslepp kunne gje samanbrot i sjøfuglbestandar rundt Bjørnøya. Eit eksternt konsulentselskap meinte det var ugrunngitt.
Tirsdag 9. april 2019
SAMARBEID: Martin Kolberg (Ap) sier nei til samarbeid mellom Rødt og Ap. Raymond Johansen (Ap) er uenig. Ap-leder Jonas Gahr Støre mener det kommer an på partienes utvikling.
Mandag 8. april 2019
ULIKHET: En økende andel nordmenn mener personlig økonomi påvirker hvor god behandling man får i helsevesenet, ifølge årets helsebarometer.
Lørdag 6. april 2019
DYRT: Sju kraftkrevjande industrilokomotiv kan få ei ekstrarekning på 3,4 milliardar viss straumprisane aukar med 10 øre, ifølge ein ny rapport.