Lørdag 22. september 2018
SNAKKAR UT: Arbeidet bak Helene Uri sin nye bok «Hvem sa hva?» vitnar om ein god del oppdemma frustrasjon. FOTO: TOM HENNING BRATLIE
Det irriterte kjønn
Status: Helene Uri leverer eit bittertglitrande forsvar for kvifor vi treng å avpaternalisere språket.

MELDING

Under lesinga av Helene Uris «Hvem sa hva?» hende det rett som det var at eg la boka ned og sukka tungt. Innimellom kjende eg lysta til å ytre andre lydar også, på ein skala frå knurring til uartikulerte utrop og bannskap – men som ei grundig sosialisert kvinne gjorde eg sjølvsagt ikkje det.

At Uri har tatt jobben med å skrive bok om korleis språket speglar ulike normer for kvinner og menn, og det på grunnlag av materiale samla gjennom mange år, vitnar også om ein god del oppdemma frustrasjon. Utgangspunktet er den språklege realiteten at feminine former ved ein fatal historisk inkurie har kome til å representere avvik frå normalen. Sjølv når hankjønnsformer blir brukt som om dei er nøytrale, får dei oss helst til å tenke på menn, skriv Uri. Seier ein «brannmann», oppfattar barn det som eit yrke for menn. Brukar ein begge pronomen eller ei kjønnsnøytral nemning, tenkjer dei på både menn og kvinner. Slik lærer vi opp neste generasjon.

Boka har to delar: «Bruker kvinner og menn forskjellig språk?» og «Omtales kvinner og menn forskjellig?» Uri har telt ord, spurt vener og lese forskingsmateriale for å vise kva haldningar som er nedfelt i språket, og ho formidlar resultatet i ein beundringsverdig kontrollert, til og med lett og humoristisk tone.

Fakta

sakprosa

Helene Uri

Hvem sa hva?

Gyldendal 2018, 364 sider

Heldigvis røpar ein syrleg, ofte sokratisk ironi den underliggande irritasjonen: «Hvorfor i all verden skal sport og krim være tyngre og viktigere enn kultur og helse? Er dette allment kjent blant journalister?» Humoren finn vi både på metanivå og innimellom på eit herleg frekt nivå, som når ho påpeikar at det truleg ikkje er likegyldig for språkforskar Finn-Erik Vinje, som har ytra motstand mot å endre gamle talemåtar, om ho kallar han «mann» eller «gubbe».

Uri brukar flittig anekdotar som innleiingar. Det gjer boka underhaldande trass i at innhaldet er nedstemmande einsarta. Det kan oppsummerast slik: «Den naturlige tilstanden er at menn fyller mellom dobbelt så mye og tre ganger så mye plass som kvinner.» Og det kan ein jo bli drittlei av, spesielt når kvinner blir oppfatta som altfor dominerande om dei til dømes tar opp meir enn ein tredel av taletida – og det av både menn og kvinner. Er det fleire enn meg som i ung­domen fekk utfordringar av typen: «Veddar på at du ikkje klarer å halde kjeft eit kvarter»?

Sidan har eg brukt mykje tid på å la menn prate så lenge som dei treng for å føle seg respektert, og det er alltid nokre som, med Uris ord, er «like mottagelig for mine innspill som en radio.» Og kor herleg motiverande er det vel ikkje for ein skribent å vite at «[h]vis mottageren vet at avsenderen er kvinnelig, blir budskapet vurdert mer negativt enn om avsenderen hadde vært en mann.»

Stort sett er det berre å sukke og nikke til språkfunna Uri presenterer. Berre på eitt punkt stussar eg. Det er når ho lanserer «en morsommere tolkning» av at kvinner uttrykkjer seg på ein mindre bastant og meir appellerande måte enn menn; at kvinner er meir nyanserte og sosialt innstilt enn mennene. Ja, kanskje, men kvifor det? Antydar Uri implisitt biologiske forklaringar? Ein kan uansett ikkje sjå vekk frå kor formande det er å ha blitt utsett for gjentekne sanksjonar når ein har vore for dominerande – eller ikkje føyeleg nok. Eg har blitt kalla «hore» fordi eg himla med augo. Som jentunge fekk mora mi ris av faren fordi ho hadde kommandert ein yngre nabogut. Det var ikkje guten sjølv, men faren hans som reagerte og kravde at ho vart straffa. Er det rart om ho lærte seg å bruke sjarm heller enn autoritet for å få viljen sin?

Som nyansering peikar Uri på at sosial status kan vere meir bestemmande enn kjønn for visse språkpraksisar. Men når kvinner jamt over nyttar dei omtala språkpraksisane meir enn menn, skulle det tyde på at vi som gruppe har lågare status, ikkje at vi av natur er meir inkluderande. Uri trur også at kvinner set like stor pris på ros frå kvinner og menn (i motsetnad til menn). Det trur ikkje eg. Skryt frå menn er jo ei langt sjeldnare vare.

Tilnærminga til Uri er offensiv og sakleg – heilt til ho kjem til det faktum at å vere modig på folkespråket heiter «å ha ballar», medan å vere pysete kallar på karakteristikkar som «jentete» og«Tampax-patruljen». Då kjem eit utbrot som nok var mindre artikulert opprinneleg: «Dette er et skrik […]. Et nokså irritert skrik.» Ja, kva skal ein seie om anekdoten om artisten Yosef (Madcon), som ifølgje managaren «gråt som ei jente» då han fekk ei diger, «mandig» tatovering på brystet. Motivet? Mora hans med gevær – ho har nemleg ei fortid som barnesoldat i Eritrea!

Her snakkar vi altså om sakprosa som kan få deg til å gråte og le – samtidig. Uri gir eit bittertglitrande forsvar for kvifor modernisering av språket er naudsynt om vi vil vite kva vi signaliserer til jenta som ein dag kan bli ingeniør, lege, regissør eller minister.

bokmagasinet@klassekampen.no

Lørdag 21. september 2019
Leik: Ravatns nye roman veks seg større enn sin eigen krimintrige.
Lørdag 7. september 2019
Intens: Kaj Skagens selvbiografi er på samme tid stolt selvhøytidelig og nådeløst selvutleverende.
Lørdag 31. august 2019
Nabo: Bjarne Riiser Gundersen gransker både Sverige og sitt eget blikk på landet.
Lørdag 24. august 2019
Kjartan Fløgstads nye roman «Due og drone» kjem ut same år som han fyller 75, etter meir enn femti år som forfattar. I fjor kom Heming Gujords «Fløgstad verk», der særleg romanane blir grundig og perspektivrikt analysert og kommentert, med...
Lørdag 17. august 2019
Økonomi: Norske barn ligger an til å vokse opp i et land med like stor økonomisk ulikhet som i dagens Italia.
Lørdag 29. juni 2019
Overskyet: I Hanna Stoltenbergs lovende debut kolliderer fridager med vaklende livsfortellinger.
Lørdag 22. juni 2019
Samtykke: Jørn Jacobsens diskusjon av behovet for reform av voldtektsparagrafen er grundig, men overser sentrale problemstillinger.
Lørdag 15. juni 2019
Gullpenn: Bøkene om Elling er en språklig fryd, men vanskelig å bli berørt av.