Lørdag 22. september 2018
Folkets Hus

• Torsdag kveld var det bydd til fest i Folkets Hus i industribygda Sauda i Rogaland. Det tradisjonsrike huset, som salige Frank Aarebrot døypte «arbeiderbevegelsens stavkirke», har vorte pussa opp av kommunen og gjort om til kulturhus. Det var med «ein klump mangan i halsen» den gamle sauda­buen og smelteverksarbeidaren Kjartan Fløgstad las dikt på opninga torsdag: «Til Folkets Hus, der er eg framme/Og held ein klump av/storkna flamme.» Folkets Hus i Sauda er blant dei meir tradisjonsrike i Noreg. Men dei finst over heile landet, små og store, vakre og stygge – folkets eigne hus.

• Somme stader er dei makta sine hus, som på Youngstorget i Oslo. Der samlast Arbeidarpartiet framleis til landsmøte, sjølv om huset diverre har vorte døypt om frå Folkets Hus til det meir prosaiske Oslo kongressenter. Mange stader har dei ei stolt historie som i industribyen Rjukan i Telemark, der det gamle Folkets Hus vart reist etter initiativ frå mellom andre rallarforfattaren Kristofer Uppdal. Det var i dette huset, som framleis står, at arbeidarane ved Hydro fyrst fekk høyre om den russiske revolusjonen. Andre stader har dei vorte selt, eller gjort om til kulturscenar eller er nærast forlatne, berre vitja av ein stadig grånande og minkande flokk med fagforeiningsveteranar.

• Men alle stader kor det står eit Folkets Hus finst minna om dei som gjekk før oss. Dei fortel om korleis landet vart bygd, ikkje av embetsmenn, men av småkårs­folket sjølve i bygd og by. Einar Gerhardsen fortel i sin sjølvbiografi om sin fyrste 1. mai-tale. Det var i Verma i Romsdalen, og det Folkets Hus som stod der, var bygd av dei tilreisande anleggsarbeidarane som ei gåve til lokalsamfunnet. På kvelden var det fest, og forutan Gerhardsen, heldt presten tale, eit typisk bilde på korleis Folkets Hus snøgt vart tilhaldsstad ikkje berre for arbeidarrørsla, men for små og store lokalsamfunn landet over. Gerhardsen minnest ikkje kva han sa i sin tale, men det er lov å tru at også han kjende på ein ærefrykt. Det bør me ha nokon og ein kvar av oss når me går inn portane på eit av dei tallause Folkets Hus. I desse husa vart det Norge som er vårt, bygd.

Onsdag 12. desember 2018
• Den som vet hvordan pølser lages og anbudsprosesser går for seg, får aldri en rolig natts søvn igjen. I høst har flere aviser sett nærmere på bakgrunnen for at britiske Go-Ahead vant anbudet på...
Tirsdag 11. desember 2018
• Hvordan redde Europa fra EU-kritiske populister? Blant dem som har forsøkt å svare på det spørsmålet, er Frankrikes president Emmanuel Macron. Han kom til makten med en ambisiøs reformplan for unionen, som skulle sikre økonomisk stabilitet...
Mandag 10. desember 2018
• «Kanskje må vi søke i genene for å finne svar på Solvangs oppførsel i disse debattene.» Setningen er hentet ut av en klage til Kringkastingsrådet på programleder for NRKs «Debatten» Fredrik Solvang. Solvang og andre profilerte journalister...
Lørdag 8. desember 2018
• Natt til fredag ble justisminister Tor Mikkel Waras hus og bil tagget ned med hakekors og ordet rasist. I tillegg ble bilens bensintank forsøkt påtent. Den ansvarlige er i skrivende stund ikke tatt, og både politi og justisministeren selv...
Fredag 7. desember 2018
• Tirsdag denne uka inviterte arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie forskere, LO og NHO til frokostmøte om organisert arbeidsliv. Statsråden fra Høyre ønsket innspill til hvordan Norge kan stanse fallet i antall organiserte i...
Torsdag 6. desember 2018
• Det er uenighet innad i regjeringen om hvorvidt Norge skal signere FNs nye migrasjonsavtale, som i norsk oversettelse har fått navnet «Global plattform om trygg, velordnet og regulær migrasjon». Mens Venstre og Høyre er klare for å signere...
Onsdag 5. desember 2018
• De siste to ukene har mange hundre tusen franskmenn tatt til gatene i protestbølgen mot høye levekostnader og en varslet avgiftsøkning på drivstoff og strøm. Grasrotbevegelsen bak opprøret har fått navnet «De gule vestene», etter...
Tirsdag 4. desember 2018
• Avisa Nationen fyller 100 år og feiret i går seg selv med en stor jubileumsavis. I den forteller sjefredaktør Irene Halvorsen om grunnlaget for avisa: Forankret i norske lokalsamfunn, men med blikket vendt mot verden. Det er særlig synlig...
Mandag 3. desember 2018
• I dag starter FNs klimakonferanse i Katowice i Polen. Der samles verdens land for å komme et skritt nærmere en løsning på klimakrisa. Forhandlingene i Polen skal følge opp Parisavtalen, som ble inngått i desember 2015. Den sier at vi må...
Lørdag 1. desember 2018
• Klassekampen har denne uka skrevet om forslaget til nye læreplaner i grunnskolen som i disse dager er ute på høring. Kritikken har særlig dreid seg om at historie har blitt tonet kraftig ned til fordel for et nåtidsperspektiv. Tanken er at...