Mandag 17. september 2018
UROLEG: Lorentz Erland Linde sit i styret i Yngre legers Forening. Han er stiller spørsmål ved om sjukehusa er i ferd med å effektivisera seg ineffektive. Foto: Gunnar Wiederstrøm
• Får ikkje tid til å gå på do, og grin etter jobb • Reform råkar pasientbehandlinga
Sparekrav gir smerter
Arvid Langeland
HØVLAR: Kutt i sjukehusbudsjett skal spara millionar. No åtvarar både tillitsvalde og direktørar om at det går ut over pasientar og arbeidsvilkår.

HELSE

– Når folk ikkje får tid til å eta eller gå på do, eller grin når dei går heim fordi dei føler dei ikkje får gjort jobben sin godt nok, så er det ikkje bra. Slik kan me ikkje ha det, seier Arvid Langeland, føretakstillitsvald for Norsk Sjukepleiarforbund i Helse Bergen.

– Er det reelt?

– Ja, slik er det somme stadar innimellom.

Sparing og omstilling står høgt på dagsorden ved landets sjukehus. Regjeringas satsing for å smørja hjula i staten er ei avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform (abe-reforma). Reforma tredde i kraft i 2015 og inneber årlege kutt i alle område i staten.

Klassekampen har snakka med sjefar og tillitsvalde i spesialisthelsetenesta. Dei fortel at kutta går ut over både pasientbehandlinga og arbeidsvilkåra. Det er ikkje slik at sjukehusa har store avdelingar med byråkratar dei kan fjerna. Derimot aukar arbeidsoppgåvene utan at det svarar til ei tilsvarande auke i nye helsearbeidarar.

Fakta

Reform i staten:

• Avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma (ABE-reforma) blei sett i verk i 2015.

• Målet er å fjerna unødvendig byråkrati i staten og gjera staten meir effektiv.

• Reformen inneber eit flatt kutt i løyvingane til drift på kring 0,5 prosent for alle delar av staten.

• Kuttet i staten skal finansiera andre prioriteringar i statsbudsjettet.

Delvis skjerma

Sjukehusa blir delvis skjerma for reforma fordi ein del av kuttet blir kompensert, men ifølge både direktørar og tillitsvalde er kutta store nok til at det smertar.

– Abe-reforma har gitt Helse Vest eit økonomisk trekk i alle år sidan 2015. For 2018 er budsjettet vårt redusert med 251 millionar kroner. Me utgjer 20 prosent av spesialisthelsetenesta, og reforma verkar likt for alle helseregionane, seier administrerande direktør i Helse Vest, Herlof Nilssen.

Nilssen understrekar at han forheld seg heilt og fult til rammene som statsråden og Stortinget vedtar.

– Eg meiner at det er fullt forsvarleg å driva spesialisthelsetenesta på Vestlandet med dei rammene me har i dag. Men utgangspunktet, slik eg oppfatta det, var at abe-reforma ikkje skulle ha konsekvensar for spesialisthelsetenesta. Reforma har konsekvensar. Me effektiviserer heile vegen, og me har heile vegen eit behov for å effektivisera uavhengig av reforma. Men konsekvensen av reforma er dårlegare økonomisk resultat, og derigjennom større utfordringar med å gjennomføra investeringsprosjekta som nye sjukehusbygg, samt at det vil føra til reduksjon i pasientbehandlinga.

– Har reforma større konsekvensar enn nokon har sett føre seg?

– Eg trur desse tala er litt overraskande for nokre. Det er ikkje sikkert at alle har kjent til desse tala.

– Politikarane må sjå

Eivind Hansen er administrerande direktør for Helse Bergen HF og seier at det ikkje er til å unngå at reforma treffer pasientbehandlinga.

– Det er ikkje slik at sjukehuset har eit kolossalt stort byråkrati, seier han.

Han er klar på at det rom for å effektivisera sjukehusa, men gir politikarane klar beskjed om at reforma får konsekvensar for sjukehusdrifta.

– Det er viktig at det politiske miljøet ser at reforma treffer pasientbehandlinga. Det er ikkje slik at når du tar ein liten prosent så blir det eit lite tal i kroner.

– Er dette, som det er blitt hevda, eit reint ostehøvelkutt?

– Eg liker ikkje omgrepet, for ostehøvelen tar ikkje heilt omsyn til kvar du kuttar. Men det går ikkje an å seia at det oppfattast som noko anna enn ostehøvel. Men me må vera nøyaktig når me skal passa det til vårt budsjett slik at me skjermar dei høgast prioriterte oppgåvene, seier han.

Han legg til at det er viktig med eit rett dimensjonert byråkrati.

– Det er viktig at me ikkje lanserer ein idé om at byråkrati er noko me ikkje treng, seier han.

Helse Bergen har 9000 årsverk og den administrative staben utgjer kring 3 prosent. Stabsvolumet er redusert dei siste åra.

Sjukehusdirektøren seier det ikkje går an å kopla nedskjeringar og bortfall av konkrete tenester direkte til reforma, men kutta som reforma gir må innarbeidast i driftsbudsjettet gjennom å effektivisera eller å ta vekk tenester.

– Har du også tatt vekk helsepersonell?

Viss du ser på årsverk, så aukar dei litt. Men oppgåvene aukar også og årsverka aukar ikkje i takt med oppgåvene og forventningane, seier han.

Stekker seg langt

Også ved St. Olavs hospital i Trondheim opplever dei at strikken no er stram.

– Det blir spart ved at ein held bemanninga på eit nesten konstant nivå, samstundes som pasientstraumen aukar. Me behandlar langt fleire no enn for eit par år sidan, men med omtrent den same bemanninga, seier Kenneth Grip, føretakstillitsvald for Norsk Sjukepleierforbund ved St. Olavs Hospital.

– Folk strekker seg i det aller lengste. Lønna for at du bidrog i fjor, er at du må bidra endå meir neste år.

Lorentz Erland Linde sit i styret for Yngre Legers Forening. Inntil nyleg var han føretakstillitsvald i Helse Bergen.

– Me er ikkje kjent med kva sparetiltak som er knytt særskild til reforma og kva som ikkje er det, men me blir presentert mange sparetiltak som har som formål å effektivisere drifta, seier han.

Han seier at ofte er det jobbar med låg utdanning som blir tatt vekk, utan at arbeidsoppgåvene forsvinn.

– Det kan vere barnepleiarar, hjelpepleiarar og sekretærar som blir kutta, men jobben forsvinn ikkje. Dermed må me andre i dei andre yrkesgruppene gjera endå fleire arbeidsoppgåver. Alt kan ikkje bli erstatta av ei datamaskin, seier han.

Linde seier at det kontinuerlege arbeidet med omstilling tar på og veldig mange av medlemmane er frustrerte over at økonomiske rammer heile tida trumfar faglege val.

Han meiner ei avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform i seg sjølv er positiv dersom den tar vekk unødvendige ledd og gjer drifta meir effektiv. Men til no er han ikkje overtydd om at det er resultatet.

– Arbeidsoppgåver blir flytta og stillingar blir kutta. Dette blir fort synleg i eit rekneskap, men utfordringa er at me ikkje har effektive måleparameter som seier noko om korleis dette påverkar effektiviteten til dei som får nye oppgåver. Me må spør oss om me sparar oss til ei meir ineffektiv drift.

anneh@klassekampen.no

Onsdag 12. desember 2018
VOLDTEKT: Høyres justispolitiske talsperson Peter Frølich mener minstestraffen for voldtekt er for høy. Han vil løfte diskusjonen inn i regjeringsforhandlingene med KrF, Frp og Venstre.
Tirsdag 11. desember 2018
FORSLAG: Venstrevridde eksperter vil lage et nytt europeisk parlament og la institusjonen rå over et kjempebudsjett på 4 prosent av Europas BNP.
Mandag 10. desember 2018
BARNEFRI: Fødselsraten i 2017 var den laveste som er målt. I 2018 ligger vi an til sette ny bunnrekord.
Lørdag 8. desember 2018
PRESSEFRIHET: Norge vil avgi en flere punkts stemmeforklaring til FNs migrasjonsavtale mandag. Ett av punktene skal tydeliggjøre pressens uavhengighet.
Fredag 7. desember 2018
VERPESJUKE: Regjeringen har satt ned en egen arbeids­gruppe for å få norske kvinner til å føde flere barn. MDG mener befolkningsvekst bør komme gjennom innvandring.
Torsdag 6. desember 2018
PROFIL: Unge Venstre-leiar ­Sondre Hansmark seier Abid Raja er blant dei einaste som profilerer Venstre sin eigen politikk.
Onsdag 5. desember 2018
UHOLDBART: Elin Ørjasæter slakter Trine Skei Grandes lederstil etter at partilederen anklaget partifelle for å være illojal.
Tirsdag 4. desember 2018
RAUDE BYAR: Norske storbyar ligg an til å halde på sine Ap-ordførarar etter kommunevalet i 2019. I Bergen og Tromsø slit høgresida med alternativet.
Mandag 3. desember 2018
SENTRUMSSTENGT: Ny måling viser rødgrønt flertall i Bergen. Nå ber SVs Oddny Miljeteig Ap om å «lese skriften på veggen» og velge SV foran sentrum.
Lørdag 1. desember 2018
UT: Dei er avhengige av selja mangan til stålprodusentar i heile EU, men slår likevel ikkje nokon stålring om EØS-avtalen. Eramet Norway er open for å greia ut eit alternativ til EØS.