Klassekampen.no
Lørdag 15. september 2018
Det nye omsetjarleksikonet gjer kontekst og innsikt om verdslitteraturen på norsk.
Rundt teksten
Språkleg kratt: Dante går seg vill. ILLUSTRASJON: GUSTAVE DORÉ

I løpet av vintermånadane 2017–2018 fekk norske lesarar tilgang til to nye utgåver av Dantes «Inferno», omsett av Erik Ringen og Asbjørn Bjornes. «Jeg skjelver når jeg tenker på hvor stort dette arbeidet har vært, og hvor utakknemlig det er å fullføre en slik oppgave», skreiv Dante-kjennar Trond Berg Eriksen om Ringens versjon i Morgen­bladet (9.2). To omsetjarar strevar altså i årevis med kvar sine versjonar av den same teksten, berre for å møte kvarandre på oppløpssida og kive om merksemda til lesarane. Det åleine kan understreke poenget om omsetjarens utakknemlege oppgåve.

Sjølv tenkte eg også på salige Magnus Ulleland (1929–2016), som står bak ei komplett norsk omsetjing av Komedien (1993–1996), men som i vinter blei høfleg snakka ned for å gi plass til dei nye. Ullelands versjon var «bunnsolid, men ble ingen bestselger», skreiv Berg Eriksen. Her i avisa meinte Bjørn Ivar Fyksen (17.2) at den gav en «majestetisk følelse», men opplevde at «Dante forble i de høyere sfærer». Utilgjengeleg og vanskeleg, med andre ord, om enn botnsolid og majestetisk.

Steinar Lone vektar dette annleis, i artikkelen «Å få Dante i tale», trykt i ein rikhaldig temabolk om Dante i det nye nummeret av Vagant. Ulleland las Dante på fleire språk, og merka seg at teksten ofte blei «altfor lyrisk, altfor litterær». Sjølv ville han omsette, ikkje gjendikte komedien. Han ofra difor rima og valde streng truskap til teksten, vers for vers, framfor å la innhaldet bli «flytta på, pynta på».

Å få Dante i tale er ikkje lett, og sanneleg er det ikkje lett å lese han heller – og slett ikkje i Ullelands versjon. I Lones faglege portrett av Ulleland, som dreg opp universitetslivet hans som bakgrunn for innsatsen som omsetjar, kjem det likevel fram at mykje av det som gjer omsetjinga vanskeleg, også er vanskeleg hos Dante sjølv.

Artikkelen minna meg om at Norsk Oversetterforening i fjor lanserte eit omsetjarleksikon, som etter planen skal dekke dei viktigaste namna og emna innan 2023. Allereie no har det byrja å få innhald, med biografiar og tema­artiklar om alt frå koranen til ungpikebøker.

Til liks med Lones tekst viser artiklane veg rundt den omsette teksten, så det blir lettare for lesaren å komme seg inn. Artiklane synleggjer ikkje berre biografisk bakgrunn, men også estetiske og ideologiske vilkår som ligg under dei norske versjonane av våre største verds­litterære verk.

I artikkelen om Olav H. Hauge framhevar Stein Arnold Hevrøy til dømes at Hauge såg på omsetjing som ei viktig kulturpolitisk verksemd, og at den nynorske 1917-normalen var eit verktøy i denne verksemda. Jan Jakob Tønseth skriv om Kristen Gundelach, som deltok i NS sitt kulturarbeid under krigen, samstundes som han gjendikta Goethes «Faust» (1943). Lenge etter krigen gjendikta han også dikt av Federico García Lorca, som blei myrda av fascistane i Spania. Korleis les ein slike gjendiktingar i dag? Når ein kjenner historia rundt den omsette teksten – kva tek ein med inn og kva legg ein att?

Leksikonet er ikkje eit enkelt verktøy, men ei kjelde til kunnskap som kan heve kompetansen på sikt. Kanskje særleg bør det takast i bruk av kritikarar som skal våge seg til å vurdere omsetjingar – både av klassikarar og samtidslitteratur.

eivind.myklebust@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 10. desember 2018 kl. 11.41