Lørdag 8. september 2018
REAGERER: På denne Aleris-institusjonen i Fana bydel i Bergen avdekka kommunen ei rekke avvik. Leiar i Fagforbundet i Fana Anne Karin Rougne Nielsen krev opprydding.
• Aleris-tilsyn avdekka lov- og kontraktsbrot • Hadde vaken vakt i 42 timar
Knusande tilsyn mot Aleris
Undersak

Vil rette seg etter krava

Aleris seier dei vil rette seg etter krava frå kommunen. Regiondirektør Vidar Aanby skriv i ein e-post:

«Hyppige tilsyn med avvik, som deretter lukkes, er en helt naturlig del av det å drive slike tjenester. Her er det viktig å understreke at det i denne avtalen kun er snakk om to konsulenter som hadde noen få vakter i sommer. Vi fortsetter derfor med praksisen hvor tjenestene leveres av faste ansatte som tidligere.»

Kommunen har vurdert at det berre er Aleris som har fordeler med bruk av private konsulentar.

«Bergen kommune har i tilsynsrapporten gjort sin vurdering av forhold rundt selvstendig næringsdrivende konsulenter. Vi ønsker ikke å gå inn i denne tematikken i media, men ser frem til at disse spørsmålene skal behandles i rettsapparatet etter planen i januar neste år. Det vil gi noen nyttige avklaringer både for oss som arbeidsgiver, for medarbeidere og for oppdragsgivere.»

På spørsmål om kvifor Aleris har følgd kontrakten med kommunen svarar Aanby: «Her har vi dessverre ikke hatt tilstrekkelig kunnskap i overgang til ny turnus. Vi har rettet dette opp umiddelbart etter at vi ble gjort oppmerksom på forholdet. Noen har med vår beregning fått utbetalt urettmessig overtid. Noen har fått marginalt for lite. Vi beklager selvfølgelig dette og vil overholde de frister som er satt.»

Aanby lover at Aleris skal etterbetale det dei tilsette har uteståande og skriv til slutt i e-posten:

«Bergen kommune har for øvrig utløst to års opsjon på denne kontrakten allerede. Dette gjøres fordi kommunen er fornøyd med både våre tjenester og den pris vi leverer til.»

«Noen har med vår beregning fått utbetalt urettmessig overtid. Noen har fått marginalt for lite. Vi beklager selvfølgelig dette»

VIDAR AANBY, REGIONDIREKTØR I ALERIS

FORDEL: Tilsyn på institusjon i Bergen slår fast at bruk av private konsulentar berre er ein fordel for Aleris. Kommunen vurderer å bryte kontrakten.

VELFERD

Bergen kommune feller ein krass dom over Aleris’ bruk av sjølvstendig næringsdrivande konsulentar på ein avlastingsinstitusjon i Bergen.

«Modellen med å definere disse personene som selvstendig næringsdrivende ser ut til å være utelukkende et gode for Aleris …»

Dette stadfester det Fagforbundet hevdar om tilhøva for dei private konsulentane. 26 konsulentar på Austlandet med medlemskap i Fagforbundet har gått til sak mot Aleris med krav om erstatning for tapte tillegg og ytingar.

Fakta

Aleris-saka:

• Aleris er eit av de største skandinaviske velferdskonserna, med avdelingar i Noreg, Sverige og Danmark.

• I august gjekk 26 medlemmer av Fagforbundet på Austlandet til søksmål.

• Dei har vore tilknytt Aleris Ungplan og Boi AS som konsulentar. Dei krev mellom ein halv og to millionar kvar, som erstatning for tapte tillegg og ytingar dei ville fått som fast tilsette.

• Kommunane i Noreg kjøpte i 2017 tenester frå Aleris Ungplan Boi AS for 867 millionar kroner.

Vakt over tre døgn

Leiar for Fagforbundet i Fana Anne Karin Rougne Nielsen, som har medlemmar i institusjonen, reagerer kraftig på det som kjem fram i det ferske tilsynet. Ho ber kommunen rydda opp.

– Aleris får pengar frå kommunen til å drifta, då skal dei ikkje profittera på dårlege arbeidsvilkår. Eg er glad at dette no blir avslørt.

I rapporten frå kommunen heiter det:

«Aleris vil med disse avtalene ikke måtte ta risikoen ved sykdom, ikke betale arbeidsgiveravgift, pensjon, forsikringer eller skaffe vikar. Ansvar for feil og mangler, opplæringsansvar og ansvar for at arbeidsmiljølovens regler følges, har Aleris heller ikke i henhold til konsulentavtalene.»

Eit av døma på korleis dette kan gå, er vakta ein av konsulentane gjekk over tre døgn med ei samanhengande vaken arbeidstid på 42 timar.

Dei to konsulentane får høvesvis 240 og 250 kroner timen. Bergen kommune meiner dette er dårleg betalt:

«Timesatsen på 240,- og 250,- kr er etter oppdragsgivers vurdering ikke høy nok for å dekke opp risikoen, merarbeidet og kostnadene som mangelen på disse rettighetene vil utløse», heiter det i rapporten.

Kommunen har kravd at bruken av sjølvstendige konsulentar skal avviklast då dette er eit brot på kontrakten.

Lange arbeidsveker

Dette var langt frå dei einaste avvika tilsynet avdekte. Avlastningsinsitusjonen for utviklingshemma nytta mange ringevikarar.

Desse gjekk inn i vanleg turnus, men fekk ikkje overtid. Ein ringevikar arbeidde 94 timar ei veke, ein annan 81 timar. Dei skulle hatt overtidsbetaling når dei arbeidde meir enn 60 timar per veke. Også fast tilsette arbeidde meir enn 60 timar per veke. Heller ikkje desse fekk utbetalt overtid. Kommunen har stilt krav om at slik overtid skal etterbetalast.

Tilsynet avdekte også at Aleris ikkje hadde innmeldt tilsette i pensjons- og forsikringsordninga til verksemda, i strid med lov om obligatorisk tenestepensjon. Dette galdt fem tilsette som alle arbeidde meir enn 20 prosent stilling. Krav om tenestepensjon slår inn når tilsette arbeidar i meir enn 20 prosent stilling.

Ber kommunen rydda opp

Anne Karin Rougne Nielsen, leiar for Fagforbundet i Fana, ber kommunen rydda opp.

– Viss det er slik som dette det skal vera, då bør det heller driftast i regi av kommunen, seier Nielsen.

Finansbyråd Dag Inge Ulstein (KrF) seier Bergen kommune ser særs alvorleg på som kom fram i tilsynet.

– Både manglande overtidsbetaling og pensjon og bruk av private konsulentar er brot på kontrakten. Vi skal i løpet av få dagar vurdere følgjene. Eg vil ikkje sjå bort frå at vi bryt kontrakten med Aleris.

gunnarw@klassekampen.no

Tirsdag 20. november 2018
VRAKET: Rogaland KrF vil ha Kjell Ingolf Ropstad som ny KrF-leder – ikke Olaug Bollestad. Flere fylker peker på Hans Olav Syversen etter rå maktkamp.
Mandag 19. november 2018
HÅRDA BUD: Frisør­bransjen sliter med å rekruttere tillits­valgte. Elisabeth Landstad ble sagt opp kort tid etter konflikt med sjefen.
Lørdag 17. november 2018
ANBUD: NSB var best på organisasjon og ledelse, mens SJ var best på kundetilfredsstillelse. Go-Ahead var kun best på pris i anbudskonkurransen om å få drifte Sørlandsbanen.
Fredag 16. november 2018
HEMMELIG: Etterretningstjenesten skal betale kilder svart – og kunne bryte norsk lov uten straff. Det er regjeringens forslag til ny etterretningslov.
Torsdag 15. november 2018
SATSER: Equinor bruker rekordmye penger på lobbyisme i Brussel. Målet er å sikre etterspørselen etter gass i lang tid framover.
Onsdag 14. november 2018
VIND I SEGLA: Produksjonen av kraft frå vindturbinar vert meir enn firedobla innan 2020. Nasjonal ramme for vindkraft skal opne for endå meir, men ikkje på Smøla.
Tirsdag 13. november 2018
VISJON: Torgeir Knag Fylkesnes vil styrke SVs nærings- og distriktsprofil. – Mitt største ønske for SV er at vi skal bli mer ambisiøse og mindre flinke, sier han.
Mandag 12. november 2018
IKKE RØR! Stjørdal kommune har for mange barnehager, men på tross av støtte fra et enstemmig bystyre får de ikke lov å kutte antall plasser hos private. Nå drøfter Stortinget lovendring.
Lørdag 10. november 2018
DYRT: Zerokonferansen omtaler seg selv som Norges viktigste møteplass for alle som er opptatt av klima. Men hvis vanlige folk skal med, må prisen ned, sier Natur og Ungdom.
Fredag 9. november 2018
FALL: Gapet mellom nivået på den statlige bostøtten og boutgifter i storbyene har økt dramatisk, viser ny rapport. Byene får en ekstraregning på flere hundre millioner.