Torsdag 23. august 2018
NYE FYLKE: Det er stor skilnad både i folketal og storleik mellom dei nye fylka som Stortinget har vedteke.
Ekspertutval om Finnmark fylke:
Stort nok for nye oppgåver
Undersak

Dei nye fylka

Viken

Fylke i dag: Østfold, Buskerud, Akershus

Folketal: 1.162.037

Del av folketal: 22,29 prosent

Areal: 20.554 kvadratkilometer

Kommunar: 49

Oslo

Fylke i dag: Oslo

Folketal: 658.390

Del av folketal: 12,63 prosent

Areal: 454 kvadratkilometer

Kommunar: 1

INNLANDET

Fylke i dag: Hedmark og Oppland

Folketal: 384.309

Del av folketal: 7,37 prosent

Areal: 52.590 kvadratkilometer

Kommunar: 48

Vestfold og Telemark

Fylke i dag: Vestfold og Telemark

Folketal: 417.508

Del av folketal: 6,48 prosent

Areal: 20.977 kvadratkilometer

Kommunar: 23

Agder

Fylke i dag: Vest-Agder og Aust-Agder

Folketal: 298.486

Del av folketal: 5,72 prosent

Areal: 16.434 kvadratkilometer

Kommunar: 25

Rogaland

Fylke i dag: Rogaland

Folketal: 470.175

Del av folketal: 9,02 prosent

Areal: 9377 kvadratkilometer

Kommunar: 23

Vestland

Fylke i dag: Hordaland og Sogn og Fjordane

Folketal: 624.827

Del av folketal: 11,98 prosent

Areal: 33.864 kvadratkilometer

Kommunar: 43

Møre og Romsdal

Fylke i dag: Møre og Romsdal

Folketal: 264.827

Del av folketal: 5,08 prosent

Areal: 14.991 kvadratkilometer

Kommunar: 27

Trøndelag

Fylke i dag: Trøndelag

Folketal: 451.316

Del av folketal: 8,66 prosent

Areal: 41.555 kvadratkilometer

Kommunar: 37

Nordland

Fylke i dag: Nordland

Folketal: 241.906

Del av folketal: 4,64 prosent

Areal: 38.482 kvadratkilometer

Kommunar: 41

Troms og Finnmark

Fylke i dag: Troms og Finnmark

Folketal: 240.088

Del av folketal: 4,6 prosent

Areal: 74.503 kvadratkilometer

Kommunar: 39

MINIPUTT: Finnmark kan overta dei fleste oppgåvene ekspertutvalet foreslår å flytta frå staten til fylka. Det seier eit fleirtal av medlemane i utvalet.

fylkesreform

– Finnmark fylkeskommune skulle ha gode føresetnadar for å ta desse oppgåvene, seier Tore Eriksen.

Eriksen er fylkesrådmann i Sogn og Fjordane og medlem av utvalet som regjeringa sette ned for å vurdere kva oppgåver dei nye fylka kan få.

Utvalsleiar Terje P. Hagen seier at utvalet hadde som føresetnad at den minste fylkeskommunen skulle ha 240.000 innbyggarar. Han seier utvalet ikkje har diskutert spørsmålet om å overføre oppgåver til fylke som er mindre enn det.

– Ein del oppgåver kan Finnmark handtera, men dei store oppgåvene er dei for små til. Kvar grensene går er det ingen som kan seia, seier Hagen.

Fakta

Ekspertutval:

• Regjeringa sette i fjor ned eit ekspertutval som fekk i mandat å foreslå oppgåver som kan flyttast frå staten til fylkes­kommunen.

• Utvalet, som la fram rapporten i februar, foreslår å flytta oppgåver for kring 24 milliardar kroner.

• Forslaget inneber blant anna å legga ned fleire statlege institusjonar og flytte ansvaret for fylkesvegar og delar av barnevernet frå staten til fylka.

• Saka kjem til Stortinget 15. oktober.

Utgreidd tidlegare

Både statsminister Erna Solberg (H) og kommunalminister Monica Mæland (H) har slått fast at «Finnmark kan velte fylkesreforma». Dette fordi det ikkje blir mogleg å gje dei andre fylka nye oppgåver om ikkje også Troms og Finnmark vert med på regjeringas fylkessamanslåing.

Klassekampen har snakka med fem av medlemane i ekspertutvalet. Dei er einige om at alle eller ei rekke av oppgåvene kan flyttast over til fylka sjølv om Troms og Finnmark ikkje vert slått saman.

Utvalsmedlem Tore Eriksen leidde i 2014 eit utval nedsett av fylkesrådmennene i landet som mellom anna skulle vurdere kva for oppgåver dagens fylke kunne overta frå staten.

– Framlegget samsvarte godt med innstillinga frå ekspertutvalet. Konklusjonen til utvalet eg leidde, var at desse oppgåvene kunne overførast til dagens fylke, seier Eriksen.

– Eg synst det er eit mykje større problem at Oslo ikkje blir med i Viken, enn at Finnmark blir ståande aleine, seier Jon Knudsen, første­amanuensis ved Universitetet i Agder, som også sat i utvalet.

Det er særleg to tilhøve som har verknad for kva oppgåver dei nye fylka kan ta over. Det eine gjeld finansiering. Staten har i dag eit system for overføringar til fylka som i stor grad er tufta på innbyggjartal. Der driftsutgiftene og investeringstrongen er stor, vil små fylke kunne få problem med å finansiere dei same tilboda som dei store.

Kan samarbeida

Det andre er trongen for høgt spesialisert bemanning. Små fylke kan få problem med å etablere berekraftige faglege miljø. Det er desse føresetnadane som gjer at utvalsleiar Terje P. Hagen meiner Finnmark vert for liten for ein del av oppgåvene.

Han peiker særleg på barnevernstenesta, som ei svært spesialisttung oppgåve. Også utvalsmedlem Gro Sandkjær Hanssen, forskar ved Oslomet, er skeptisk til å overføre barnevernet til Finnmark.

– Oppgåver som til dømes næringsutvikling, innovasjonspolitikk, kompetanseutvikling og folkehelse som me foreslår å flytta, meiner eg kan gjerast av dagens fylke. Eg meiner at dei tunge velferdstenestene, som Bufetat står for, kanskje blir vanskeleg dersom ein ikkje får større einingar, seier ho.

Den oppfatninga deler utvalsmedlem og professor ved Universitetet i Bergen Anne Lise Fimreite.

– Dei aller fleste oppgåvene kan løysast av dagens fylke, Finnmark inkludert, fordi dei ikkje er så spesialiserte. Det gjeld ikkje for barnevernet, seier ho.

– Kan dette løysast gjennom eit samarbeid mellom Troms og Finnmark?

– Det er ikkje noko prinsipielt i vegen for dette, og det finst døme på samarbeid fylka imellom, seier Fimreite.

Også Gro Sandkjær Hanssen seier samarbeid er ei moglegheit, men peiker på at det er genuine demokratiproblem med interfylkeskommunale løysingar.

Ho seier at nettopp eit sterkt demokratiprinsipp gjennom å flytta fleire avgjerder ned til eit direkte folkevalt nivå står sentralt i rapporten frå utvalet.

Glad for protestar i nord

Hanssen er kritisk til korleis arbeidet med reforma er lagt opp. Ho trur det ville gått mykje betre dersom fylka fyrst fekk nye oppgåver, og landet deretter blei delt inn med nye fylkesgrenser. Då ville ein lettare kunne hatt ein prinsipiell debatt om kor store einingar ei slik oppgåvedeling måtte ha.

Også Fimreite var skeptisk til dette.

Hanssen meiner det er behov for ei regionreform, men er samstundes glad for at protestane i nord kjem til over­flata.

– I eit demokratisk perspektiv er det naudsynt å få fram konfliktlinene i eit samfunn, og difor er det fint at den offentlege debatten kring temaet blir så heftig, seier ho.

gunnarw@klassekampen no

anneh@klassekampen.no

Onsdag 21. november 2018
KAN SNU: Få vil stå opp for EØS i LO. Lederne i Handel og Kontor og Arbeidsmandsforbundet åpner for at deres forbund også kan snu.
Tirsdag 20. november 2018
VRAKET: Rogaland KrF vil ha Kjell Ingolf Ropstad som ny KrF-leder – ikke Olaug Bollestad. Flere fylker peker på Hans Olav Syversen etter rå maktkamp.
Mandag 19. november 2018
HÅRDA BUD: Frisør­bransjen sliter med å rekruttere tillits­valgte. Elisabeth Landstad ble sagt opp kort tid etter konflikt med sjefen.
Lørdag 17. november 2018
ANBUD: NSB var best på organisasjon og ledelse, mens SJ var best på kundetilfredsstillelse. Go-Ahead var kun best på pris i anbudskonkurransen om å få drifte Sørlandsbanen.
Fredag 16. november 2018
HEMMELIG: Etterretningstjenesten skal betale kilder svart – og kunne bryte norsk lov uten straff. Det er regjeringens forslag til ny etterretningslov.
Torsdag 15. november 2018
SATSER: Equinor bruker rekordmye penger på lobbyisme i Brussel. Målet er å sikre etterspørselen etter gass i lang tid framover.
Onsdag 14. november 2018
VIND I SEGLA: Produksjonen av kraft frå vindturbinar vert meir enn firedobla innan 2020. Nasjonal ramme for vindkraft skal opne for endå meir, men ikkje på Smøla.
Tirsdag 13. november 2018
VISJON: Torgeir Knag Fylkesnes vil styrke SVs nærings- og distriktsprofil. – Mitt største ønske for SV er at vi skal bli mer ambisiøse og mindre flinke, sier han.
Mandag 12. november 2018
IKKE RØR! Stjørdal kommune har for mange barnehager, men på tross av støtte fra et enstemmig bystyre får de ikke lov å kutte antall plasser hos private. Nå drøfter Stortinget lovendring.
Lørdag 10. november 2018
DYRT: Zerokonferansen omtaler seg selv som Norges viktigste møteplass for alle som er opptatt av klima. Men hvis vanlige folk skal med, må prisen ned, sier Natur og Ungdom.