Tirsdag 21. august 2018
KØYR! Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland møtte i går fylkesrådsleiar i Troms Willy Ørnebakk (Ap). Fylkes­ordførarar landet rundt meiner fylkesreforma har kome for langt til å bli stoppa. FOTO: VIDAR RUUD, NTB SCANPIX
• Fylkesreforma kan halde fram utan Finnmark, meiner fylkesordførarar • Fleirtal seier nei til tvang
Striden i nord inga hindring
Undersak

Dette er fylkesreforma

I juni 2015 bad Stortinget regjeringa om å kome med ei melding om korleis større fylke kunne få fleire oppgåver. Dette er kjernen i fylkesreforma.

Der kommunereforma var påskunda av særleg Høgre og Frp, var det Venstre og KrF som ønskte seg ei regionreform. Denne bytehandelen gjorde at det blei Høgre- og Frp-regjeringa, der båe parti eigentleg vil leggje ned fylkeskommunen, som fekk ansvaret for å fronte ei reform for større og sterkare fylke.

Stortinget vedtok at dei ønskte seg «om lag ti» regionar. Trøndelag blei delt i to i 1804, men søkte i 2016 om gjenforeining. Det blei vedteke av eit samla storting og er eit faktum frå 1. januar i år. Dei andre samanslåingane er:

Troms og Finnmark

Sogn og Fjordane og Hordaland til Vestland

Vest- og Aust-Agder til Agder

Vestfold og Telemark

Buskerud, Østfold og Akershus til Viken

Hedmark og Oppland til Innlandet

Oslo, Rogaland, Møre og Romsdal og Nordland held fram som eigne fylke som før.

Fleire av samanslåingane har gjeve mykje bråk lokalt.

Nordland er med 243.000 innbyggjarar den minste fylkeskommunen som får halde fram som før. Hedmark er med 196.000 innbyggjarar den største fylkeskommunen som måtte bli slått saman med naboen.

Fylkeskommunane har i dag ei rekkje oppgåver, særleg knytt til vidaregåande skule, kultur, tannhelse, regional utvikling og samferdsel. Mange har også andre område dei rår over, som til dømes kraftselskap.

1. februar kom Hagen-utvalet med sitt framlegg til kva oppgåver framtidas fylke kan få.

Dei vil leggje ned fem statlege direktorat og flytte 4500 arbeidstakarar over til fylka. Av oppgåver vil dei gje fylka meir makt over Innovasjon Noreg, leggje ned Kompetanse Noreg og dele det mellom fylka og Utdanningsdirektoratet og gje fylka meir ansvar for integrering. Dei skal også få eit større samferdselsansvar. Utvalet vil flytte miljøoppgåver frå fylkesmannen til fylka og gje konsesjon til mindre vass- og vindkraftverk. I tillegg får fylka fleire oppgåver på kulturfeltet om Hagen-utvalet får avgjere. Til saman er det snakk om oppgåver som i dag omfattar 24 milliardar kroner på statsbudsjettet. Mæland kjem med si innstilling 15. oktober.

Opposisjonen er til dels svært kritisk til fylkesreforma. Utanom Finnmark har nye Viken vore hardt kritisert for å ikkje omfatte Oslo. Fleire har også meint at oppgåvene burde kome fyrst og samanslåingane etterpå. No ser det likevel ut til at Noreg har elleve fylke etter 1. januar 2020.

jensk@klassekampen.no

NORD: Striden om Troms og Finnmark må ikkje få stoppe heile fylkesreforma, meiner fylkes­ordførarar landet rundt. I går var det mye forvirring rundt samanslåinga av fylka i nord.

fylkes- reform

– Eg kan ikkje tenkje meg at konflikten i nord skal stogge reforma. Vi er komme for langt i arbeidet med å gjennomføre ho, seier fylkesordførar Rune Hogsnes (H) i Vestfold.

I går meldte NTB at kommunalminister Monica Mæland (H) at legg samanslåinga av Troms og Finnmark på is til Stortinget har handsama fylkesreforma i haust. Dette ble seinare tilbakevist av Mæland, som i ein pressemelding slo fast at Troms og Finnmark blir ein fylkeskommune frå 1. januar 2020.

Uansett resultat seier fylkesordførarar landet over at konflikten i nord ikkje må stanse reforma. Klassekampen har vore i kontakt med 13 fylkesordførarar og ein fylkesrådsleiar. Haldninga er eintydig.

– I neste veke skal vi tilsette heilt ny leiing i Viken. Reforma gjeld tilsette. Ho gjeld viktige oppgåver som har verknad for innbyggjarane våre. Vi kan ikkje tulle no, seier fylkesordførar i Akershus, Anette Solli (H).

Fakta

Fylkesreforma:

• Stortinget har vedtatt å slå saman fleire av landets nitten fylke til elleve fylke.

• Etter planen skal dei nye fylka tre i kraft frå 2020.

• Eit sentralt premiss i reforma er at fylka skal få fleire oppgåver. Eit ekspertutval har lagt fram eit forslag, og Stortinget skal behandla saka i haust.

• Kommunal­minister Monica Mæland (H) sa i går at ho venta nye slag i striden om Troms og Finnmark på Stortinget til hausten.

Fleirtal mot tvang

Eit fleirtal av fylkesordførarane går ikkje inn for å nytte tvang.

– Eg har stor forståing for det som skjer i Finnmark og meiner det ikkje vil vere rett å vedta ei samanslåing i nord, seier fylkesordførar i Østfold Ole Haabeth (Ap).

– Eg er på ei line av frivilligheit. Det trur eg er viktig, seier fylkesordførar Gro Bråten (Ap) i Aust-Agder, som også meiner fylkesreforma ikkje ryk sjølv om Finnmark og Troms får stå på eigne bein.

Fleire fylkesordførarar syner til at Finnmark er i ein spesiell situasjon.

– Eg trur at Finnmark er så spesielt i seg sjølv, med tryggleikspolitikk og utanrikssituasjonen med den store naboen i aust. Så på grunn av geografi og storleik i areal så må ein kunne lage oppgåver som er tilpassa Finnmark, seier fylkesordførar Roger Ryberg (Sp) i Buskerud.

Kan ikkje snu

Fem av fylkesordførarane Klassekampen har snakka med meiner Mæland må gjennomføre vedtaket om samanslåing av Troms og Finnmark.

– Stortinget må stå på vedtaket. Vi tek jo den omstridde samanslåinga i Viken på alvor fordi ho vart vedteken av Stortinget, seier fylkesordførar i Akershus, Anette Solli.

Det same meiner fylkesordførarane i Vestfold, Møre og Romsdal og Telemark.

Fylkesordførarane syner til at det er teke viktige avgjerder knytt til kvar dei ulike avdelingane i fylka skal liggje og kven som skal ha leiarstillingar. Dei fleste fylkespartia er i ferd med eller har slege seg saman, og nominasjonane til fylkestingsvala er godt i gang.

– Vi har vore i gang eitt år og tilset prosjektleiar og prosjektgruppe. Når ein har køyrt i gang ei slik reform, kan ein ikkje snu i svevet. Me er i gang og har forplikta oss, seier Jenny Følling (Sp), fylkesordførar i Sogn og Fjordane.

Vil ha store oppgåver

Fleire av fylkesordførarane fryktar at innbyggjartalet i Finnmark skal verte eit argument for å overføre færre oppgåver til dei nye fylka. Dei åtvarar mot eit slik resultat.

– Eg føreset at vi ikkje gjer slik kommunalministeren sa i Arendal – at det minste fylket dimensjonerer kva nye oppgåver fylka kan få. Det vil underminere heile reforma. Vi går inn i Viken, ein region med 1,1 millionar innbyggjarar. Ein slik region krev langt fleire oppgåver enn det fylka har i dag, seier fylkesordførar i Østfold, Ole Haabeth.

Leiar i fylkesrådet i Nordland, Tomas Nordvoll (Ap) meiner det er mogleg å overføre store oppgåver til fylka jamvel om Finnmark berre har 75.000 innbyggjarar.

– Ein lyt organisere dette litt ulikt. Er det eit fylke som ikkje makter å ta på seg ei oppgåve, kan dei samarbeide med nabofylket, slik ein gjer det kommunar imellom, seier han.

Ekspertutvalet som greidde ut kva for oppgåver som kan overførast til fylka, haustar samrøystes ros frå fylkesordførarane.

– Fylkestinget i Vest-Agder gav uttrykk for at dei var særs nøgde med framlegget. Vi har lagt til grunn at regjeringa følgjer innstillinga frå utvalet når dei kjem til Stortinget, seier fylkesordførar Terje Damman (H) i Vest-Agder.

– Vert denne innstillinga vedteken av Stortinget, vil det verte særs bra. Når oppgåver vert overførte frå staten til fylke, kjem dei mykje tettare på kommunane og innbyggjarane der, seier fylkesordførar Even Aleksander Hagen (H) i Oppland.

gunnarw@klassekampen.no

anneh@klassekampen.no

Tirsdag 20. november 2018
VRAKET: Rogaland KrF vil ha Kjell Ingolf Ropstad som ny KrF-leder – ikke Olaug Bollestad. Flere fylker peker på Hans Olav Syversen etter rå maktkamp.
Tirsdag 13. november 2018
VISJON: Torgeir Knag Fylkesnes vil styrke SVs nærings- og distriktsprofil. – Mitt største ønske for SV er at vi skal bli mer ambisiøse og mindre flinke, sier han.
Torsdag 8. november 2018
FRAFALL: Ungdom som faller ut av videregående fanges opp for seint, sier Jan Bøhler.
Onsdag 7. november 2018
SAMLING: Ap, Sp og SV har reint fleirtal i Klassekampens novembermåling. Etter å ha blitt vraka av KrF er Jonas Gahr Støre klar for å samkøyre med dei raudgrøne.
Mandag 5. november 2018
STRID: Når abortloven nå er på forhandlingsbordet, vil Senterpartiet fremme forslag om å fjerne den omstridte retten til tvillingabort. Ap går for fort i vranglås, mener Kjersti Toppe.
Lørdag 3. november 2018
DELT: Sentrale partifolk tror det kan ta tid å samle fløyene i KrF etter partiets skjebnelandsmøte på Gardermoen i går.
Fredag 2. november 2018
NEI: Dersom KrFs høyrefløy vinner fram på dagens skjebnemøte, forsvinner sentrum i norsk politikk, advarer Anne Enger.
Torsdag 1. november 2018
NEI: Erna Solbergs abortfrieri til KrF mangler flertall i Stortinget. – Min stemme for kvinnes rett til abort kan ikke forhandles bort, sier Venstres Abid Raja.
Fredag 26. oktober 2018
SPLITTELSE: Mens venstrefløyen i KrF «kjenner frosten gripe om rygg­raden», rikker ikke Sylvi Listhaugs siste utspill på høyrefløyen i partiet.
Tirsdag 23. oktober 2018
STERK I TROEN: Knut Arild Hareide hadde regnet med mellom tre og seks mandater fra Rogaland, men fikk ett. Nå står det om de usikre fylkene, som Oslo og Hordaland.