Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Undersida: Med eit både poetisk og essayistisk uttrykk er Anne Helene Guddal blant dei sterkaste stemmene i den unge litteraturen.

Eit stille løft

ETTERDØNNINGAR: Guddal sin hovudperson fortel om tida etter ein alvorleg psykisk sjukdom. FOTO: ØYSTEIN HAARA Øystein Haara

Korleis hindre at den indre verda tek over for den ytre og blir til død? Spørsmålet tar utgangspunkt i ei av dei mange tankevekkjande sluttlinjene i Anne Helene Guddals roman «Nøkkerosene», og summerer for meg opp kva hovudpersonen kjempar med i etterdønningane av ein periode med alvorleg psykisk sjukdom. Også tittelen gøymer ein angst for det som er under overflata: På første side seier mora til hovudpersonen at ho ikkje må symje blant nøkkerosene, for då kan ho vikle seg inn i dei lange røtene og bli dratt under vatn.