Klassekampen.no
Lørdag 11. august 2018
Tilsynelatande OK

ISLAM

I Klassekampen 9. august 2018 har kyrkjehistorikar Eivor Oftestad ein uvanleg forstokka kommentar under tittelen «Personlig muslim». Ho vil ha dialog mellom religionar for å motverke fordommar, men har følgjande fordomsfulle opning: «Som katolikk og frigjort vestlig kvinne er jeg skeptisk til islam. Jeg ønsker ikke at en religion som tilsynelatende så enkelt kan radikaliseres, skal få mer fotfeste.» No vil enkelte meine at uttrykka «katolikk» og «frigjort» går dårleg i hop, men det er ikkje poenget for meg. Det ho sjølvsagt tenkjer på er at enkelte ungdomar har vorte radikaliserte på barnerommet og drege av garde til det nye kalifatet som IS etablerte i Nord-Syria og Nord-Irak – og som det no berre er rykande ruinar att av.

Men er det berre islam som kan vere utgangspunkt for terroristisk radikalisering? Oftestads formuleringar går inn i ein «samfunnsdebatt» der islam essensielt sett er ein valdeleg religion, og det meiner eg det er lite hald i. I dag finst det valdelege tendensar også innan den kristne alt-right-rørsla i Nord-Amerika og Europa, hinduisk nasjonalisme i India og buddhisme på Sri Lanka og i Myanmar.

Som kyrkjehistorikar vil Oftestad vite at kristen religion har vorte brukt til å grunngje alle slags grufulle handlingar opp gjennom tidene, gjerne i samarbeid mellom stat og kyrkje. Ho nemner sjølv krosstoga. Å seie at islam «tilsynelatende så enkelt kan radikaliseres» er som å seie at katolisismen «tilsynelatende så enkelt kan godkjenne pedofili» på bakgrunn av alle misbrukssakene som har vorte dyssa ned av leiande kyrkjemenn. Begge påstandane er meir enn tvilsame.

Ein kan spørje seg: Kvar har Klassekampens redaksjon vore i høve til denne artikkelen? Er Klassekampens spalter no vorte vidopne for den vanlege hetsen mot muslimar som ein elles kan finne i norsk presse?

rhostaker@gmail.com

Artikkelen er oppdatert: 27. september 2018 kl. 08.57