Klassekampen.no
Torsdag 9. august 2018
Ny venstrerørsle har emneknagg, men manglar program.
Tysk opning

Laurdag skapa ei ny nettside rabalder i tysk politikk. Den ser eigentleg uskuldig ut – om du klikkar deg inn på Aufstehen.de, finn du videoar der pastoren Kurt, DJ-en Rene og gartnaren Wilko fortel om kvardagssorgene sine. «Handverk får for lite respekt i Tyskland», fortel mekanikaren Jannik, med lett pianomusikk i bakgrunnen.

Men denne nettsida markerte tjuvstarten på den tyske venstrerørsla Aufstehen («stå opp» på norsk). Den utanomparlamentariske rørsla har ein eigen Twitter-konto, emneknagg og logo, i tillegg til nettsida med 18 videosnuttar.

På nettsida finn du ikkje noko politisk program, og den offisielle lanseringsdatoen er først 4. september. Men noko veit me alt: Aufstehen er starta av Sahra Wagenknecht, partitopp i venstrepartiet Die Linke. Til no har minst 36.000 meldt seg inn via nettsida. Rørsla søker å samla politiske krefter på den breie venstresida – inkludert parti, fagforeiningar og sivilsamfunn. Intellektuelle kjendisar som sosiologen Wolfgang Streeck er med på laget, og britiske Momentum og franske France Insoumise blir nemnt som inspirasjons­kjelder. I eit kort manifest i avisa Nordwest-Zeitung skriv Wagenknecht at rørsla er grunnlagt på klassisk sosial­demokratisk politikk, med mål om å sikra folk sine materielle levekår.

Her kan det vere mykje å henta, sidan den tyske venstresida ligg i stabilt sideleie. Symptomatisk er at SPD – Europas eldste sosial­demokratiske parti – har mista halvparten av veljarane sidan 1998. På starten av 2000-talet lefla SPD med «den tredje vegen» der partiet moderniserte (les: privatiserte og kutta i) velferdsstaten. Nedturen held fram i dagens storkoalisjon med der striden i konservative CDU/CSU får mesteparten av merksemda. På ei fersk meiningsmåling ligg SPD berre eit prosentpoeng framfor AfD på ytre høgre.

I dette golde politiske land­skapet kan Aufstehen vera med å vitalisera den breie tyske venstresida. Og det hastar, for i mai neste år er det val til Europaparlamentet, der ytre høgre trugar med å gjera det svært godt.

Men rørsla har eit problem: Sahra Wagenknecht sjølv. Ho har lenge vore i klinsj med ein annan topp i Die Linke, Katja Kipping. Nokre kommentatorar les dette som ein klassisk maktkamp mellom to politikarar som ikkje kjem overeins. Andre peiker på konkret politisk usemje når det gjeld innvandring. Wagenknecht – som sjølv har ein iransk far – har stått for ei meir innvandringskritisk linje. Ho har problematisert konsekvensane innvandring har for arbeidar­klassen.

Fleire på den tyske venstresida presenterer Aufstehen som ein egotripp for Wagenknecht. SPD-nestleiar Ralf Stegner avviser rørsla som eit «PR-initiativ leia av notoriske separatistar», medan SPD-leiaren i Nordrhein-Westfalen tvitra at Tyskland har hatt ei felles rørsle på venstresida heilt sidan 1863: nemleg SPD.

Men det vesle Aufstehen-manifestet markerer ikkje eit klart standpunkt på innvandring- og asylpolitikk. På eine sida kritiserer Wagen­knecht kriminelle menneskesmuglarar og «den grenselause velkomen-kulturen» i Tyskland. På andre sida slår ho fast at innvandringsdebatten er over­dimensjonert og stel merksemd frå dei viktige sakene i dagleglivet til folk flest.

Som for pensjonisten Margot, som på nettsida til Aufstehen fortel at hennar største frykt er å bli kasta ut av husværet fordi pensjonen ikkje strekker til. For Margot og mange andre tyskarar bør Aufstehen helst vera noko meir enn eit PR-stunt for ein politikar med maktambisjonar.

marial@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 27. september 2018 kl. 09.05