Klassekampen.no
Onsdag 8. august 2018
Ein underleg draum

Ein morgon vakna eg av ein underleg draum. Det var som om eg hadde vore på besøk i eit framandt land, verkeleg og uverkeleg på same tid.

Landet var styrt av eit slags triumvirat av dronningar. Ikkje verkelege dronningar, men av og til kunne det verka sånn. Til dømes når dei hadde pønska ut ny politikk, som dei eigentleg ikkje var heilt einige om, så stod dei fram og heldt pressekonferanse i ei nesten heilag treeining.

Dei hadde jobba og slite seg fram, og hadde omsider nådd den politiske toppen. Om dei hadde slite hardt, kunne ein ikkje sjå det på dei. Dei såg meir enn middels velfødde ut. Politisk var dei i utgangspunktet ueinige om mykje, men etter kvart som dei styrte, vart dei meir og meir einige.

På same tid vart dei også rundare å sjå til. I den ikkje heilt velfriserte pressa gjekk det rykte om feite kamelar som vart serverte til arbeidslunsjane deira. Kokkeekspertar meinte det kunne ikkje vera kamelane som var feite, det måtte vera sausen. Eller var det wienerbrøda til kaffien?

Den uvennlege og usaklege kritikken i den tvilsame delen av pressa spreidde negative tankar blant folket. Dei som før hadde tykt at det var litt triveleg med desse runde damene, begynte å spørja om det kunne vera sunt å leva slik at kroppen vart rundare og rundare? Det kom åtvaringar om utviklinga blant ungdommen – meir og meir overvekt blant dei som skulle vera unge og spreke.

Folkehelseministeren fekk alvorlege spørsmål. Når dei først hadde fått ein eigen minister for folkehelsa, var det også skapt forventingar om at noko kunne gjerast. Her var det ikkje nok med direktiv om at ungdommen måtte trena meir og eta sunnare. Det måtte sterkare lut til. Ein dag trudde ho at ho hadde fått ein genial ide.

Folkehelseministeren bad om eit møte med dei tre dronningane. Ho la fram for dei den alvorlege uroa for helsetilstanden hos eit stadig meir overvektig folk. Etter ein aldri så liten tenkepause tok ho sats: – Det er de tre, mine damer, som kan vera løysinga, om de berre vil stilla opp for ei god sak. De trengst som føregangsfigurar! Set dykk mål – i gram eller centimeter. Vi får med ein kvalifisert idrettsinstruktør, ein ernæringsekspert og ein medisinsk ansvarleg, de får kvar dykkar personlege trenar, og vi sørger sjølvsagt for høveleg medieoppfølging. Dette blir den store folkehelsekampanjen som appellerer til ungdom i alle aldrar – ingen vil vera for ung og ingen for gammal …

Folkehelseministeren var så spent på svara at ho heldt på å letta frå stolen, og nesten ikkje våga å ta ein pause. Såg dei litt skeptiske ut?

Kva dei svarte? Det veit eg ikkje, akkurat der var draumen slutt.

mafolkvo@online.no

Artikkelen er oppdatert: 27. september 2018 kl. 09.08