Klassekampen.no
Mandag 6. august 2018
Høgre får litt å bryna seg på til neste års valkamp.
Resultata som tel

Høgre-leiar Erna Solberg uttalte før ferien at det vil vera ei prioritert oppgåve å vinna igjen makta partiet tapte i dei fleste større byane ved kommune- og fylkestingsvalet sist. Ho peika på at det er nødvendig med ein ny kurs.

At Høgre vil leggja sterk vekt på å vinna tilbake tapte posisjonar er naturleg. Høgre vil alltid søkja makt. Og ser vi på innhaldet i dei store linjene i den politikken som er ført av byråd og bystyrefleirtal i dei byane der det i dag er sentrum-/venstrefleirtal, er det ikkje underleg at Høgre vil ta makta tilbake.

Politikken i dei byane er nemleg prega av mykje av det motsette av det Høgre står for. Sterk politisk styring gjennom styrking av fellestenester produsert av fellesskapet, tett samarbeid med arbeidstakarane, sterkare trafikkregulering og satsing på kollektivtrafikk og ein heilt annan iver etter å stilla vilkår ved kommunale anbod og innkjøp. Samtidig har ein sikra fellesskapet nødvendige inntekter gjennom særleg eigedomsskatten. Dette er ikkje akkurat høgre-politikk.

Slik meiningsmålingane såg ut rett før ferien, kan det vera at Høgre vil lykkast. Eg trur likevel Høgre vil møta på problem, og den viktigaste grunnen for det er at politikken som er ført gir resultat som folk flest ser seg godt tente med. For i lengda er det resultata i politikken som tel.

Ta Oslo som eit døme. Før byrådsskiftet, og etter samanhengande 18 år med borgarleg fleirtal, låg Oslo på botn mellom dei største byane når det gjaldt barnehagedekning. Eldreomsorga hadde klare manglar. Investeringane i idrettsanlegg var på eit lågmål og forureining frå trafikken skapte store helseproblem. Mykje av dette er i ferd med å bli løyst gjennom ein politikk som heng saman. Gjennom regulering der det er nødvendig, og ved at eigedomsskatten som vart innført, gir inntekter for å finansiera ekstra satsing. Mindre konkurranseutsetjing har gitt tryggare medarbeidarar som ser verdien av samarbeid. Dette skjer samtidig med at kommunen fornyar seg i møte med nye utfordringar.

Særleg Oslo har hatt og har framleis store levekårsutfordringar gjennom nedarva sosiale forskjellar og seinare gjennom høg innvandring. Skulen er ein viktig arena for å møta og redusera forskjellane. Så langt er det samla skulebudsjettet i Oslo under dagens byråd auka med nær to milliardar kroner. Budsjettet for byens 127 grunnskular er på fem milliardar kroner. Ein av desse fem milliardane, 20 prosent, blir brukt til å utjamna forskjellar. Foreldra sitt utdanningsnivå og inntekt, saman med talet på barnevernstiltak, er med på å avgjera kor store overføringar kvar enkelt skule får.

Dette gjer at dei skular som har dei største utfordringane, får ekstra ressursar for å møta behovet til elevar som treng ekstra hjelp og vegleiing. Berre i år når ein målet om 200 ekstra lærarar. I år har 67 skular gratis aktivitetsskule. Dette tiltaket har betydd enormt for dei grunnskular som har dei største læreutfordringane. På Furuset skule i Oslo øst var det i 2015 berre ein av tre førsteklassingar som gjekk på aktivitetsskule. I dag, tre år seinare, går to av tre på slik skule.

Eg vil håpa at neste års kommunevalkamp nesten berre vil dreia seg om kommunane. Om den enkelte kommune der folk bur og om kommunen si rolle for å utvikla samfunnet vårt. Kommunen er langt viktigare enn mange trur. Særleg i dei større byane med folketalsvekst og areal som mangelgode vil kommunen måtte ha ei aukande rolle for å styra utviklinga. Veldig masse av det vi som innbyggjarar, arbeidstakarar og næringsliv møter av behov og utfordringar må møtast med kollektiv fornuft.

norvald.mo@fellesforbundet.no

Artikkelen er oppdatert: 27. september 2018 kl. 09.20