Klassekampen.no
Torsdag 2. august 2018
Nordkappsnø

Nordkapp-turismen utvikla seg med auka fart på 1950-talet. 30. juni 1956 fekk Nordkapp kommune på eiga rekning fullført vegen til platået, 307 meter over havet. Nyfikna turistar på veg mot 71 Nord tok ferja dei fire timane frå Russenes til Honningsvåg og køyrde dei siste 35 kilometrane heilt ut mot stupet. Det galdt å få teke dei mest spektakulære bilete. To karar parkerte bilen så langt ut det lét seg gjera. Blenda av utsikta mot Nordpolen, kraup dei ut av bilen for å fotografera. Så fortumla var dei at dei gløymde å festa handbremsa skikkeleg, og køyretøyet enda i havet. Men dei berga både kamera og livet.

Nordnorsk Hotelldrift AS dreiv den vesle kiosken på platået, og den vart rask altfor liten. Cruiseskipa kom etter kvart fleire og større. Dei ankra opp i Hornvika som ligg inn mot nordkappfjellet. Turistane kroka seg opp stien og nokre hundre trappetrinn. Nokre måtte ha fyrstehjelp før dei braut målstreken.

Meisterarkitekten Jan Inge Hovig (1920–1977) tok på seg å teikna nye Nordkapphallen, eit rektangulært bygg kledt i stein og i seg sjølv eit reisemål. Hallen blei innvigd med pomp, prakt og hornmusikk i 1959. Med auka cruisetrafikk blei ilandstiginga flytta frå Hornvika til Skarsvåg i 1961.

Fleire og fleire turistar kom landevegen. Trykket på ungdomane som jobba i Nordkapphallen, ville i dag ha ført til inngriping av Arbeidstilsynet. Her var det ikkje mykje snakk om åttetimars dag, snarare det doble. Eitt av problema var tømminga av utedoa, utanfor bygget. No kunne talet på turistar stiga til godt over eitt tusen om dagen. Folk måtte få gjere frå seg, det er sparsamt med trær å skjula seg bak her ute.

Han som tøymde utedoa hadde litt av ein jobb. Eitt var at det kunne stå lange køar av sinte trengjande, noko anna var regn og vind frå alle kantar. Mørkeskodda kunne vera ei redning for folk som «måtte».

Ein kveld bada det nesten horisontale fjellet i midnattssol, og turistane strøymde på. Stemninga var på topp. Situasjonen var nærmast nervepirrande då fleire bussar kom lasta opp framfor Nordkapphallen. Han som no blei kalla «Renovatøren», jobba så sveitten silte. Då kom nordausten, kasta seg over platået, reiv ikkje berre opp dodører, men pressa opp og ut noko av innhaldet. Mellom anna toalettpapir som kvervla omkring mellom fortumla turistar. Eit engelsk par med dopapir i nevane, gjekk trugande mot ryddeguten:

– What the hell is this?

– Oh, it’s snowflakes up here! svarte han kjapt.

johngust@frisurf.no

Artikkelen er oppdatert: 26. september 2018 kl. 14.14