Klassekampen.no
Lørdag 28. juli 2018
Kva skal ein vel med fiendar?
Verstevenn

Dei siste vekene har ikkje vore så snille med oss feministar. Denne gongen tenker eg faktisk ikkje på dei siste tweetsa frå the Donald, den katolske kyrkja i Irland eller menn på byen som trur «Eg hadde ikkje trudd du er feminist, du er jo så glad» faktisk er ein kompliment.

Eg tenker heller på dei som liksom skal vera på laget mitt. Dei som er med i kampen, men som gjev feminismen eit ørlite omdømme­problem.

Først ut var Ane Stø i kvinnegruppa Ottar. Ho er ueinig med organisasjonen Fri som har lagt seg på ei meir prostitusjons­liberal linje. So far, so good. Men så seier Stø til Vårt Land: «Det er flere i det mannlige homomiljøet som har et liberalt syn på prostitusjon, og som ser dette som en måte å rekruttere unge menn inn i homomiljøet».

Stø modererte seg rett nok, og sa ho ikkje burde brukt ordet «rekruttere», men heller «introdusere».

Stopp og repeter: Introdusere. Unge. Menn. Inn. I. Homo­miljøet.

Og du trudde kanskje seksuell legning var medfødt?

Så humpa verda vidare fram til det som kan kallast ein samfunns­debattant slapp ei ny retorisk bombe. For det viser seg at nokon feministar har problem med transpersonar – altså folk som ofte går gjennom masse diskriminering og drit fordi dei ikkje opplever at deira biologiske kjønn samsvarer med det som er oppe i hovudet.

Ein av desse feministane er Kari Jaquesson. I eit innlegg i Dagbladet denne veka slår ho fast at «akkurat nå er trans mote» og at ho er uroa over at «forvirret og sliten ungdom er utsatt for et voldsomt trykk av pro-trans propaganda på nettet».

Kanskje lever Jaquesson i ein parallell nettrøyndom. Kanskje er Facebook-feeden hennar fylt opp av reklame for å bli trans. Det er likevel litt vanskeleg å sjå for seg kva som skal vera innsalspunkta for å få unge til å kaste seg på denne ny trans-trenden. Er det den auka hyppigheita av sjølvmords­tankar? Det generelle stigmaet som transfolk blir utsett for? Eller det at dei får æra av at Jaquesson skriv kronikkar om dei?

Det heile kjennest som å sjå nære slektningar gjera kleine ting på fest. Dei liknar på deg; dei snakkar som deg; dei er på ein måte ein del av deg. Kva kan ein då gjera? Kanskje det same som når du ser onkel med slips på hovudet alt under konfirmasjons­kaffien: du snur deg vekk og lèt som om du ikkje kjenner vedkommande.

For det gjer du kanskje faktisk heller ikkje.

Maria Lavik

marial@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 26. september 2018 kl. 08.23