Klassekampen.no
Onsdag 25. juli 2018
BELLEVUE: Før Slottet blei til.
Det er ikkje berre på Toten folk bryr seg om kva garden heiter.
Staden i hjartet

Når me stundom spør om eit stadnamn, hender det folk svarar: Nei, det namnet har ikkje noka tyding. Som naturlegvis er feil. Alle namn har tyding og innhald. Det er berre det at me ikkje alltid veit kva tydinga er.

Kikut er greitt; der fekk dei utsikt, dei kunne kika ut. Aker er òg greitt, det er åker, eller aker. Asker har med ask å gjera, eit tre våre forfedrar verdsette høgt. Det spela til og med ei sentral rolle i mytologien, i gudelæra. Og Majorstua er grei; major Michael Wilhelm Sundt bygde sin residens der på 1700-talet, den gongen fleire kilometer nord for byen.

‘Bislett’ er verre, men me veit. Den tida då byen stansa ved Grensen og Stortorget, bukta kjerrevegen Pilestredet seg nordover i retning Ullevål og Aker. Der terrenget tok til å stiga litt, opna dei eit vertshus. Det fekk omtalen ‘Bi så litt’. Ta ein pause, kvil deg, både du og hesten! Slik vart namnet Bislett til.

I dag tek så visst ikkje dei som er på staden, livet med ro; det gjeld om å springa fortast mogeleg, hoppa høgast, kasta lengst. Namnet er ikkje heilt eineståande: På Toten har dei Bilitt, i Skåne Bialitt.

Pilestredet har vore namnet sidan 1820-åra. Då planta dei piletre langs stredet (same som street, men ordet var òg norrønt, stræti). Treslaget heiter så, fordi greinene er så rette og kvistfrie at dei høver framifrå til, ja, piler. Før 1820 heitte gata Natmandsgaden. Ikkje eit pynteleg namn, akkurat, for nattmannen var han som gjekk rundt og tømde utedoane om natta. Ein pen borgar sytte for piletre og namneskifte,

Somme namn lurer oss. Makrellbekken på Oslos vestkant har ingen ting med makrell å gjera – makrellen går ikkje i bekkefar. Det er ‘mark-skill-bekken’, den bekken som markerer ei grense, eit skilje, mellom to eigedommar. Og Frogner då, og Frogn ute ved Gardermoen? Det kjem frå norrønt ‘fraud’ – møkk, gjødsel. (Det har overlevd som ‘frau’ i sognemål til mi tid.) Tydinga ‘gjødsel-land’ får nok augnebruner på Frogner til å heva seg ...

Høgdedraget der Slottet ligg, heitte fram til 1800-talet Bellevue – fransk ‘belle vue’. God utsikt, som Kikut. Det var på ein ridetur at kong Karl Johan stansa hesten, såg mot fjorden som glitra i Vika og bestemte at her skulle slottet liggja.

Slottet vart teke i bruk i 1848, Universitetet i 1851 og Stortinget i 1866. Desse bygningane var nasjonens hjarte og puls midt på 1800-talet. Og har vore det sidan. Det myrlendte området kongen reid over på veg til Bellevue, vart til paradegate, med hans namn, og framfor Universitet vart det Studenterlunden.

Mennesket er seg sjølv likt når det gjeld stadnamn. Det har alltid teke fatt i eit trekk ved staden som har vore karakteriserande – terrenget, bruksmåten, persontilknyting. Når me moderne kallar opp gater og vegar etter personar, held me i hevd ein urgamal tradisjon.

Stadnamna ligg i hjartet. Spør folk på Toten. På totusentalet hamna ‘krigen’ om gardsnamn der på Stortinget. Namn er ingen spøk.

sylfest.lomheim@gmail.com

«Mennesket er seg sjølv likt når det gjeld stadnamn»

Artikkelen er oppdatert: 26. september 2018 kl. 08.33