Klassekampen.no
Lørdag 21. juli 2018
Dressen har gjort mannen til ein verdsomspennande abstraksjon.
Herreekvipering
DRESS: Den store utjevneren.

Om morgonen går kontormennene ut or husa sine med dokumentmappe og dress, med skjortesnipp og slips og blankpussa snøreskor. Lenge gjekk dei òg med hatt, så lenge at det blei fanga opp av trafikkskiltet for fotgjengarar, som uttrykk for den normale måten å ferdast utandørs på.

Men fordi eg vaks opp på ein gard der verken mor eller far forlét heimen for å gå på jobb, var det eit fenomen frå avisteikneserien «Blondie». Enno etter at eg sjølv hadde vore utearbeidande i årevis, kunne dette morgonritualet slå meg som merkverdig og eksotisk.

Særleg minnest eg far i huset i ein fransk familie i Athen som eg budde hos nokre dagar i førre hundreår. Eg møtte dei på rutebåten utanfrå øyane, dei var på veg heim frå ferien, og han var røsleg og varm og imøtekomande. Neste morgon, då han opna gangdøra for å gå dit han brukte å gå for at kona og sonen skulle få bu i eit romsleg husvære og dei to utflytta døtrene halda fram med utdanninga utan sut, var det som om han var smelta ned og omstøypt.

Han nikka over aksla i det han lukka seg ut, eit nybarbert ansikt over ein stor dress, med ei rand av kvitt over trøyekragen og like eins under ermekanten. Alle markørane var på plass, vidden på trøya og sidden på buksa ikkje berre kamuflerte den biologiske kroppen, men fjerna alle individuelle særteikn og gjorde han om til eit abstrakt ikon.

Slik har dressane vore sidan industrialismen slo gjennom, og mennene fekk læra at dei helst skulle vera laga av støypejern. Før den tid var mannsdrakta like fargerik som kvinnedrakta, og framleis er det lett å sjå arven frå den kvite linskjorta med ulltrøye og brok. Men mens bunaden er kraftfull og sensuell, søkjer dressen mot nøytralitet. Avansert skreddarhandverk har skapt eit snitt og ein polstringskunst som gjer at små og store, tjukke og tynne kroppar ser nesten like ut. Dei pæreforma verkar breiskuldra mens kaute ynglingar blir dempa kopiar av fedrane sine.

«Herreekvipering» heiter dei forretningane der dei beste dressane er å få kjøpte. Sidan ein ekvipasje er ein hest med vogn eller hest og ryttar, ligg det nær å tru at ekvipering er avleia frå det greske ordet for hest, equus, og at det handlar om sela på mannen. I røynda er det ei fransk omforming av det nordiske verbet å «skípa», og går ut på å utstyra noko eller nokon med det som trengst. Men det kan jo i og for seg gå ut på det same. Den dresskledde mannen er gjort klar for å spennast framfor det lasset som samfunnet vil at han skal dra.

Denne kleskoden har slått gjennom over heile verda. Menn som før gjekk kledde i gullgul og purpurrad silke, tek no til takke med eit pent slips. Under slike tilhøve er det ikkje rart at det blir vanskeleg å stilla på jobben i shorts. Til gjengjeld kan menn frå heile verda møtast til politiske og økonomiske forhandlingar, og om dei ikkje alltid forstår einannan, kan dei i det minste spegla seg i ein felles illusjon om rasjonalitet.

s.skjold@online.no

Ikkje søtt, ikkje surt, ikkje bittert – men salt. Solveig Aareskjold skriv om det ho sjølv vil i Klassekampen kvar laurdag.

«Mennene fekk læra at dei helst skulle vera laga av støypejern»

Artikkelen er oppdatert: 25. september 2018 kl. 15.33