Klassekampen.no
Torsdag 19. juli 2018
Lukka religiøse arenaer som Jehovas vitner utfordrar rettstryggleiken.
Med Gud mot verda

«Alle vitner har lyst til å forkynne», fastslo talsperson for Jehovas vitner (JV) i Skandinavia, Dag-Erik Kristoffersen, i Vårt Land 6. juli. Høvet var at 20.000 vitne var venta til Oslo i samband med eit internasjonalt sommarstemne. Forkynnarlyst slått fast som eit faktum for drygt åtte millionar vitne globalt, er sjølvsagt ei bydande fråsegn. Me ser andre talsmenn for andre religionar erklæra liknande «sånn er det for alle hos oss», der bodskapen er at variasjon og endring ikkje finst eller er illegitim.

Jehovas vitner fører nøye statistikk over medlemmane, og reknar bare aktive forkynnarar med i oversikta – det er mange fleire millionar vitne om ein tar med barn og dei som ikkje er aktive i felttenesta. Aftenposten melde at det var 60.000 tilreisande til stemnet i Oslo, medan JV sin nettstad ikkje seier noko om deltakartal. JV sine stemne er gratis og opne for alle, slik også deira einaste høgtidsfeiring, Minnehøgtida, er det.

JV er ei global rørsle med ein tydeleg leiarstruktur og lik utforming overalt. Bibeltolkinga er bokstaveleg, deira bibelversjon er forfatta av Jehova, som er Guds rette namn, i følgje JV. Som vitne er ein del av eit fellesskap som lærer at endetida er svært nær. Alle, også døde, skal få høve til å takka ja til Guds rike i ein tusenårig endetidsperiode og få evig liv på ei paradisisk jord. I tillegg er det 144.000 som skal regjera saman med Jesus Kristus i ei himmelsk regjering. Motsatsen til det evige livet på ei paradisisk jord er å bli til inkje. Det blir dei som aktivt har vendt seg frå Jehova og den rette læra, dei vonde og endringsuvillige.

Sett utanfrå er dette tøffe tak – me er så nær dei siste tider, og det er så maktpåliggande at folk trur rett og ikkje lar seg forvirra og lura av Satans organisasjon, som faktisk er alle verdas regjeringar, institusjonar og religionar. Med eit slikt verdssyn, er det forståeleg at JV legg så sterk vekt på forkynninga, på å få folk til å vakna opp, slik at dei blir del av Guds rike. Det er dommedagsprega, men det er jo ikkje slik at vitne ikkje er glade, lukkelege og takksame i liva sine. Dei er det og, og dei sosiale banda og fellesskapskjensla er sterk. Som stemnedeltakar Erica Brown frå USA sa til Aftenposten 9. juli: «De tar så godt vare på oss. Jeg får tårer i øynene, det er så mye kjærlighet.»

Vitne som ikkje lenger deler JV si verdsforståing, opplever skuggesida av det sterke fellesskapet og «oss mot verda»-tenkinga. Dersom ein har latt seg døypa – noko ein skal gjera av fri vilje og fyrst som ungdom – og seinare vender seg frå JV si lære, blir ein utstøytt. Då skal ikkje familien ha kontakt med deg lenger, og det kan opplevast som «å være levende død for sin egen mor», som leiar i Hjelpekilden, Hilde Langvann, nyleg formulerte det i ein kronikk i Aftenposten. Hjelpekilden er ein frivillig organisasjon som gjev hjelp og støtte til menneske i problematiske religiøse brotprosessar.

Og nettopp barns rettar, og sårbare gruppers rettar i lukka og strenge trussamfunn, er eit stort og utfordrande problem. Rettsproblematikk gjeld ikkje bare i strengt segregerte religionar og grupperingar, barns rettar er ei utfordring i høve til mykje av det som skjer på dei religiøse arenaene, til dømes i samband med kroppsleg integritet, jamfør omskjering av gutar. Men når ein som trussamfunn også held seg med eigne «rettsinstansar», er det ytterlegare fare på ferde for individa. Stavanger Aftenblad har i sommar sett kritisk søkelys på oppvekst i og brot med lukka trussamfunn. Avisa har, som Fædrelandsvennen, også løfta fram saker som viser at JV held seg med eigne domsutval som skal løysa grove valds- og overgrepssaker «internt». Bare menn kan sitta i slike utval, ofte blir ikkje offera trudd, og valden får ingen konsekvensar. Når me veit at det offentlege rettssystemet vårt allereie har store problem med å ta menns vald mot kvinner og barn på alvor, utgjer slike eigne, patriarkalske instansar ytterlegare brot mot rettstryggleiken.

Trusfridommen skal stå sterkt i eit moderne demokrati. Men konsekvensen av denne fridommen må alltid vera under debatt, og må ikkje få forrang framfor grunnleggande menneskerettar. Aftenbladet si oppfordring om at norske styresmakter må nedkjempa slike parallelle rettsordningar med alle tilgjengelege midlar, er derfor viktig og må bli tatt til følgje.

anne.kalvig@uis.no

Lars Gule, Eivor Oftestad, Mina Bai, Anne Kalvig og Helene Næss skriv om religion i Klassekampen kvar torsdag.

Artikkelen er oppdatert: 25. september 2018 kl. 15.38