Torsdag 19. juli 2018
CRUISESKYA: I den låge morgonsola er eksos og damp frå dei fem cruiseskipa som låg til kai i Bergen godt synleg. Bergensarane vil fjerne eksosen, men får ikkje pengar til naudsynte landstraum- anlegg. FOTO: HELGE M. JOHANNESEN
Får ikkje stoppe ureininga
HELSESKADELEG: Målingar syner nivå på nox-konsentrasjonar i Flåm (bilete) og Geiranger som er helseskadelege. FOTO: GUNNAR WIEDERSTRØM
Harald Schjelderup
VERSTING: Cruisetrafikken er miljø­svinet alle vil til livs. Men ikkje eitt av dei 100 cruiseskipa som er under planlegging verda over, siktar mot null­utslepp.

Reiseliv

Fem cruiseskip låg til kai i Bergen denne juli-morgonen i tillegg til lasteskipa og supply­båtane. Eksosen frå skorsteinane la seg som eit blågrått teppe over byen, lett synleg i den låge morgonsola. Ute fylte lukta av brent diesel lufta.

Eit cruiseskip som brenn 40 tonn med drivstoff om dagen slepp ut like mykje CO2 som 13.000 dieselbilar som køyrer om lag 40 kilometer kvar dag.

Denne ureininga kjem til å halde fram. Avdelingsdirektør i Sjøfartsdirektoratet Bjørn Egil Pedersen fortel til Klassekampen at dei har undersøkt planane for dei 100 cruiseskipa som er tinga for levering dei komande åra. Ingen av desse er nullutsleppsskip.

Det finst ikkje teknologiske løysingar som gjer at cruiseskipa kan gå på batteri.

Bergensarane er rasande. Dei vil ha landstraum til cruise­skipa, slik at skipa ikkje brenn diesel for å produsere straum medan dei ligg til kai. Enova vil ikkje gje pengar til landstraum. Venstre lova ei løysing i valkampen i fjor, men no ber miljøvernminister Ola Elvestuen (V) bergensarane vise tolmod.

Fakta

Cruisetrafikk:

• Noreg vert vitja av om lag 700.000 cruisepassasjerar kvart år. 60 prosent av cruiseskipa vitjar fjordane på Vestlandet.

• Skipa er kjelde til omfattande ureining av klimagassar, nox, svovel, svevestøv, kloakk og gråvatn.

• Moderne cruiseskip ureinar mindre enn dei eldre skipa, men så lenge desse vert drivne med tungolje eller marin diesel, får ein ikkje bukt med utsleppa av klimagassar.

• Sjøfartsdirektoratet har på høyring eit nytt regelverk for cruisetrafikken. Dette vil saman med nytt internasjonalt regelverk for all skipstrafikk føre til ein monaleg reduksjon i ureininga frå cruisetrafikken fram mot 2026.

Nei frå Enova

– Vi søkte om midlar frå Enova også i fjor, men fekk nei. Regelverket måtte endrast. Difor var vonbrotet stort då det vart nei for andre gong, seier byrådsleiar Harald Schjelderup (Ap).

– Vi gjer det vi kan for å få ned luftureininga. Vi har innført rushtidsavgift og miljødifferensierte bompengar. Hamnevesenet endrar på hamneavgiftene for å stimulere til bruk av meir miljøvenlege skip. Då må staten vere med på laget og gje dei tilskota vi treng til landstraum, seier han.

Bergens Tidende har rekna på kor store utsleppa er frå 300 cruiseskip. Avisa legg til grunn at skipa ligg ved kai i 3706 timar eller 154 døgn. I løpet av denne tida slepp dei ut:

• 21.819 tonn CO2. Klimagassane reduserer varmestrålinga frå jorda og fører til oppvarming av jorda.

• Fem tonn svevestøv (PM10). Dette er små partiklar som i tillegg til nedsoting også skader luftvegane.

• 344 tonn nitrogenoksyder (nox). Høge konsentrasjonar av desse gassane gjev luftvegslidingar og allergi i tillegg til at dei forsurar luft jord og vatn.

• 69 tonn svoveldioksid (SO2). Dette fører til forsuring av miljøet og lokale helse­problem.

Dyr straum

Det er råd å redusere utsleppa frå skipa. Ein katalysator kan redusere utsleppa av nox med 80 prosent. Om skipa brukar flytande naturgass i staden for olje, kan utsleppa av nox reduserast med 90 prosent og svovel med 100 prosent. Landstraum kan redusere utsleppa med 100 prosent medan skipa ligg til kai. Det gjeld også CO2.

Landstraum er dyrt. Eit anlegg kan koste over 100 millionar kroner. Årsaka er at dei store cruise­skipa krev like mykje energi som ein by med mellom 5000 og 10.000 innbyggjarar. Då må landstraumen levere høg effekt.

Dei fleste cruiseskip kan ikkje ta imot landstraum. Så lenge desse skipa ikkje vert nekta anløp, er effekten av landstraum avgrensa på kort sikt.

Sommarlukt av diesel

Bergen er størst på cruise­trafikk i Noreg. Byen er eit attraktivt reisemål i seg sjølv, men er også inngangsporten til fjordane. Då Bergens Tidende vitja Flåm tidlegare i juli, låg italienske Costa Favolosa til kai. Røyksøyla frå det 300 meter lange skipet var godt synleg.

Det er nitrogenoksid (nox) i lag med sot/røykpartiklar og vassdamp som fører til danning av røykskyer i fjordane. Sjøfartsdirektoratet skriv ei ein rapport om cruisetrafikken frå 2014: «Kombinasjonen av eldre skipsmaskineri, utslipp, antall skip og meteorologiske forhold medfører i perioder mye røykdannelse.»

Det siste kan gardbrukar og miljøpolitikar Anders Fretheim i Flåm skrive under på.

– Før om åra var sommaren lukta av nyslege gras. No er det lukta av brent diesel. Det seier seg sjølv at dette er til stor plage, særleg for oss som bur nære sjøen.

Flåm vert vitja av drygt 200 cruiseskip, Geiranger noko i underkant av 200 skip. Dei tronge fjordane fører til ei opphoping av luftforureininga. Desse konsentrasjonane kan vere helseskadelege. Sjøfartsdirektoratet skriv: «… nivået av nitrogenoksider (nox) i Geiranger og Flåm (overskrid) til tider verdier som kan ha en negativ helsemessig påvirkning.»

Alle er samde om at det er naudsynt å gjere cruisetrafikken meir miljøvenleg. Dei ti største cruisehamnene i Sør-Noreg innfører frå 1. januar neste år nye hamneavgifter der dei skipa som ureinar minst, betaler mindre enn dei mest ureinande skipa.

Krev lovendring

Bergen ville gå eit steg lengre og setje tak på kor mange cruiseskip som fekk kome til byen kvar dag. Dette vart stogga etter klage til Kyst­direktoratet. Det var ikkje heimel i hamnelova til å setje eit slik tak.

– Lova må endrast. Det er på høg tid at lokale styresmakter får høve til å setje tak både ut frå omsynet til luftforureining og for å avgrense talet på turistar, seier byrådsleiar Schjelderup.

Sjøfartsverket kom med framlegg til nytt regelverk for cruisetrafikk i verdsarvfjordane som no er ute på høyring. Her kjem det forbod mot bruk av tungolje for trafikk inn i fjordane frå 1. januar 2019.

– Skipa må nytte marin diesel slik dei i dag må gjere når dei ligg ved land. Det er lov å nytte tungolje dersom skipa har lukka eksosvaskesystem eller anna lukka reinsing, seier avdelingsdirektør Bjørn Egil Pedersen.

Ikkje null-utslepp

– Vi gjer framlegg om å skjerpe krava til utslepp av nox. Frå 2020 gjeld krav til reinsing av 10 prosent av nox-utsleppa, frå 2022 30 prosent, og frå 2025 skal 80 prosent reinsast, seier Pedersen.

Nye internasjonale krav til svovelinnhald i tungolja gjer det også mogleg med store reduksjonar i svovelutsleppa.

– Kva med CO2?

– Vi har ikkje naudsynt teknologi per i dag til å stille strenge krav til CO2-utsleppa.

– Stortinget vedtok i mai at verdsarvfjordane skal vere nullutsleppsfjordar frå 2026. Må ikkje regelverket fange opp dette?

– Per i dag er det berre dei batteridrivne ferjene og katamaranen Future of the Fjords som er utan utslepp. Nullutslepp frå 2026 tyder at desse fjordane vert stengde for cruise­skip, seier Pedersen.

– Er det rett at to vestlandskommunar som treng inntektene frå cruisetrafikken skal ta belastninga med eit slikt forbod? spør Pedersen.

Direktoratet kjem ikkje til å endre framlegget til regelverk for cruisetrafikken og har fått støtte til det frå Samferdsledepartementet.

Regelverket set òg forbod mot utslepp av kloakk og gråvatn i fjordane, og direktoratet gjer framlegg om fartsgrense for dei største cruiseskipa til mellom ti og tolv knop.

– Vi kan redusere utsleppa av nox og CO2 monaleg gjennom slik avgrensingar, men vi har ikkje naudsynt heimel til å setje fartsgrense. Det må departementet ta vidare, seier Pedersen.

Stein Malkenes sitt på fylkestinget i Sogn og Fjordane for Miljøpartiet Dei Grøne. Han driv også miljørådgjeving til reiselivsverksemder. Han er nøgd med at det no kjem eit regelverk som fører til at cruisetrafikken tek større miljøomsyn. Han vil gå endå lenger.

– Skal vi nå målet om nullutslepp, må vi stenge fjordane for cruiseskipa. Mindre batteri­drivne båtar fraktar passasjerane frå cruiseskipa.

Miljøstiftinga Bellona krev ei storstilt utbygging av landstraumanlegg fram mot 2026. Organisasjonen meiner det krev nær to milliardar kroner i investeringar til anlegga og utbetringar av straumnettet.

– For å kunne nå måla om utsleppsfrie verdsarvfjordar innan 2026, må det løyvast det som trengst slik at arbeidet kan starte med ein gong. Det er ingen veg utanom når skipsfarten skal redusere klimagassutsleppa og luftkvaliteten skal betrast, seier spesialr­ådgjevar Jan Kjetil Paulsen.

gunnarw@klassekampen.no

Lørdag 15. desember 2018
ÅTVARAR: Mette Nord seier ho ikkje veit kor LO landar i EØS-spørsmålet i 2021, og vil sjølv ikkje garantera for avtalen.
Fredag 14. desember 2018
LOV: Nav-kontorene mener innføringen av lovpålagt aktivitetsplikt hjelper ungdommen, men andelen unge på sosialhjelp er like høy som før loven kom.
Torsdag 13. desember 2018
NYTT: I 2017 døde flere rusbrukere av heroin-medisinen metadon, enn heroin, viser nye tall fra Folkehelseinstituttet.
Onsdag 12. desember 2018
VOLDTEKT: Høyres justispolitiske talsperson Peter Frølich mener minstestraffen for voldtekt er for høy. Han vil løfte diskusjonen inn i regjeringsforhandlingene med KrF, Frp og Venstre.
Tirsdag 11. desember 2018
FORSLAG: Venstrevridde eksperter vil lage et nytt europeisk parlament og la institusjonen rå over et kjempebudsjett på 4 prosent av Europas BNP.
Mandag 10. desember 2018
BARNEFRI: Fødselsraten i 2017 var den laveste som er målt. I 2018 ligger vi an til sette ny bunnrekord.
Lørdag 8. desember 2018
PRESSEFRIHET: Norge vil avgi en flere punkts stemmeforklaring til FNs migrasjonsavtale mandag. Ett av punktene skal tydeliggjøre pressens uavhengighet.
Fredag 7. desember 2018
VERPESJUKE: Regjeringen har satt ned en egen arbeids­gruppe for å få norske kvinner til å føde flere barn. MDG mener befolkningsvekst bør komme gjennom innvandring.
Torsdag 6. desember 2018
PROFIL: Unge Venstre-leiar ­Sondre Hansmark seier Abid Raja er blant dei einaste som profilerer Venstre sin eigen politikk.
Onsdag 5. desember 2018
UHOLDBART: Elin Ørjasæter slakter Trine Skei Grandes lederstil etter at partilederen anklaget partifelle for å være illojal.