Onsdag 18. juli 2018
KAPITAL: Mjølkekua er den langsiktige kapitalen for mjølkebøndene og meieribransjen, og det tek tid å ale henne opp, som her ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet på Ås. FOTO: TOM HENNING BRATLIE
• Tine vil ha krisemøte om tørka • Åtvarar mot forhasta slakt av storfe
Fryktar mjølkemangel
Eli Reistad
VERRE: Meieri­giganten Tine fryktar mjølkemangel dersom mykje storfe blir slakta på grunn av fôrmangel. Tine vil ha krisemøte med bøndene og regjeringa.

landbruk

Tørkekrisa endrar prognosar for norsk mjølkeproduksjon. Samvirkekonsernet Tine skriv i eit brev til Landbruksdepartementet, Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag:

«I mange deler av landet kan situasjonen fortsatt avhjelpes dersom det kommer regn de nærmeste dagene, men værprognoser indikerer ikke vesentlige nedbørsmengde. Det er en økende fare for underskudd av melk utover høsten og vinteren. Vi merker også økende uro i markedet med spørsmål fra våre kunder om leverings­evne.»

Fakta

Tørkekrisa:

• Mange bønder sender storfe til slakt på grunn av mangel på fôr etter tørkesommaren.

• Meierisamvirket Tine meiner det er fare for underskott på mjølk utover hausten og vinteren og ber Landbruksdepartementet og bondeorganisasjonane om møte om tiltak for å stimulere produksjonen.

• Det er ingen varsel om endring av veret i områda som er hardast råka av tørke.

Vil stimulere

Tine ber om eit møte tidleg i august med departementet og organisasjonane for å drøfte tiltak som kan stimulere mjølkeproduksjonen.

– Tine har enno ikkje avgjort kva slags råd vi skal gje departementet, som avgjer slike spørsmål. Brevet er meint som eit varsel om ein situasjon som kan bli alvorleg, seier organisasjonssjef Eli Reistad i Tine til Klassekampen.

Ho forklarer at alle mjølkebønder produserer etter tildelte kvoter og at det kjem ei overproduksjonsavgift dersom dei produserer over kvota.

– Ved å endre grunnlaget for avgifta, kan det føre til noko auka produksjon utan at mjølkebonden blir straffa økonomisk. Avgifta skal motverke overproduksjon, men no har vi ein annan situasjon, seier ho.

Det bondeeigde Tine, som mellom anna har ansvaret for regulering av den norske mjølkemarknaden, er blant dei som har åtvara mot forhasta slakt av storfe på grunn av fôrmangel.

– Det er drastisk å slakte mjølkeproduserande dyr, fordi det tek fleire år å ale opp ei mjølkeku. Derfor får det også langsiktige konsekvensar å slakte ungdyr som er påsett til å bli mjølkekyr. Vi oppfordrar til å forsøke alle utvegar med alternativt fôr før ein går til nedslakting, seier Reistad.

Ny «smørkrise»?

Ho seier at forbrukarane ikkje treng frykte mangel på mjølk å drikke, men at det for tidleg å spå kva konsekvensane kan bli for andre mjølkeprodukt.

Før jul i 2011 hadde Norge ei såkalla smørkrise, med mangel på meierismør då Tine hadde for lite mjølk. Dagleg leiar Christian Anton Smedshaug i Agri Analyse har sagt at råvaremangel kan gje langt meir dramatiske utslag no.

– Heile Nord-Europa er råka, slik at det kan bli vanskeleg å få tak i fersk mjølk og mjølkeprodukt som vi er avhengige av, sa Smedshaug nyss til P4.

Han trur det blir hard prioritering av mjølkeprodukt, med mangel på yoghurt og smør, og mindre utval av ost.

Panikkstemning

Tines åtvaring mot slakt får støtte frå mjølke- og kjøttbonden Ottar Flatland i Flatdal i Seljord, som er uroleg for at alle kriseoppslaga om tørka kan få ein sjølvforsterkande effekt og utløyse panikktiltak.

– Nedslakting av storfe gjev tap som er meir langsiktige enn problema med å skaffe fôr denne sommaren. Det gjeld å tenkje nytt og lytte til råda som samvirket og landbruksrådgjevinga kjem med, seier han.

Telemarksbonden fortel at det er meir optimistisk stemning i Flatdal enn andre stader på Austlandet, fordi bøndene har gått saman om vatningsanlegg som bergar avlingane av både gras og korn.

– Denne sommaren er det for seint for dei som ikkje har vatning, men det gjeld å tenkje framover og førebu seg på fleire slike somrar. Bøndene i Flatdal gjekk saman om felles vatningsanlegg for meir enn 20 år sidan, og det gjev betre avlingar også i normale år. Felles­skap fungerer, seier han.

alfs@klassekampen

Tirsdag 25. juni 2019
OVER: Sykehusstreiken ble avsluttet med tvang. Som vanlig. 18 av 22 helsestreiker de siste 30 årene har endt i tvungen lønnsnemnd. Streikeretten øde­legges, mener streikeleder.
Mandag 24. juni 2019
KRITISK: Legen Gunnar Fæhn har tidligere uttrykt sterk motstand mot innvandring. Det var han som godkjente transporten av Atefa Rezaie. Familiens advokat vil klage til Rådet for legeetikk.
Lørdag 22. juni 2019
SVARTEPER: Avinor kjemper med nebb og klør for å unngå å sitte igjen med regningen for Forsvarets nye luftforsvarsbase på Evenes.
Fredag 21. juni 2019
SVINERI: Avsløringene av dyremis­handling ved norske grisefarmer gir en unik sjanse til å mobilisere for en ny kurs, mener Svenn Arne Lie. – I stedet kaster bondelederne bøndene under bussen, sier han.
Torsdag 20. juni 2019
MÅLING: 7 av 10 på Stovner er svært negative til den nye bomringen i Oslo. Innvandrerbutikkene i sentrum frykter å miste kunder.
Onsdag 19. juni 2019
HISTORISK: Arbeiderpartiet ligger an til å gjøre historiens dårligste lokalvalg. Deler av partiet åpner nå for en lederdiskusjon.
Tirsdag 18. juni 2019
NEI: Venstre og KrF sier ja til Rita Otterviks (Ap) invitasjon til reforhandling av asylforliket, men Ap sentralt ønsker ingen endring.
Mandag 17. juni 2019
I FELLA: Arifi M. Ali studerte og jobbet for å slippe å gå på Nav. Nå tvinger høy kommunal husleie henne til å søke sosialhjelp.
Lørdag 15. juni 2019
GIR LITE I KASSA: Samferdselsministeren vil kutte bompenger ved å stanse arkitekttegnede T-banestasjoner og blomsterkasser i Oslo. Besparelsen kan gi 2,56 meter ny E 18.
Fredag 14. juni 2019
SÅRBART: Ei reservevasskjelde for hovudstaden har blitt utgreidd sidan 1965. No vil Oslo-politikarane utgreia meir. Vass­direktøren åtvarar.