Klassekampen.no
Tirsdag 17. juli 2018
I dag vågar ulven seg inn i gardstun og bustadfelt. Kvifor gjer han det, når han er så redd menneska?
Den store ulvemyten

KRONIKK

«Ulven er redd for mennesker. … I vår kultur har folketro, eventyr og sagn bygget opp under et feilaktig bilde av ulven som farlig dyr for mennesket, men dette er ikke riktig.» Slik skriv WWF-Norge (Verdens naturfond) på sine heimesider. Andre miljøorganisasjonar hevdar det same, at ulvens redsle for menneske er instinktiv eller naturleg.

Eg er ikkje usamd i at ulv vanlegvis er redd menneske, men er denne redsla medfødd eller erfaringsbasert?

La oss tenkje oss attende til tidleg steinalder. Då isen smelta og beiteplanter tok til å vekse, var reinen truleg først av større dyr. Etter reinen kom dei store rovdyra bjørn, ulv og menneske.

Me tenkjer oss at ein reinsflokk omkom i snøras, slik det iblant skjer. Ramn og annan rovfugl varsla om kadavera, og dei tre rovdyra nådde fram samtidig. For meg verkar det sannsynleg at bjørnen fekk matfatet først, for han var størst og både sterk og kjapp.

Viss menneskeflokken ikkje hadde piler eller spyd med flintspiss, fekk truleg ulveflokken tilgang deretter. Dei trege og klønete menneska, som korkje hadde sterke kjevar eller klør for å partere kjøt, måtte vente til dei andre hadde forsynt seg.

Oppdagingsreisande til mennesketomme øyar har fortalt at store landdyr, sjødyr og storfugl møtte dei med undring meir enn med redsle. Fordi dei store dyra ikkje var redde, hadde menneska den første tida overflod av mat, huder og skinn. Først etter bitre erfaringar skjønte dyra at dei måtte halde seg langt unna desse toføtte som evna å ta liv på avstand.

I rapporten «Frykten for ulven» (Norsk institutt for naturforsking, 2002) finst opplysningar om predasjonsåtak frå ikkje-rabid ulv i ein del land frå tidleg 1700-tal og frametter. Av dei angripne der både kjønn og alder er oppgitt, var 91 prosent under 18 år, medan ni prosent var vaksne kvinner. Ulven heldt seg altså konsekvent unna vaksne menn.

For rabid ulv var mønsteret eit heilt anna, 47 prosent av dei angripne var menn. Me må difor tru at ikkje-rabid ulv frykta karar, i mindre grad kvinner og i liten grad barn. Det var neppe menns storleik åleine som gjorde at han heldt seg unna, ulv tek mykje elg; det var menns evne til å drepe dyr på avstand.

Materialet viser også at mange menneske vart drepne av ulv på 1700- og 1800-talet, og seinare få. Frå Frankrike, med dei mest pålitelege tala, er det sannsynleggjort at 577 menneske vart drepne av ikkje-rabid ulv på 1700-talet, 104 på 1800-talet og to på 1900-talet.

Det å bruke barn som gjetarar heldt fram, ferdsla i skog og fjell like eins. Det tyder på at det var åtferda til ulven som endra seg.

Fram til 1800-talet var spyd og piler dei mest langtrekkjande våpena folk flest hadde. Dei tidlege geværa var dyre, tidkrevjande å la og vanskelege å bruke mot raske flokkdyr. På 1800-talet kom meir effektive gevær med føreåtladde patroner, og dei kom i vanleg eige. Denne tida kom også skotpremiar på ulv. Rundt 1850 vart omfattande ulvejakt organisert i Norge.

Etter ulvemassakren i Finland i 1879–81, der ulv drap minst 22 og kanskje så mange som 35 barn, vart finske soldatar og baltiske og russiske jegerar henta til ulvejakt. Liknande jakt fann stad i Sverige.

Det eine som skjedde då, var at ulvebestanden i Norden krympa. Det andre var at dei attverande ulvane vart langt meir redde menneske. Dei fann det tryggast å trekkje seg unna så snart dei såg eller lukta menneske, og dei vidareførte erfaringane til eigne kvelpar og til ulv som ikkje hadde eigne, vonde opplevingar med menneske.

Men hos ulv, som hos oss andre, blir kunnskapar borte om dei ikkje blir haldne ved like. Når ulven ikkje lenger opplever at menneska er eit trugsmål, svekkjast redsla.

Eit døme er husdyrs redsle for bilar. Då dei første automobilane kom, vart husdyr livredde. Folk trudde at beitejord nær bilveg ville bli ubrukeleg og at køyring med hest på veg vart uråd om vegane måtte delast med bilar. Litterært er dette behandla i Olav Aukrusts dikt Bilbeistet.

I dag lear dei fleste dyr knapt på eit augnelok om ein bil passerer. Redsla for bilar er avlært.

Me bør altså sjå som sannsynleg at ulvens redsle for menneske oppstod då dyra erfarte at menneska kunne drepe på avstand. I tidlegare hundreår var redsla først og fremst knytt til store, vaksne menn. Då tenlege jaktgevær kom, lærde ulven seg å unngå alle eksemplar av arten.

Av dette følgjer at etter at ulven vart freda i nordiske land først på 1970-talet og ulvejakta nærast tok slutt, har redsla vorte svekka for kvar ny ulvegenerasjon.

Når ulv no vågar seg inn i gardstun og bustadfelt, er det fordi dagens ulv er i ferd med å få omtrent same forholdet til menneske som ulv hadde før geværa kom i allmenn bruk.

Når me skal vurdere om ulv er farleg for menneske, kan me difor ikkje gå ut frå at dyra i framtida har i seg den redsla for menneske som ikkje-rabid ulv har hatt det siste hundreåret. Me må i staden gå ut frå at framtidsulv vil reagere som ulv gjorde i tidlegare hundreår.

Ikkje minst bør me søkje innsikt om ulvs åtferd i tradisjon og folketru like mykje som hos WWF og dagens ulveforskarar.

boksmia@online.no

Artikkelen er oppdatert: 25. september 2018 kl. 15.45