Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Uår

  • Medan feriefolk flest nyt den varmaste sommaren i manns minne over store delar av landet, opplever bøndene i Midt-Norge og i aust og sør den verste tørkesommaren sidan 1947. Det betyr at dei færraste i næringa har opplevd noko liknande. Tørka er så katastrofal at det er uråd å setje seg inn i for dei som fyller badestrender og uterestaurantar, og bøndene lir under meir enn avlings- og inntektssvikt. Maktesløysa ved å gå veke etter veke og sjå korleis arbeidet og naturgrunnlaget blir mindre og mindre verdt, er ei kolossal mental påkjenning. Fortvilinga er størst for dei som alt no ser korleis dei vil mangle fôr til husdyra og som må melde inn dyr til slakt fleire år før tida.