Klassekampen.no
Onsdag 11. juli 2018
‘Har’ tida gått eller ‘er’ ho gått?
Verbtider som går

Kva står G7 for, som blir til G6 viss Russland må gå på gangen? Sidan slutten av 1900-talet har dei sju største industrilanda i verda møtst, ut frå felles interesse. (Trump laga, som kjent, bølgjer i år.)

G står for gruppe, engelsk ‘group’. Utgangspunktet var visstnok fransk diplomatspråk, Groupe 7. G7 gleid dermed glatt (‘sømløst’?) over i engelsk. Og til oss, sidan gruppe er norsk.

Nynorskordboka (2006) opplyser at ordet kjem frå fransk groupe og italiensk gruppo. Det er rett, men franske oppslagsverk opplyser at det franske og italienske ordet opphavleg er germansk. Rotordet er truleg i slekt med vårt velkjende kropp (norrønt kroppr) som langt attende skal ha hatt tydinga ‘utvekst’ eller ‘klase’. Det gir meining.

Så om me i nord ikkje deltek i gigant-gruppa, har me iallfall hatt ein finger med når det gjeld namnet. Tru ikkje at ord-impulsar berre har gått frå sør til nord i Europa. Det er så visst fleire døme på vandring frå nord til sør. Ta berre dei franske adjektiva bleu, blanc, gris (blå, ‘blank’/kvit, grå). Dei kjem frå oss, i Nord-Europa. Me var ikkje fargelause i farne tider!

Nok om sjåvinisme. Eit fransk ord, laga rundt 1830, frå Chauvin, etter namnet på ein nasjonal-entusiastisk militær ... No over til ekte kvardagsnorsk: Ein lesar skriv til meg om korleis det er med bruken av har blitt versus er blitt. Er ‘har’ blitt feil? Visse riksmålstilhengjarar kan kanskje meina det.

Her er to ting å svara: For det første – begge delar er absolutt rett. Men me skal vera klar over at det ligg ein nyanseskilnad her. For det andre er det, om nokon skulle lura, ingen skilnad i bruken på bokmål og nynorsk. Når det gjeld den omtalte nyansen, må me leggja til grunn, som juristane seier, at denne vekslinga har sitt utgangspunkt i det grammatikken kallar overgangsverb, slike verb som uttrykkjer overgang frå ein tilstand til ein annan. Verbet å bli (gå frå noko til noko anna) er i så måte sjølve prototypen på ein overgang.

Skilnaden på ho er blitt biskop og ho har blitt biskop er at sistnemnde setning fokuserer på handlinga, det som har skjedd, medan den første fokuserer på tilstanden, resultatet.

Difor synst nok dei aller fleste med språksansen i orden at dei anar skilnaden mellom han har gått og han er gått, ho har reist sin veg og ho er reist sin veg, dei har flytta og dei er flytta. Så norsk er nyanserikt; det manglar ikkje.

Dette må ikkje blandast saman med det faktum at me kan skriva både boka er lesen og livet er levd. Her er det ‘blitt’ som er utelate. Den fulle forma er ‘er blitt lesen’ og ‘er blitt levd’ – altså heilt ordinære passivkonstruksjonar. Verken lesa eller leva er verb som uttrykkjer overgang.

Sommar er sesong for fryste godsaker. Tradisjonelt er frysa eit sterkt verb. Personar og bær kan ha frose i skogen. Men rundt 1950 introduserte Findus frysa som transitivt verb (tek objekt) om kunstig frysing. Difor kan blåbær i dag vera frosne, og dei kan vera fryste. Ein krone-is er normalt berre fryst.

sylfest.lomheim@gmail.com

Sylfest Lomheim skriv om språk i Klassekampen kvar onsdag.

«Verbet ‘å bli’ er sjølve prototypen på ein overgang»

Artikkelen er oppdatert: 25. september 2018 kl. 14.37