Klassekampen.no
Onsdag 4. juli 2018
Frå pseudoarbeid til pasientskya.
Ordrapport
MØKKASPREIING: Kan òg vera konstruktiv.

Det er aldri kjedeleg med ein halvårsrapport om aktuell ordbruk. Forresten er det her valfritt med halv- eller halvt-, berre så dét er kvittert ut.

Danskane Nørmark og Jensen har laga eit nyord som høver i ferietida – pseudoarbeid. Liksom-arbeid! Me gjer alle stundom noko som ikkje tener nokon; ikkje oss sjølve, ikkje samfunnet.

Så har me fått var-døger under VM i fotball. Vår norske i Danmark, Åge Hareide, likar det ikkje. Men var står for video assistant referee, assisterande videodommar. Kva så med den heimlege kommentator-arenaen Kontraskjæret? Dét har dei ikkje forklart så langt, meiner eg. Namnet er fransk og tilhøyrer den gamle militærterminologien som gjaldt Akershus festning. Det har ingenting med skjær å gjera, men er Contre-scarpe, mot-skansen. Skarpsno lenger vest trudde eg ein gong var ein stad for skarp sno (trekk) om vinteren. Så feil kan ein språkstudent ta. Det kjem av Escarpe du Nord, nord-skansen.

Lok og å loka melde ei Oslo-avis om nyleg. Utan forklaring. Eg hadde ikkje peiling og måtte pent spørja ein lærar i ungdomsskulen. Hos dei unge betyr det ‘driva dank; slengja rundt.’ Men opphavet? Ingen visste. Er det engelsk ‘look (around’? Eg bed om hjelp ...

Siste halvåret har folk høyrt om daddelvedtak etter prosjektskandalen med stortingsgarasjen. I Jeriko i Palestina har dei gode inntekter frå dadlane, takk vere daddelpalmar. Ordet kjem frå gresk daktylos og tyder ‘finger’, etter forma på frukta. Stortingsvedtaket har ingenting med Jeriko-dadlane å gjera. Det er tysk tadelen, norsk dadla, å kritisera. Kritikk-vedtak, altså. Kunne ikkje folkets forsamling brukt eit ord folk forstår?

Elles er pasientsky og lineær tv to fantastiske ord for meg, i den forstand at eg knapt fattar dei. Pasientsky er visstnok velkjent i det offentlege; fastlegane sit under pasientskya, for der oppe er pasientinformasjon lagra. Lineær tv er å sjå fjernsyn slik me alltid har gjort. Me slår på. Men i dag kan ein også sjå Dagsrevyen nett når det passar. Verda går framover.

I juni uttalte ei profilert dame til Aftenposten: Jeg skiller bare mellom konstruktiv kritikk og gjødsel. For urbane lesarar hadde utsegna sikkert bra meining, men det slo meg, tilslørd bondegut som eg er, at gjødsel faktisk er konstruktivt, det gir næring og sørgjer for vekst.

På Austlandet står opphøyd gangfelt på vegskilt. ‘Opphøyet’? På Vestlandet står det heva gangfelt. Ein periode stod det rett nok ‘oppheva gangfelt’, men så skjøna dei i vest at i så fall var der ikkje gangfelt. Vegdirektoratet har ein skiltjobb (ikkje skitjobb) å gjera. Som forresten fører meg til eit ferskt døme på at stavekontrollen er verdilaus for dei fleste praktiske føremål: Aftenposten sende i juni spørsmål til Arbeidarpartiet om tidspunktet for den halvårlege pressekonferansen. Men fekk ikkje svar. Dei hadde nemleg skrive ‘den halvdårlige pressekonferansen’.

Det er ikkje pseudoarbeid å lesa Klassekampen. Du tenar, samfunnet tenar. Men stolar du på stavekontrollen; då har du dårleg kontroll.

sylfest.lomheim@gmail.com

Sylfest Lomheim skriv om språk i Klassekampen kvar onsdag.

«Lineær tv er å sjå fjernsyn slik me alltid har gjort»

Artikkelen er oppdatert: 25. september 2018 kl. 11.59