Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kor finn ein konfirmasjonskort som bryt med gamle kjønnsrollemønster?

Kort nok sagt

HØGARE MÅL: Ei sjanger for konfirmasjonskort til gutar som har stått seg sidan 1914. FOTO: UKJENT, NASJONALBIBLIOTEKET

Inngangen tilvaksenlivet her i landet er todelt. Vi begynner med å klaske ungane i hovudet med ansvar, etisk refleksjon, og moral i 14–15-årsalderen, same om dei konfirmerer seg kyrkjeleg eller humanistisk. Fire-fem år seinare blir dei russ, og da skjøner dei at vi eigentleg ikkje meinte at dei skulle ta dette så tungt likevel. Inngangen til den idealiserte versjonen av vaksenlivet blir avløyst av den omfattande versjonen med sex og fyll. Men på same måte som den humanistiske konfirmasjonen er ein direkte omsett sekulær versjon av den kyrkjelege, er russetida heller ikkje så laussloppe som ho kan sjå ut ved første augnekast. Her som elles i den kristne og postkristne verda kjem karnevalet føre fasta. Ungdomane skal få feste til gagns, men dei skal også ta eksamen etterpå. Truleg hadde landet lege i ruinar dersom dei fekk feste etter eksamen. Dei skal altså lære seg å feste og samtidig å fungere arbeidsmessig. God luthersk moral, med andre ord.

Feministane Bodil Stenseth, Wencke Mühleisen, Asta Beate Håland, Stephen Walton, Kristina Leganger Iversen og Sumaya Jirde Ali skriv i Klassekampen måndagar.