Klassekampen.no
Lørdag 30. juni 2018
Kaj Skagens fedreland har berre plass til eitt kjønn.
Erfaringsvegring
FLINK SKULEGUT? Kaj Skagen.

«Norge, vårt Norge» av Kaj Skagen er ei bok som ved å nytta fleirtalsforma av eigedomspronomenet gjev seg ut for å seia noko allmenngyldig om norsk kultur og identitet.

For meg, som til liks med Skagen er fødd i 1949, er det gildt å møta att gamle skulepensumfigurar som Hans Nielsen Hauge og Henrik Wergeland, og endeleg å få vita kva det var med Christopher Bruun. Dessutan har eg ingenting imot at nokre kulturradikalarar frå etterkrigstida blir sette i skammekroken, eller at uskikkelege sekstiåttarar får melding med heim.

Det pinlege med denne boka er at ho lèt til å vera skriven av ein flink skulegut som aldri riktig har kome seg ut or klasserommet. Der sit han pult ved pult med brorparten av dei norske åndsmennene, alle saman flittige lekselesarar, men innestengde i altfor lite hjørne av fedrelandet til å kunna presentera noko heilskapleg bilete av det.

Boka byggjer på to grunnsetningar som er like vaklevorne som dei er eldgamle.

Den første er at det finst ein djupare røyndom enn det som kan oppfattast med sansane. Heilt av vegen er det ikkje, for normalt gangsyn har ofte ført til ravgalne konklusjonar, som at jorda er universets midtpunkt fordi sola står opp i aust og går ned i vest. Men det som skal få til for å retta opp slike feilaktige inntrykk, er meir pålitelege observasjonar, ikkje meir grubling over kva slags åndeleg prinsipp som styrer det heile.

Den andre er at ein mann kan vinna innsikt i menneskelivet utan å ta konsekvensen av at det finst minst to kjønn. I staden for å høyra på kvinnene, nøyer han seg med det som dei andre mennene har sagt om dei. Derfor har lærde menn i uminnelege tider gjenteke etter kvarandre at underlivet til dei unge jentene er forsegla med ei «jomfruhinne», ein menneskefiendtleg illusjon som heilt til siste tusenårsskifte var utbreidd jamvel blant universitetsutdanna gynekologar.

På grunn av denne erfaringsvegringa får kvinnene berre innpass i «Norge, mitt Norge» som objekt for den patriarkalske trongen til å gripa øydeleggjande inn i kroppane deira.

Kaj Skagen hoppar lettvint over sanitetskvinnene, som revolusjonerte samfunnet ved å utrydda folkesjukdomen tuberkulose. Og han har ingenting å seia om metoo, trass i at denne aksjonen vender seg mot eit syn på sex som han sjølv kritiserer. Men han står fram som ein heilhuga talsmann for det ufødde fosteret, og framhevar dei rabiate abortmotstandarane Børre Knudsen og Ludvig Nessa utan å ta stilling til om dei berga eit einaste liv.

Når menn isolerer seg frå kvinnene, er det som regel ikkje så mykje fordi dei er redde for jentelus som fordi dei er skitredde for å mista plassen sin mellom dei andre mennene. Mange kvinner har likevel mykje ærefrykt for dei, dels fordi dei trur at dei har noko å fara med, dels fordi det kjennest tryggast å stryka dei med håra. Patriarkalske menn kan jo som kjent bli svært vondskapsfulle når dei ikkje får den oppvartinga som dei meiner dei har krav på.

s.skjold@online.no

Ikkje søtt, ikkje surt, ikkje bittert – men salt. Solveig Aareskjold skriv om det ho sjølv vil i Klassekampen kvar laurdag.

«Normalt gangsyn har ofte ført til ravgalne konklusjonar»

Artikkelen er oppdatert: 25. september 2018 kl. 11.44