Klassekampen.no
Mandag 11. juni 2018
KVEN SKAL VI HØYRE PÅ, LÆRAR? Skuleleiarar må bruke meir tid på å gi klare meldingar oppover og utover, skriv Ingrid Fiskaa. FOTO: CHRISTOPHER OLSSØN
Tørk tårane, knyt heller nevane!

LÆRARAR

Camilla Hagevold oppfordrar i svarinnlegget 6. juni lærarar og skuleleiarar til å stå saman i profesjonskampen. Den invitasjonen tar eg gjerne imot. Me treng fleire skuleleiarar som prioriterer lojaliteten til profesjonen høgare enn lojaliteten til dei detaljerte krava som kjem ovanfrå.

Eg vil også takka henne for å setta ord på det eg trur fleire skuleleiarar tenkte då dei las kommentaren min 4. juni. Det er sikkert mogleg å lesa innlegget mitt som ein kritikk av den enkelte skuleleiaren, kanskje til og med som ei mistenkeleggjering av motiva deira.

Ei slik lesing reflekterer den uheldige splittinga mellom lærarane og leiarane våre som finst på mange skular. Lærarane irriterer seg over pålegga som leiarane presenterer for oss – og språket det blir presentert i. Leiarane irriterer seg over motvillige lærarar, som ikkje forstår at dei nye ideane og planane er betre enn dei me hadde frå før.

Kommentaren min bør heller lesast på ein annan måte – som systemkritikk. Eg er glad for at Hagevold deler mykje av den kritikken. Samtidig er ho optimist fordi moteorda har endra karakter, med større vekt på til dømes «relasjonar» framfor «læringstrykk». Kanskje har ho rett. Språklege endringar kan bera bod om noko betre. Men om dei ytre rammevilkåra med målstyring og marknadsretting av utdanninga ikkje blir endra, kan det enda som eit slag i lufta. Eller verre: honnørorda kan brukast som våpen mot kritiske lærarar, som opplever at erfaringane, kunnskapane og integriteten vår blir nedvurdert og neglisjert.

Utdanningsforbundet organiserer både lærarar og leiarar. Det kan vera ein god møteplass for å diskutera profesjonskamp og lojalitet på tvers av ulike erfaringar og roller. Eg veit at det finst fleire skuleleiarar som er kritisk til marknadsrettinga, og som ønskjer at me fagfolk blir vist større tillit.

Den systemkritiske leiaren står i ein skvis som kan vera tung å takla, både personleg og profesjonelt. Eg vil at dei bruker mindre tid på å sukka over det de opplever som urettferdig kritikk frå lærarane, og meir tid på å gi klare meldingar oppover og utover. Berre då kan me ta profesjonskampen saman.

ingrid.fiskaa@gmail.com