Klassekampen.no
Mandag 11. juni 2018
BARNEKJÆR: Erna Solberg vil at nordmenn får fleire barn. Då bør ho leggje til rette for det, skriv Kristina Leganger Iversen. Her på besøk i Thor Olsens barnehage på Torshov i Oslo. FOTO: VEGARD WIVESTAD GRØTT, NTB SCANPIX
Spegel spegel på veggen der, kven skal få barn i landet her?
Barn og biopolitikk

«Du skal ikkje få barn snart då, Kristina?»

Å bli 29 er å entre desse åra der folk, kjente og ukjente, byrjar å spørje om ein skal få barn, og når ein skal få barn. I desse gylne åra ventar folk at ein skal formeire seg ettersom ein kanskje har fått jobb og dermed har rett på fødselspermisjon, samstundes som ein (vonleg) framleis er fruktbar. Der ein skjønner at nok ein gang er spørsmålet om kva ein vil gjere med kroppen og partnaren sin eit politisk spørsmål – som også sjølvaste statsministeren har ei meining om.

«Erna ber nordmenn om å få flere barn» var overskrifta i VG 6. april. Saka kom i høve under landsmøtet til Høgre, og deira diskusjon om eggdonasjon – om kvinner skal, eller ikkje skal, få høve til å donere egg. Men påtakeleg nok handla intervjuet med Solberg lite om nettopp egg: Det handla i langt større grad om barn, om nordmenn og om norske kvinner. Solberg freistar å snakke om nordmenn, men journalisten hamra på med spørsmål om ikkje norske kvinner var for «kritiske til mennene»: Eit spørsmål som impliserer at norske kvinner er bortskjemde som ikkje får nok barn. Som bør få fleire barn, fordi, som Solberg seier i saka, «det hadde vært bra for landet vårt».

Bøna om fleire barn dukkar opp med jamne mellomrom. KrF-leiar Knut Arild Hareide var til dømes sitert i ei NRK-sak frå 2013, der han bad norske kvinner få fleire barn fordi det er «samfunnsøkonomisk lønnsomt», og igjen i 2017, der han var uroleg for om dagens kvinner tar ansvaret for å «sikre befolkninga» på nok alvor. Det er ikkje berre politikarar, men også ekspertar som ropar varsku. Ei ei sak frå Aftenposten frå 2015 blei resirkulert og publisert som ei ny sak i 2016, der den smått moraliserande overskrifta lyder: «Norske kvinner har det best, men likevel føder de

for få barn».

Norske kvinner har det betre enn mange andre. Norske kvinner føder også meir enn kvinner i andre europeiske land. Likestillinga har gitt oss eit historisk godt høve til å kombinere arbeid og familie. Men alle har det ikkje like godt, og ulikskapane er aukande. Dei økonomiske insentiva for å få barn, er retta mot yrkeskvinner i godt betalte jobbar: Staten oppfordrar ikkje alle kvinner til å få fleire barn. Studentar får eingongsstønad og foreldrestipend (om lag 200.000), dei utanfor studiar eller jobb får berre eingongsstønad.

Det nokon seier med økonomiske insentiv, seier andre rett ut: Like etter saka frå Høgres landsmøte, var Christian Tybring-Gjedde ute i alle landets kanalar og argumenterte for at «folk med dårlig råd» burde få færre barn.

Ein legg helst til rette for at nokre folk skal få fleire barn – folk frå middelklassa, folk med inntekter. Debatten handlar altså også om å reprodusere – i konkret og overført tyding – ein gitt førestilt nasjon og nasjonalt fellesskap, gjennom å særskilt legge til rette for nokre kvinners reproduksjon. Dette er det filosofane kallar biopolitikk, eit omgrep som syner til korleis staten legg til rette for liv – og for nokre liv meir enn andre.

«Har ikkje du lyst på barn då snart, Kristina» spør folk. Og eg har faktisk det. Det treng ikkje vere slik for alle, men av alle ting ein kan oppleve i livet, verkar det å følgje eit menneske få egg til vaksen som ein ganske interessant erfaring for min del. Men å få barn inneber å vere trygg på framtida, og eg har berre jobb i tre månadar til.

Kvinner på min alder er overrepresenterte blant midlertidige og ufrivillige deltidstilsette, og lenge før Tybring-Gjedde ytra eit kvekk om familieplanlegging har vi sett dei realitetane i auga. Om Solberg og andre vil ha fleire barn, så får dei slutte å tyte, og starte å yte: Sørgje for fleire heile og faste stillingar, betre økonomiske støtte til studentar med barn, og ein auke i barnetrygda.

Nasjonens framtid handlar om så mykje meir enn at kvite middelklassekvinner får nok barn. Det handlar om kvinner, barn, berekraft og solidaritet. Verda treng ikkje fleire barn, men norske kvinner treng tryggare tilknyting til arbeidslivet, og norske barn treng at fleire foreldre blir løfta ut av fattigdom. Vi treng alle eit samfunn med mindre ulikskap: Anten vi synst det verkar fint å få barn, eller det heller er andre ting vi ønskjer å gjere med liva våre.

kristina.leganger.iversen@gmail.com

Feministane Bodil Stenseth, Wencke Mühleisen, Asta Beate Håland, Stephen Walton, Kristina Leganger Iversen og Sumaya Jirde Ali skriv i Klassekampen måndagar.