Klassekampen.no
Lørdag 9. juni 2018
Skråblikk i Smålandskogen
Faksimile + bildfet

NYNORSK LITTERATUR

I Klassekampen laurdag skreiv Eivind Myklebust interessant om det nynorske skråblikket og nynorsk litterær utakt som ein kommentar til «Nynorsk litteraturhistorie» av professor Jan Inge Sørbø, som har henta fram kjende og meir ukjende nynorske skjønnlitterære forfattarar. Dei er mange.

Trea står tett i Nynorskens skog. Det er vanskeleg å feste skråblikket for berre bøker. Mange av oss kjenner den nynorske litteraturen best frå salmen og songen, leseboka og frå teikneserien. Desse sjangrane får ingen særleg sentral og analytisk plass.

Ta den nynorske teikneserien, eit litterært og visuelt fenomen på line med bokmålsseriane i andre blad. Mange barn har fått litterære opplevingar av Smørbukk, Tuss og Troll, Vangsgutane, Bamsemann i Småland, og Peik. Alle vart til i ei tid på 1930- og 40- og 50-talet då nynorske bladstyrarar skulle ha det same som bokmålsblada hadde, til og med teikneseriar eller «biletsoger». Det var den gong nynorsk var i utakt. Taktlaust med teikneseriar for barn, meinte mange synsarar i takt. Nynorsk Vekeblad hadde Ingeniør Knut Berg, nynorskens svar på Lyn Gordon, og dei farlause Vangsgutane som berre gjorde det som godt var, med husmannssonen Larris som var slem og dum. I Norsk Barneblad kom Smørbukk. Bamsemann i Småland gjekk i Magne, som hadde nynorsk- og bokmålsutgåve.

Desse blada og seriane er så godt som fråverande i Nynorsk litteraturhistorie, rett nok omtala spreidd og summarisk, somme av dei.

Unge teikneserieskaparar har fått sleppe til i Norsk Barneblad, som eg kjenner best, for å prøve seg ut og bygge seg opp. Eg kan nemne Anders Kvåle Rue, Inkalill (Ingalill Røsberg), Anna Fiske og Sleivdal-karane Sveen og Emberland. Håkon Aasnes var etablert før han kom til Barneblad-stallen, der han m.a. utvikla kult-serien Annika. I litteraturhistoria har dei kome under skråblikket i skuggen under granene i Nynorsken skog.

Skulle alle som har vore innom skjønnlitteraturen på nynorsk få vera med i Samlagets nye litteraturhistorie, måtte nok boka ha vore på tre i staden for to kilo. Men ho kunne ha hatt eit breiare og skarpare blikk på den nynorske masselesnaden i bladformat.

Artikkelen er oppdatert: 11. juni 2018 kl. 14.01