Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Det falske kan vera nyttigare enn det ekte.

Det reine hjartet

Den kinesiske vismannen Tzu-gung møtte ein gong ein gamal jordarbeidar som sleit livet av seg med å klatra ned i brønnen etter vatn til vatningsgrøftene. Vismannen rådde han til å heisa vatnet opp med ei vektstong av tre. Han fekk til svar at den som tek maskinar i bruk, vil arbeida som ein maskin, og den som arbeider som ein maskin, får eit hjarte som ein maskin. Den som ber eit slikt hjarte i brystet, er ikkje lenger truskuldig, og den som ikkje er truskuldig, har ei rådvill sjel og ei skamlaus innstilling. Det var ikkje det at jordarbeidaren ikkje kjende til slike vektstenger, men han ville skjemmast om han tok dei i bruk.

Ikkje søtt, ikkje surt, ikkje bittert – men salt. Solveig Aareskjold skriv om det ho sjølv vil i Klassekampen kvar laurdag.