Torsdag 7. juni 2018
I STORMEN: I november 2015 blei tidlegare Vimpelcom-sjef Jo Lunder sikta for medverknad til grov korrupsjon. FOTO: TOM HENNING BRATLIE
Reagerer på Jo Lunders enorme erstatningskrav mot Økokrim:
– Forkasteleg
$$$: BI-professor Petter Gottschalk kallar tidlegare Vimpelcom-sjef Jo Lunders erstatningskrav på nær ein halv milliard forkasteleg. Han synst Økokrim burde tatt saka til retten.

ØKOKRIM

– Det er heilt forkasteleg å fremja eit slikt krav. Eg håpar for guds skuld det ikkje blir innfridd, seier Petter Gottschalk, professor ved Institutt for leiing og organisasjon ved BI, som har økonomisk kriminalitet som eit av sine forskingsområde.

– Kan påtalemakta bli skremt av eit slikt krav?

– Ja, dessverre. I alle fall dersom det blir innvilga.

Fakta

Vimpelcom-saka:

• Jo Lunder var frå 1. juli 2011 administrerande direktør for Vimpelcom. Han blei i 2015 sikta for medverknad til grov korrupsjon.

• Økokrim la vekk saka mot Lunder i fjor haust.

• I perioden 2006 til 2012 betalte Vimpelcom nær 600 millionar kroner i bestikkingar for å få marknadstilgang og telelisensar i Usbekistan.

• Vimpelcom inngjekk forlik med amerikanske myndig­heiter i 2016.

• Vimpelcom har skifta namn til Veon, og Telenor, som var deleigar, har selt seg ut av selskapet.

Godtok kjempebot

Lunder krev mellom 440 og 530 millionar kroner i erstatning for økonomiske tap mens han var sikta for grov korrupsjon, og for framtidige tap.

Vimpelcom, som Lunder var konsernsjef for frå 2011, inngjekk i 2016 eit forlik med amerikanske myndigheiter og godtok ei bot på 795 millionar dollar for lovbrot mellom 2006 og 2012. Det tidlegare Telenor-eigde selskapet betalte rundt 600 millionar kroner til Usbekistans presidentdotter i samband med kjøp av telelisensar i landet. Lunder blei sikta for medverknad til grov korrupsjon i 2015.

To år seinare la Økokrim saka vekk.

Også professor og spesialist på korrupsjon Tina Søreide ved Norges Handelshøyskole (NHH) i Bergen er kritisk til det enorme kravet frå Lunder.

Ho meiner Lunder med kravet signaliserer at Økokrim aldri burde ha starta etterforsking av han.

– Kravet han har lagt fram, er eit krav der ein skulle tru Økokrim hadde gjort noko urimeleg, seier Søreide.

Søreide poengterer at selskapet Lunder var leiar for, har erkjent straffansvar og betalt ei gigantbot i USA og Nederland. Ho seier det ikkje er tvil om at Lunder godkjente betalinga som utgjorde bestikkinga, og meiner det då er opplagt at politiet må undersøka kva Lunder visste og forstod då han godkjente utbetalinga. At saka blei lagt vekk, endrar ikkje på det.

Ho meiner det er rimeleg at Lunder kan ha krav på erstatning, men reagerer på storleiken på kravet.

– Her var det erklært at det var korrupsjon. Me har eit strafferettssystem der det primære er å plassera ansvar på individ, og gitt funksjonar og oppgåver konsernsjef har, og at det er komme fram at dei har betalt bestikking, så er det ikkje urimeleg at Lunder blei etterforska.

– Trur du påtalemakta blir skremt av slike krav?

– Ja, eg trur det. Det er klart at dei kan bli skremt av det. Kravet er langt over Økokrims budsjett. Og viss det skremmer Økokrim, så blir dei dysfunksjonelle.

Burde gått til retten

Gottschalk minner om at Økokrim ikkje konkluderte med at «intet straffbart forhold anses bevist», men la vekk saka ut frå at «det ikke foreligger bevis for straffeskyld».

– Økokrim burde tatt saka for retten, seier Gottschalk.

Han meiner kravet Lunder har stilt, utfordrar eit prinsipp om nøkternheit i Norge.

– Her blir erstatnings- og oppreisingsomgrepet utfordra. I Norge har me eit nøkternt forhold til beløp. Med å fremja eit slik krav så seier han ganske mykje om seg sjølv. Det som er praksis i Norge, er at ein ikkje treng flytta frå hus og heim.

– Signaliserer han med dette at han ikkje burde blitt etterforska?

– Ja, han gjer vel eigentleg det. Han viser null forståing for at bedrifta han leia, inngjekk eit kjempeforlik med justisdepartementet i USA for korrupsjon, seier han.

Økokrim ønsker ikkje å stilla til intervju om saka, men skriv i ein e-post:

«ØKOKRIM kan bekrefte at vi har mottatt erstatningskrav i denne saken. Når straffeforfølgningen ender med henleggelse, kan den tidligere siktede søke om erstatning. Det er Statens sivilrettsforvaltning som skal behandle kravet etter at ØKOKRIM har gitt sine synspunkter.»

Klassekampen har ikkje lukkast med å få kontakt med Lunder.

anneh@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 8. juni 2018 kl. 08.22
Onsdag 19. desember 2018
KRAV: Sterke ­krefter i KrF jobber for at partiet skal kreve utviklingsministeren og et nytt ut­viklingsdepartement i ny regjering.
Tirsdag 18. desember 2018
TILBAKE: Arbeiderpartiet i Troms og Finnmark går inn i fylkessammenslåingen med planene klare for en rask omgjøring.
Mandag 17. desember 2018
FRAMTIDSFRYKT: Nordmenn flest uroar seg mest for klimaendringar og svekka velferdsstat, ifølge eit notat frå tankesmia Agenda.
Lørdag 15. desember 2018
ÅTVARAR: Mette Nord seier ho ikkje veit kor LO landar i EØS-spørsmålet i 2021, og vil sjølv ikkje garantera for avtalen.
Fredag 14. desember 2018
LOV: Nav-kontorene mener innføringen av lovpålagt aktivitetsplikt hjelper ungdommen, men andelen unge på sosialhjelp er like høy som før loven kom.
Torsdag 13. desember 2018
NYTT: I 2017 døde flere rusbrukere av heroin-medisinen metadon, enn heroin, viser nye tall fra Folkehelseinstituttet.
Onsdag 12. desember 2018
VOLDTEKT: Høyres justispolitiske talsperson Peter Frølich mener minstestraffen for voldtekt er for høy. Han vil løfte diskusjonen inn i regjeringsforhandlingene med KrF, Frp og Venstre.
Tirsdag 11. desember 2018
FORSLAG: Venstrevridde eksperter vil lage et nytt europeisk parlament og la institusjonen rå over et kjempebudsjett på 4 prosent av Europas BNP.
Mandag 10. desember 2018
BARNEFRI: Fødselsraten i 2017 var den laveste som er målt. I 2018 ligger vi an til sette ny bunnrekord.
Lørdag 8. desember 2018
PRESSEFRIHET: Norge vil avgi en flere punkts stemmeforklaring til FNs migrasjonsavtale mandag. Ett av punktene skal tydeliggjøre pressens uavhengighet.