Fredag 1. juni 2018
I HARDT VÊR: På Senterpartiets landsmøte i Trondheim i 2017 visste framleis ikkje Sp kor mange varsel dei skulle få. Frå høgre: Sp-leiar Trygve Magnus Slagsvold Vedum, første nestleiar Ola Borten Moe, andre nestleiar Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim, generalsekretær Knut M. Olsen og parlamentarisk leiar Marit Arnstad. FOTO: FRIDA HOLSTEN GULLESTAD
I vinter sa Senterpartiet at dei – som einaste stortingsparti – hadde fått null varsel:
15 varsel i Senterpartiet
Undersak

Seier varslingskulturen er endra

Karen Følgesvold er generalsekretær i Senterungdomen. Ho har tillit til korleis Sp har handtert varslingssakene i partiet.

– Korleis kunne Sp gå frå null til femten varsel?

Dette er eit resultat av dei metoo-rundane som har vore. Vi har bede folk om å seie frå, seier Følgesvold til Klassekampen.

– Det er ein heilt annan kultur og ei anna takhøgd no.

– Har Senterungdomen fått varsel?

– Vi har ikkje fått nye varsel, men vi hadde to frå før. Så er det nokre av dei 15 i Sp som vi er involverte i.

– Har du tillit til handteringa i Sp?

– Ja, vi har gått mange rundar for å få betre rutinar.

– Kva tenkjer du om at det er så mange som 15?

– Det er sjølvsagt synd, men så er det positivt at det har opna auga på folk.

TAL SOM TEL: Sp har fått 15 varsel. To av sakene er framleis ikkje ferdig handsama, seier partiets generalsekretær.

METOO

I november kunne Senterpartiets generalsekretær fortelje at hans parti var det einaste som ikkje hadde fått varsel om uønskt seksuell merksemd etter at metoo-kampanjen starta.

«Jeg kjenner ikke til at det har vært seksuell trakassering i partiet de siste fem årene. Sps etiske retningslinjer, som blir trukket fram i mange sammenhenger, fastslår at vi ikke aksepterer trakassering, diskriminering eller annen utilbørlig atferd», sa Knut M. Olsen til Dagsavisen.

Men no stadfestar han at talet har blitt langt høgare:

«Totalt har Senterpartiet fått 15 varsler. To av disse sakene er fortsatt pågående», skriv Olsen til Klassekampen i ein e-post.

Sp opplyser at partileiar Trygve Slagsvold Vedum ikkje kommenterer saka, men viser i staden til partiets generalsekretær. Olsen er varsam med å gje detaljar:

«Når det gjelder resultatet av disse sakene så kommer vi ikke til å gå ut med noen detaljer rundt enkeltsaker, det er for å beskytte varslingsinstituttet og konfidensialiteten for alle de involverte. Med det sagt så blir alle saker behandlet på alvor, og de blir håndtert og avsluttet i tråd med vårt etiske regelverk.»

Han meiner Sp har meir merksemd om slike saker:

«Det er liten tvil om at oppmerksomheten rundt denne tematikken det siste året har økt bevisstheten rundt tematikken og vi har strammet opp retningslinjene for hånd­tering i partiet. Vi har blant annet revidert og vedtatt et nytt etisk regelverk. Alle skal føle seg trygge når de er med i Senterpartiet.»

Fakta

Varslingssaker:

• Høgre opplyste onsdag at dei har handsama til saman 35 varsel. «I de aller fleste sakene er det konkludert med brudd på partiets etiske retningslinjer», skreiv generalsekretær John-Ragnar Aarset i ei pressemelding.

• I slutten av januar melde Arbeidarpartiet at dei hadde fått ein stad mellom 20 og 30 varsel. På dette tidspunktet hadde Høgre 21 varsel.

• Då hadde Sp 5 varsel, no er talet tre gongar høgare.

• Sp har eigne retningsliner mot seksuell trakassering som partiet vedtok denne våren.

Kjelder: Klassekampen og NTB

Mange metoo-saker

Senterpartiet var altså det varselfrie partiet i november, men det endra seg raskt. I januar 2018 gjekk Dag Rønning av som fylkesordførar i Hedmark etter varsel om upassande episodar med unge jenter. Den fyrste meldinga om Rønning skal ha kome i 2015. Kort tid etter at han trekte seg, blei Rønning valt som ny gruppeleiar for Sp i fylkestinget – til protest frå fleire lokallag.

I januar melde Dagsavisen at det no var snakk om fem saker i Sp siste fem år. Dei fleste kom i fjor haust. Etter at Rønning trekte seg, fekk partiet inn tre nye varsel.

Tidlegare Natur og ungdom-leiar Silje Ask Lundberg varsla i 2013 Statsministerens kontor (SMK) om det ho oppfatta som upassande oppførsel frå Sp-rådgjevar Ivar Vigdenes. Denne våren har Sp handtert den såkalla sex­meldings-saka, som handlar om at tidlegare Sp-leiar Liv Signe Navarsete fekk ei grov melding på mobilen sin frå ein av ti Sp-menn – inkludert nestleiar Ola Borten Moe – som deltok på ein no mykje omtalt hyttetur. Sp avslutta saka i mai, utan at gjerningsmannen blei kjent. Navarsete varsla om saka i 2016.

I april skreiv Dagsavisen at partiet òg har fått ei ny varslingssak på bordet etter at saka frå Liv Signe Navarsete blei avslutta.

Mange spørsmål

Klassekampen har stilt fleire spørsmål om saka:

Har nokon av varsla, utanom for fylkesordføraren i Hedmark, fått konsekvensar?

Bortsett frå fylkesordføraren i Hedmark: Har nokon måtta gå frå verv, stillingar eller folkevalde roller?

I vinter melde de, som einaste parti, at de ikkje hadde fått eit einaste varsel. Har de teke spørsmål om seksuell trakassering tilstrekkeleg på alvor tidlegare?

Finst det ein ukultur i heile eller delar av Senterpartiet når det kjem til uønskt seksuell merksemd?

Sp er kjend for å ha ein særeigen festkultur. Bør denne halde fram som før, eller er det eit mål å dempe festinga?

På kva nivå i partiet har varsla kome?

Olsen sat torsdag oppteken med jobbintervju, og hadde ikkje høve til å svare på spørsmåla.

politikk@klassekampen.no

Tirsdag 26. mars 2019
SPRIK: Ap kritiserer Sp for ikkje å binde seg til raudgrønt samarbeid. Men partiet har tydd til dei borgarlege i ein tredel av kommunane der dei har ordførar.
Mandag 25. mars 2019
KALD SKULDER: Aps Kjersti Stenseng og Fagforbundets Mette Nord vil ha raudgrøn samarbeidsvilje i haustens lokalval, men møter ei kald skulder frå Sp.
Torsdag 21. mars 2019
UTRO: Senterpartiet er rødgrønne nasjonalt, men hopper gjerne i høyet med høyresida lokalt. Nå vil Fagforbundet ha slutt på lokale flørter med de blå.
Tirsdag 19. mars 2019
SKATT: Statsminister Erna Solberg (H) åpner for å se på skattesystemet for å motvirke økt ulikhet. Hun sier fordelingseffekten av grønne skatter er «pervers».
Mandag 18. mars 2019
ULIKT HØYRE: Heidi Nordby Lunde refser eget parti i ulikhets­debatten og mener Høyre må ta et oppgjør om skatte­dogmer.
Fredag 15. mars 2019
POLITISK: PR-byråene Geelmuyden Kiese, Kruse Larsen, Rud Pedersen og First House har lokalpolitikere fra Høyre, Ap, KrF og Venstre i staben.
Torsdag 14. mars 2019
SKEPTISK: Sp-leder Trygve Slagsvold Vedum mener PR-bransjen bidrar til å skape en «profesjonalisert ­meningsindustri».
Mandag 11. mars 2019
EUROPA: Venstre vil bruke kommunevalget til å hylle EØS. Partiet varsler valgkamp mot Senterpartiet og andre som sår tvil om avtalen.
Fredag 8. mars 2019
ELLERS TAKK: Det var ikke noe bygdeopprør i Venstre da Granavolden-plattformen ble vedtatt i januar. Tvert imot stemte et verdiliberalt mindretall nei til plattformen.
Tirsdag 5. mars 2019
SPRIK: AUF og klimapolitikarar gjer seg klare til kamp mot leite­refusjonsordninga på Aps landsmøte. Industrien for­tvilar.