Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Bjerknessenteret skal levere klimavarsel ti år fram i tid:

Vått og mildt

PLASKREGN: Det blir meir regn enn normalt dei komande tre åra, syner klimavarselet frå Bjerknessenteret. I Oslo kan det tyde meir ekstremnedbør.FOTO: ANNIKEN C. MOHR Anniken C. Mohr/ Klassekampen

LANGTIDSVARSEL: Korleis blir værforholda ti år fram i tid? Bjerknessenteret får no 60 millionar kronar til å varsla klimaet langt fram i tid.

– Bør du kjøpe deg hytte på Voss eller satse på timeshare i Spania dei komande åra? Det vi gjer no, skal kunne gje deg svaret på det spørsmålet, seier professor Tor Eldevik ved Bjerknessenteret og Universitetet i Bergen (UiB).