Klassekampen.no
Fredag 25. mai 2018
Forhasta optimisme om oppklaring av drapet på Olof Palme.
Har dei han no?

Onsdag vakna Sverige til store oppslag om at drapet på Olof Palme praktisk talt er oppklart. Ut over dagen sneik tvilen seg inn og motførestellingane vart fleire. Ny og interessant informasjon har komme på bordet, men det ser framleis ut til å vera langt fram til punktum for det 32 år lange marerittet.

Magasinet Filter og frilansjournalisten Thomas Pettersson la fram eit omfattande materiale som peikar ut den for lengst avdøde Stig Engström, kjent i svensk presse som Skandiamannen, som gjerningsmannen då Olof Palme vart skoten på fortauet ved Svea­vägen seint om kvelden 28. februar 1986. Pettersson har grave i saka i meir enn ti år.

Stig Engström, som døydde i 2000, jobba som reklamekonsulent i Skandia, som hadde hovudkvarter rett ved sidan av mordstaden. Det var frå første stund klart at han var ved åstaden, og han var aktivt framme i media som eit nøkkelvitne. No meiner Filter og Pettersson at det ligg føre så sterke indisium for at han avfyrte skotta, at saka i røynda er løyst.

Det er tre hovudpoeng som ligg til grunn for den oppsiktsvekkjande påstanden:

Stig Engström var peika ut av vitne som meinte at han likna gjerningsmannen, og Filter har påvist alvorlege feil i forklåringa han gav til politiet om kvar han hadde vore om kvelden.

Han hadde kunnskap om og tilgang til skytevåpen, og disponerte revolver og ammunisjon av same kaliber som drapsvåpenet.

Han høyrde til i eit politisk miljø der den omstridde statsministeren var sterkt mislikt.

Olof og Lisbet Palme var som kjent på kino rett før drapet skjedde. Hypotesen er at Engström observerte paret Palme utanfor Grand kino ved 21-tida, og at han gjekk frå arbeidsplassen hos Skandia då filmen var slutt vel to timar seinare. Han forlèt Skandiabygget berre to minutt før skotta fall og kan ha nytta sjansen.

Det er langt frå eit sannsynleg scenario til fellande bevis. Advokaten Ingela Hessius sa til svensk fjernsyn onsdag at det framleis ikkje ligg føre ei samanhengande indisiekjede, og at det manglar tekniske bevis. Ho meiner framleis at ei oppklaring ser vanskeleg ut. Advokatkollega Leif Silbersky er ikkje det minste imponert og er overtydd om at drapet ikkje kjem til å bli oppklart. Forfattaren og Palme-kjennaren Gunnar Wall seier at Filter nyttar altfor store ord om det dei har funne ut.

Kriminologen og forfattaren Leif GW Persson, som sjølv har skrive ein romantrilogi der ei oppklaring kan ligge, peikar på at hundrevis av menn av Engströms type gjekk rundt og avskydde Olof Palme.

Det har uansett innvendingar komme fram så mykje nytt at Expressens kommentator Fredrik Sjöshult kallar det sensasjonelt. Politiet forsømte å etterforske Engström, sjølv om han verka som eit upåliteleg vitne. Det skjedde fordi etterforskingsleiinga hengte seg opp i hovudspor som dei følgde blindt, fram til det eine sporet etter det andre rakna.

Den noverande etterforskings­leiaren Krister Petersson, nesten namnebror med den dømte og seinare frikjente hovudmistenkte Christer Pettersson, verkar meir nøktern og profesjonell enn den skråsikre politimeisteren Hans Holmér frå 1986 og dei som følgde etter han.

Petersson vil ikkje kommentere mistanken om at Engström stod bak drapet, men det ser ikkje ut til å vera tvil om at han no er eit hovudspor for politiet. Petersson seier at etterforskinga går føre seg for fullt, og han har god tru på at dei vil finne fram.

Dersom Engström var mannen, hadde politiet han på sølvfat og let han gå. Engström vil uansett aldri bli tiltalt eller dømt. Sveriges traume held fram.

alfs@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 11. juni 2018 kl. 15.18