Du kan bla til neste sideBla med piltastene

FØRETAKSMODELLEN

STATEN I STATEN

KVEN STYRER? Helseminister Bent Høie (H) har ansvaret for akuttberedskapen i Noreg, men kven bestemmer over anboda?

Medan hovudstaden førebur seg på 17. mai-feiring, står KrF-politikar Olaug Bollestad frå Gjesdal i Rogaland på Stortingets talarstol. Bollestad er leiar for helse- og sosialkomiteen og er uroleg for krisa i luftambulansetenesta. Ho er som resten av opposisjonen kritisk til anbodsprosessen som har ført til at pilotar og anna personell i luftambulansetenesta må søka på jobbane sine før ny operatør tar over neste år, vel vitande om at dei går ned i lønn. Saka har skapt mykje debatt, både på Stortinget og i media.