Klassekampen.no
Lørdag 19. mai 2018
Neste år i Jerusalem?
Vi er alle medskyldige i at uretten som skjer i Gaza no, blir tolt
ILLUSTRASJON: KNUT LØVÅS, KNUTLVAS@GMAIL.COM

Kvifor stig det ikkje eit ramaskrik frå all verda når Israels hær bruker skarpe skot mot palestinske demonstrantar på grensa til Gaza, og i ei skotveksling drep eit femtitals menneske som demonstrerer for retten til å vende tilbake til eit land dei er fordrive frå?

På ein eller annan måte har den israelske staten skaffa seg ein slags rett til, eller i alle fall ein stillteiande aksept for at landet kan bryte folkeretten og krigens lover. Det er Europas svarte arv, antisemittismen og jødehatet som utgjer grunnlaget for denne retten.

Som eg har vore inne på før, er det ei mistyding at Holocaust begynte med Hitler. Pogromar, fordriving og forfølging av jødane i Spania, Frankrike, Polen, England og Russland kan sporast heilt tilbake i det trettande hundreåret, og sjølv Martin Luther bar ved til det ulmande bålet av antisemittisme som gjennomsyrar den europeiske kulturen, med si oppmoding til å fordrive jødane og brenne synagogane.

Heile denne tida er det frå ulikt hald hevda at det ikkje var jødane ein i og for seg hadde noko mot, men ugjerningane deira, dei religiøse skikkane deira, omskjeringspraksisen, den påståtte forgiftinga av brønnvatnet, spreiinga av pest og kolera blant uskuldige kristne. Heilt frå det andre laterankonsilet, som vart halde så tidleg som i 1215, gjaldt det ei allmenn plikt for at alle jødar skulle bera særskilde ytre kjenneteikn, og ekteskap mellom jødar og kristne vart gjort vanskeleg eller umogleg.

Den engelske kongen gjennomførte den første fordrivinga av jødane, slik at England alt i 1290 var fullstendig jødefritt. I dei landa som vart samla under den spanske krona vart det forkynt at jødane var så forderva i blodet at dei heller ikkje kunne bli lutra og reinsa gjennom dåpen. Mest massiv var antisemittismen i befolkninga kanskje i Frankrike. I andre land vart jødane konsekvent jaga ut av byane. I dei skandinaviske landa fekk ingen jødar lov til å slå seg ned i det heile.

Denne svarte arven kjem den europeiske sivilisasjonen aldri bort ifrå, og derfor er vi alle medskuldige i at uretten som skjer no, blir tolt. Tragedien blir fullkomen når Israel stikk av med sigeren i Den europeiske songkonkurransen Grand Prix, og den israelske solisten Netta ropar Next time in Jerusalem i sigers-stunda.

Trur verkeleg nokon at dette var ei spontan helsing som fall henne inn der og da? Israel er i krig, og samtidig som dei dødelege skota fall på Gazastripa, gjekk også propagandakrigen mot sitt klimaks. Helsinga har følgd jødane i diasporaen så langt vi kan minnast, som ei helsing ved slutten av den jødiske påskehøgtida med djup symbolverdi.

For å vera heilt presis sa Netta: Neste gong i Jerusalem, men det kan ikkje stikkast under stol at dette var ei politisk markering i strid med regelverket for European Song Contest, som seier at ingen tekstar eller talar, gestar av politisk eller liknande natur er tillatne i den europeiske songkonkurransen.

No står vi ansikt til ansikt med den uhyrlege tanken at Grand Prix skal arrangerast i Jerusalem neste år. Ingen Grand Prix-entusiast kan koma bort ifrå at eit arrangement i Jerusalem neste år vil vera med på å komplettere uretten mot det palestinske folket på ein særleg brutal og audmjukande måte.

No er det røyster til og med i vårt eige land som vil at vi i sympati med Israel skal flytte den norske ambassaden til ein by som i følgje internasjonale avtalar er ein by som skal ha plass for både jødar, muslimar og kristne.

Om det går så gale at Norge følgjer USA og flytter ambassaden til Jerusalem, har vi for all framtid sagt frå oss utsiktene til igjen å bli ein meklande instans mellom to folk som gjer krav på same landet. Like forkasteleg er det om vi følgjer med på lasset og aksepterer eit Grand Prix-arrangement i Jerusalem. Palestinarane vil i så fall sjå at ingen internasjonale garantiar er noko verdt.

Konflikten mellom Israel og palestinarane har vart i 70 år, det vil seia like lenge, ja, lenger enn eg har levd på denne jorda, og eg kjenner denne gongen at harmen mot den israelske handlemåten blandar seg med djup sorg. Tostatsløysinga som vart forhandla fram under namnet Oslo-avtalen ser ut til å vera steindau, så kvar er det i det heile mogleg å begynne?

Mange kommentatorar peikar på at Hamas har utnytta eit folkeleg og fredeleg spontanopprør, og at folket på Gaza-stripa denne gongen har betalt ein blodpris som er altfor høg, kanskje til og med fåfengt, så lenge den palestinske opinionen er splitta i to leirar.

Nedslaktinga ved Gaza-grensa den siste veka er eigentleg eit nederlag for sivilisasjonen. Min generasjon har vakse opp med ei klokkartru på at verda går framover, om det enn går sakte, og at den gode viljen og rettferda vil sigre til sist, gjennom internasjonale avtalar som skaper fred og forsoning. Eg trur ikkje lenger vi kan basere oss på at demokratiet og freden i Europa er vunne ein gong for alle.

Vi som høyrer til den politiske venstresida har i desse mørke tider eit særleg ansvar for igjen og igjen å minne om Europas svarte arv, samtidig som vi kritiserer staten Israels ekspansjons- og undertrykkingspolitikk. Håpet er at på denne måten kan alliere oss med ein aukande opposisjon i Israel sjølv, slik at partane på lengre sikt kan begynne å tala saman igjen.

Det første vi må insistere på og skapa ein opinion for, i Norge og i Europa, er at eit israelsk Grand Prix-arrangement må finne stad i Tel Aviv. Skjer ikkje det, må vi halde oss heime.

Artikkelen er oppdatert: 11. juni 2018 kl. 14.52