Klassekampen.no
Lørdag 19. mai 2018
Den andre mellomalderromanen er betre enn den første.
Undsetmania
GODT KORT: Sigrid Undset (1882–1949) er i vinden.

Sigrid Undset er i vinden, som vel er, og «Kristin Lavransdatter» blir drøfta og podkasta kapittel for kapittel. Men verkeleg heitt blir det ikkje før ein kjem til «Olav Audunssøn».

Denne andre av dei to nobelpriste mellomalderromanane har alltid stått i skuggen av den første. Olav og Ingunn er ikkje eit så strålande par som Kristin og Erlend, og sjølv om dei kjempar like tappert for kjærleiken, er dei mykje lettare å slå over ende. Likevel har denne romanen ein dimensjon som den første manglar. Og kanskje måtte me heilt opp i vår multikulturelle tidsalder for retteleg å setja pris på det.

Mens Kristin er omgjeven av familie og eigedom på alle kantar, er Olav eit foreldrelaust barn som sjølv må skapa seg eit tilvære. Det startar då han er sju år og den dødssjuke far hans sett han til oppfostring hos ein ungdomsven. Han og kona har ei dotter på omtrent same alder, og det er mest for moro at dei lagar til ein trulovingsseremoni for dei to ungane. Men for Olav blir denne lovnaden om ekteskap det fundamentet som han byggjer resten av livet sitt på.

Ingunn har ein sorglaus barndom heime hos foreldra sine. Så rotar dei seg inn i ein stormannskonflikt og lid større tap enn dei er villige til å innrømma. Under den fyllefesten som følgjer, har femtenåringen Ingunn og sekstenåringen Olav den første elskhugsnatta si. Like etter døyr begge foreldra hennar, og dei andre slektningane vil helst ha henne gift med ein annan.

Det unge kjærastparet søkjer tilflukt i kyrkja, der biskopen bestemmer at Ingunn skal dekkja håret sitt med eit sidt skaut slik skikken er for gifte kvinner. Det liker ho svært godt, for tapet av foreldra har gjort henne like avhengig av Olav som han er av henne. Elles har han ikkje mykje han skulle ha sagt, men han prøver å spela vaksen mann ved å påstå at det var for å stadfesta avtalen mellom fedrane sine at han og Ingunn inngjekk ekteskap utan godkjenning frå slektningane hennar.

Det går mange år før dei kan flytta saman. Olav er leigesoldat i utlandet, og Ingunn får barn med ein islending som Olav nyttar første høve til å slå i hel. Av omsyn til æra hennar tilstår han aldri dette mordet, og slit med samvitsnag så lenge han lever.

«Kristin Lavransdatter» handlar like eins om lovlaus kjærleik i eit patriarkalsk klansamfunn. Etter kvart som Erlend blir meir og meir vanskeleg å leva med, forstår Kristin at det er straffa for at ho har vore ulydig både mot far sin og mot Guds lov.

For Olav er det meir komplisert. Han veit òg at han har gjort ei heidensk synd mot Gud, men kvar gong han vil gjera opp for seg, strandar det på omsynet til kona og ungane. Det er ikkje anna råd enn å slå seg til tols med at sjela hans vil gå fortapt.

Han er stengd inne i ein kultur utan utgangar. Religionen er ikkje eit svar, berre ein måte å slutta å spørja på. Først i døden går skiljet mellom heidenskap og kristendom i oppløysing, og Olav blir fridd frå alle begrep som frå eit fengsel.

s.skjold@online.no

Ikkje søtt, ikkje surt, ikkje bittert – men salt. Solveig Aareskjold skriv om det ho sjølv vil i Klassekampen kvar laurdag.

«Religionen er ikkje eit svar, berre ein måte å slutta å spørja på»

Artikkelen er oppdatert: 11. juni 2018 kl. 14.53