Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Er det plass til kristne og jesidiar i det nye Irak? Dei som vender heim, møter ei stadig sterkare sjia-makt.

IS er borte, kva ventar no?

TILBAKE TIL UVISSA: Då IS erobra den historisk kristen-dominerte landsbyen Bartella flykta mange kristne og jesidiar til Duhok i Kurdistan. Her blir det feira jesidisk nyttår i eit tempel i nærleiken av Duhok i april i år. FOTO: SAFIN HAMED, AFP/NTB SCANPIX SAFIN HAMED

Klassekampen har gjort godt greie for dei politiske og religiøse spenningane i Irak i samband med valet, inkludert Irans forsøk på å styrkja fotfestet. Det som i høgste grad bør uroa oss er at det kanskje ikkje blir rom for dei religiøse minoritetane IS anten ville drepa eller jaga på flukt – jesidiar og kristne.