Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ujålete: Oda Malmin skriv om korleis sams tap kan binde saman.

Tomrommet i midten

FRÅ GARDSLIVET: Debutant Oda Malmin skriv med ein naturleg autoritet. FOTO: ODA BERBY Oda Berby

Etter at foreldra mine selde huset eg vaks opp i, vart nettene ein periode fulle av intense draumar om romma, hagen og utsikta eg ikkje lenger kunne kome tilbake til. Framleis hender det at eg vaknar, full av glede over å endeleg ha kome attende dit kor eg har mitt eige fjell i ryggen og framfor meg skipsleden, kransa av spisse, snøtoppa fjell – for så å oppdage at eg framleis bur i skogkanten i Oslo. Av og til tenkjer eg at eg burde ha blitt der kor eg skjønar mentaliteten og mentaliteten skjønar meg. Så kjem eg på at alt det der var noko eg ein gong lengta etter å flytte frå.