Klassekampen.no
Fredag 18. mai 2018
TIDSBRUK
Å ha tid. Å ta tid.
Undersak

Somle- koppar

I «Eat That Frog!» og «Kunsten å prokrastinere» har me to bøker som nærmar seg tidsbruken vår med totalt ulike perspektiv. I «Kunsten å prokrastinere» skriv filosofi­professor John Kerry underhaldande og slentrande om «strukturert prokrastinering». Han utset store og såkalla viktige oppgåver og tek seg heller av andre saker som òg må gjerast, som å koka kaffi og under­søkja nettbutikkane sine tilbod. I forbløffande stor grad viser det seg at «viktige oppgåver» vert utført av andre eller berre vert borte når tida går.

Perry slår eit slag for dei som somlar og gløymer av kvar ting er og hevdar at desse menneska har ein viktig plass i den store samanhengen, i og med at andre dermed får gleda av å ta seg av alle dei «viktige» sakene, og kan kjenna den gode kjensla av å ha utført arbeid og levert innan fristen.

Eit viktig hjelpemiddel for Perry er horisontal organisering: det at skrivepulten flyt over av bøker, papir, avtalenotat og ting som skulle ha vore levert sist veke.

I sin bestseljar «Eat That Frog!», går Brian Tracy langt meir systematisk til verks, og fortel om korleis han alltid lærte av dei som var flinkare og betre og meir effektive enn han sjølv. Han fann ut at det viktigaste av alt er å straks gå laus på oppgåvene som det verkeleg er viktig å få gjort, og droppa alt som er mindre viktige. Stå på, ver fokusert og få ting unna. Det gir deg god sjølvkjensle og auka motivasjon til å verta endå meir fokusert og effektiv. Ein får uansett aldri tid til å utføra alle oppgåvene som ligg framfor ein.

Det desse to forfattarane er samde i, og som Tracy kallas kreativ prokrastinering, er samanfatta i følgjande ord: «Gjer ikkje noko i dag som kanskje er unødvendig i morgon.»

Ta tida til hjelp.

htorvund51@gmail.com

«Desse menneska har ein viktig plass i den store samanhengen»

Livet

Psykolog Peder Kjøs skriver om det personlige og nære.

Klokka går, men tida går ikkje. Ho kjem ikkje heller. Ho er.

Ei av dei vakraste bøkene eg har i mitt eige, heiter «L’infini voyage», «Den uendelege reisa». Boka inneheld mellom anna to store, utbrettbare litografi av Kjell Nupen, som er kunstnaren som har laga boka. Begge desse bileta framstiller skip. I ei anna bok om Kjell Nupen sine arbeid, «Sentimental reise», har eg blant anna med dette diktet:

Å ha sjåtid

Sitja med hovudet

lent mot husveggen

La hausthimmelen få

ha tid

til å skya seg og byrja

blå

Bare greinene i

trekrona

rører seg som om dei var delar av ein

stor båt

Lukka auga og vera eit skip

Ein av dei mest forunderlege dimensjonane ved det å vera til, å vera menneske, vera meg og deg, er tida; sjølve tidsdimensjonen. Ingenting er så nær oss heile tida. Så nært knytt til det å leva, å vera til, er tidsom­grepet, at me gjerne seier om ein som nyleg har døydd, at denne har «gått ut av tida». Å vera er å vera i tida.

Me avtalar tidspunkt for å møtast, me ser på klokke og kalender. Me er for seine eller for tidlege, og me tykkjer at tida går seint, eller at døgnet har for få timar. Me seier om nokre barn at dei er for tidleg fødde. «She was born in spring. But I was born too late», syng Bob Dylan.

Samstundes er «tid» heilt umogeleg å få eit skikkeleg godt grep om. Kva er eigentleg tid? Ein filosof med det lite tidsmessige namnet John McTaggart Ellis McTaggart har ført prov for at tida ikkje er reell. Han hevdar rett og slett at tida ikkje finst. Om eg skal halda fram med å late som eg forstod korleis han beviste dette, er det best at eg ikkje prøver å forklare det her. Men dette at han faktisk, i fullt alvor, kan ha den oppfatninga, fortel oss noko interessant om fenomenet tid: Den er så vanskeleg å gripe, å fatte og å forstå, at menneska kan ta seg i å lure på om ho verkeleg finst.

Men måten me oppfattar tida på, forholdet me har til ho, og måten me bruker tida vår på, har ekstremt stor innverknad på kva slags liv me lever. Time Management er tidas store ting. Googlar eg «time management» får eg 1.550.000.000 resultat på no time! Men slik har det ikkje alltid vore.

Visse urfolk som lever så nær ekvator at det ikkje finst open­berre skiftingar i naturen i tråd med det som me kallar årstider, har ein annan måte å fortelje si historie på, dei knyter hendingar som har vore til bestemte plassar i staden for til tidsomgrep: Her var det høvdingsonen drap det store villsvinet, og der borte ved den spesielt forma ut steinen var det me oppdaga framande frå ei anna stamme og kjempa mot dei!

Når aboriginane, urfolket i Australia, lyttar til sine sjamanar, sine sjåarar som vert kalla wirinun, så fortel desse sine mytiske legender frå ei anna tid enn den kvardagslege, draumetida, som er den skapande fasen, då mennesket vart skapt av plantar – noko månen gjorde på oppdrag frå «alle løyndommars opphav».

Det som skil desse forteljingane frå dei forteljingane og eventyra og legendene me er vane med, er at det ikkje finst noko byrjing eller slutt på dei. Draumetidsforteljingane glir berre vidare som eit endelaust band, glir over i kvarandre og kan brått dukka opp ein heilt annan stad, som ei underjordisk elv som kjem til overflata.

Då eg laga norske versjonar av ein del songar frå nordamerikanske urfolk, vart eg fascinert av korleis deira verdsoppfatning avspegla seg i språket, og eg innsåg at vårt eige språk sjølvsagt òg avspeglar ein bestemt oppfatning blant mange moglege. Me oppfattar tida som noko som flyt frå fortida inn i og gjennom nåtida og inn i framtida. Bøyingsmønsteret i verba våre er forma i tråd med eit slikt syn.

Hjå Hopi-folket er alt dette annleis. Dei byggjer på to grunn­leggjande dimensjonar, der den eine inneheld både fortid, nåtid og den fysiske omverda, det romlege. Den andre dimensjonen kan ein svært forenkla seia inneheld framtida og alle mentale prosessar; tankar og kjensler. Her er altså ikkje noko skilje mellom nåtid og fortid, og heller ikkje mellom framtid og indre liv. Det å hugsa høyrer til same dimensjon som framtida. Historiske hendingar er i same dimensjon som nå. I tillegg er kortvarige hendingar, som hjå oss er substantiv, verb i Hopi-språket. Det heiter ikkje eit lyn, men lynar.

Når augo mine

saumfer

prærien

kjenner eg sommaren

om våren

Slik heiter det i ein draumesong frå Chippewa-folket. Før menneska hadde laga klokker, var òg vårt tidsomgrepa annleis og mindre nøyaktige. Kvar ny oppfinning av tidsmålarar som vart ålment tilgjengeleg, timeglas, kyrkjeklokker, rådhusuret, endra vår oppfatning av tida og gjorde det mogleg å avtala meir spesifikke punkt for møter og avgangar og liknande. Sekund­visaren hakkar tida opp som ein kjøkenkniv. Og så kom dei digitale displaya.

I ei bok som på norsk ville ha heitt «Kor lenge er nå?» skriv Tim Freke om korleis det å vera i den vanlege tida, kalendertida og klokketida, er å vera inne i ei historie, «the story», men ved å fokusera intenst på ein aktivitet me held på med, kan me gå ut av denne historia og inn i ei anna tidsoppleving, nemleg i mysteriet, «the mystery of the moment». Eit avsnitt i boka til Freke byrjar på denne paradoksale måten: «Det var ein gong i eit tidlaust nå …»

Dette har òg Zenlæraren Dainin Katagiri skildra på ein underleg forståeleg måte i si bok «Each Moment is the Universe: Zen and the way of Being Time.»

Det fine med ein del av desse tekstane er at dette som Freke kallar «mysteriet» ikkje høyrest det minste mystisk eller fjernt ut. Det er noko me har kjent på kroppen og erfart med våre sinn og våre sansar. Mannen med alle dyslektikarars skrekknamn, Mihaly Csikszentmihalyi, har skildra nett dette fenomenet gjennom sitt omgrep flow, eller flyt.

Katagiri er oppteken av at me ser på tida nærast som ein handelsvare, ein ressursting. Me kan spara tid, og me kan bruka tid; «tid er pengar». Og det at me kan koma i eit negativt forhold til tida, me kan «kjempe mot tida» og nærast sjå på ho som ein fiende. «Tidsklemma» og «deadline» er uttrykk for slike opplevingar.

Det Katagiri prøver på, er å få oss til å sjå alle våre tankar og idear, alle våre tidsmålarar og historieforteljingar, som eit ornament, som ein slags pynt som me kler på tida, for å gjera ho begripeleg og meiningsfull. Korleis er den nakne tida då? Ho går ikkje.

Klokka går, men tida går ikkje. Ho kjem ikkje heller. Ho er. Tida er nå. Ho er inne i oss og utanfor og udeleleg i den eksisterande stunda. Eit nå, og i neste nå, eit nytt nå. Alt som er, er i nået.

htorvund51@gmail.com

Artikkelen er oppdatert: 11. juni 2018 kl. 14.43