Fredag 18. mai 2018
VISSTE IKKJE: Utdanningsetatens direktør Astrid Søgnens assisterande direktør Dag Hovdhaugen har ved fleire høve stått ved at dei aldri har fått varsler om begrensa ytringsfridom i Osloskulen. FOTO: CHRISTOPHER OLSSØN
Allereie i 2017 fekk Utdanningsetaten tilbakemelding frå lærar om manglande ytringsfridom:
Behandla ikkje skulevarsel
Undersak

– Dårleg strategi

Dagleg leiar i Svenssonstiftelsen Andreas Christiansen Halse meiner det er respektlaust av UDE å halde fram med å påstå at dei aldri har fått signal eller varsel om fryktkultur i Osloskolen. Han er lite imponert over etatens behandling av varslar som ikkje har kome i «rett» kanal.

– Det er ein strategi som usynleggjer dei som faktisk varslar. Det er respektlaust mot eigne tilsette å påstå at dei ikkje veit noko om tema.

Uansett om det er slik at varslar ikkje når leiinga, eller om dei lyg om at dei ikkje har fått noko, meiner Halse UDE har eit problem.

Han har sjølv lese varselet Klassekampen viser til.

– Viss denne tilbakemeldinga ikkje er som varsel å rekne, då har eg vanskar med å forstå at noko kan vere eit varsel i det heile. Det er merkeleg å påstå at ein ikkje kan gjere noko fordi han har kome inn som følgje av ei anonym undersøking, seier han.

Dei rette kanalane for varsling UDE viser til, trur han er ein godt bevart løyndom.

– Eg har snakka med mange i Osloskulen om dette temaet. Ingen har nemnt noko varslingsmottak. Det kan ikkje vere slik at ein kan velje å sjå bort ifrå varslar viss dei ikkje kjem i ein stor raud konvolutt med stempelet «varsel» på, seier Halse.

Dag Hovdhaugen
VARSEL: Utdanningsetaten har ved fleire høve slått fast at dei ikkje har fått varsel om manglande ytringsfridom i Osloskolen. Svara frå deira eigen undersøking syner noko anna.

Utdanning

Fleire tilsette i Osloskolen har den siste tida fortalt om fryktkultur på arbeidsplassen. Utdanningsetaten (UDE) har fleire gongar gått ut med at dette er noko dei aldri har fått tilbakemelding om.

Eit varsel Klassekampen har fått tilgang til, syner noko anna. Det kom til UDE som svar på deira eiga undersøking om kvifor lærarar sluttar i Osloskolen – allereie i 2017.

Fakta

Varsling i Osloskolen:

• Debatten om ytringsfridom i Osloskolen har gått sidan Simon Malkenes fekk ei personalsak mot seg etter at han stilte opp i Dagsnytt atten og fortalde om kvardagen sin som lærar i Osloskolen.

• Fleire lærarar har seinare gått ut med påstandar om at det eksisterer ein fryktkultur på skulane i Oslo.

• Utdanningsetaten har heile tida stått ved at dei ikkje visste noko om at dette var eit problem.

• Etaten har òg nekta for at dei har fått varslar gjennom formelle kanalar.

Forsøkte å varsle

Våren 2017 sende nemleg etaten ut ei undersøking for å kartlegge kvifor lærarar slutta i Osloskolen. Ho vart sendt ut til rundt 400 lærarar som sa opp i eit bestemt tidsrom.

«Mine påstander her er (dessverre) ikke ‘anekdoter’ fra lærerværelset frontet av ‘the usual suspects’ – såkalte ‘kritikere av Osloskolen’. For å sette det i perspektiv, har jeg opplevd at (…) har fått ansvar for å ‘rydde unna’ utfordrende elever når skolen har hatt besøk av ‘myndighetspersoner’. Beskjeden til ansatte synes å være: tilstrebe et godt rykte på skolens vegne der ‘uheldige saker’ dysses ned.»

Dette er eit utdrag frå eit fleire sider langt svar på UDEs undersøking, skriven av ein tidlegare lærar og mellomleiar ved ein skule i Oslo. Læraren, som no jobbar med forsking innanfor skulefeltet, ønskjer ikkje å stå fram med namn. Klassekampen er kjent med identiteten hennar.

I tilbakemeldinga til UDE skriv ho at ho i fleire år har forsøkt å varsle om det ho meiner er kritikkverdige forhold og brot på opplæringslova. Ho opplys at ho varsla gjennom formelle kanalar, som møte med skulen, og gjennom tillitsvalde. Då opplevde ho å verte «satt på plass» av arbeidsgjevar.

«Min opplevelse (…) har vært at ‘lojalitet’ først knyttes til arbeidsgiver og arbeidsgivers politikk, ikke til elevene, opplæringsloven og et bredere samfunnsmandat (…)», heiter det i varselet.

Etterlyste tilbakemelding

Den tidlegare læraren gav eit detaljert bilete av situasjonen på skulen og korleis ho meiner problema kjem av ein struktur etaten sjølv er med på å støtte.

Ho var glad for at UDE tok kontakt då ho sa opp jobben og oppfatta det som eit signal på at dei ønska dialog. Då ho seinare ikkje høyrde noko meir, sende ho etaten ein e-post og spurte korleis svaret hennar ville verte nytta.

Det skulle verte lagt fram for byrådet, var svaret ho fekk. Så vart det stille frå UDE.

Feil kanal

Klassekampen har fått tilgang på dokumenta som vart sendt byrådet etter undersøkinga. Der er det berre gjort greie for at det ikkje er lærarflukt frå Osloskolen. Ingen kritikk vart nemnd. Varselet som kom inn i UDEs undersøking, kunne ikkje verte nytta av etaten, fordi det ikkje var formålet med undersøkinga, meiner assisterande direktør Dag Hovdhaugen i UDE.

– Dette er inga undersøking som kan eller skal verte nytta til varsling, seier han.

Hovdhaugen stadfestar at alle svar i fritekstfelta har vorte lesne.

Likevel har den tidlegare lærarens grundige utgreiing av situasjonen ved arbeidsplassen, ikkje vorte gjort noko med.

– Dette var ein undersøking om kvifor lærarar sluttar i Osloskolen, ikkje korleis dei opplever sin skulekvardag. Vi har mange kanalar for varsling, som medarbeidarundersøkingar, tillitsvalde og varslingsmottak, men ei anonym undersøking er ikkje ein av desse kanalane, seier han.

Ikkje presentert

Tilbakemeldingar frå fritekstfelt i undersøkinga vart berre nytta til å sjå om UDE hadde utelate nokre alternativ for årsaker til at lærarar slutta. Dimed vart aldri varselet frå læraren lagt fram for andre i UDE eller byrådet.

Nokon har jo openbert lese svaret frå denne læraren. Burde ikkje nokre varsellampar lyse, sjølv om dette ikkje var ein offisiell kanal?

– Vi kan ikkje nytte informasjonen som kjem fram her eller ta han vidare. Vi behandlar ikkje personlege opplysingar. Vi ville berre sjå på årsaker til at lærarar slutta. Det finst som nemnt kanalar for å varsle viss ein ønskjer at varselet skal verte følgt opp.

De kunne ikkje presentere kritiske forhold og mangel på ytringsfridom for byrådet, som ein av grunnane til at lærarar seier opp?

– Nei. Individuelle grunnar kan ikkje nyttast i ei slik undersøking. Fritekst kunne ikkje takast vidare til nokon, då hadde vi brote anonymiteten, seier Hovdhaugen.

norar@klassekampen.no

Fredag 19. juli 2019
KRAV: Frp mener innvandringsforskningen er «ensidig og politisert». Nå vil de stille krav om meningsmangfold i forskningen. – Farlig, svarer Ap.
Torsdag 18. juli 2019
TVANG: FpU ber regjeringen lovpålegge kommunene å konkurranseutsette sykehjem og hjemmetjenester. Forslaget slaktes av forsker.
Onsdag 17. juli 2019
UFORUTSIGBART: Bare en tredel helsefagarbeidere har full stilling. De yngste og de eldste jobber mest deltid. – Vi trenger flere folk på jobb, sier helsefagarbeider Jørgen Aanerud.
Tirsdag 16. juli 2019
MEDISIN: På havbunnen utenfor Bjørnøya har forskere funnet et dyr ikke ulikt en juledekorasjon. Det har molekyler som kan drepe kreft­celler effektivt.
Mandag 15. juli 2019
BYGGER UT: Siden 2000 har antall ­bygninger i strandsonen økt med 20 prosent. Kommunene klarer ikke ­forvalte det nasjonale ansvaret, mener Norsk Friluftsliv.
Lørdag 13. juli 2019
RETUR: Utlendingsnemnda konkluderte at kurdiske Jumaah Hameed ikke var i fare for forfølgelse. Kort tid etter returen til Irak, ble Hameed torturert, hevder han.
Fredag 12. juli 2019
COMEBACK KID: Per Sandberg advarer mot «nasjonalistiske krefter» i Frp og hinter om politisk comeback i et annet parti til valget i 2021.
Fredag 12. juli 2019
ANSPENT: Onsdag forsøkte Iran å ta en britisk oljetanker i arrest, sier det britiske forsvarsdepartementet. Iran avfeier anklagene, men en iransk forsker advarer mot en ny oljetankerkrig.
Torsdag 11. juli 2019
KRITISK: Motstanden mot nasjonal ramme for vindkraft er stor i dei kommunane som ligg i dei veleigna områda. Kommunestyra og ord­førarar seier nei.
Onsdag 10. juli 2019
DØMT: Byrådet i Oslo har som mål å få flest mulig i fast stilling. Nå er kommunen dømt to ganger i retten etter å ha nektet en barnehageansatt fra et bemanningsbyrå fast jobb.