Klassekampen.no
Onsdag 16. mai 2018
FØDSELSDAG: Gratulerer med dagen, Norge/Noreg!
Bokstavleg og språkleg er det vår felles fødsel me feirar i morgon.
Land og folk

«Vi ere en Nation vi med ...» skreiv Henrik Wergeland i 1841, om barna. 1800-talet var nasjonsbygginga og nasjonalromantikken sitt hundreår. Sidan då har nasjon hatt ein opphøgd posisjon. Opphavet er latin, men dei ulike språka i Europa har det frå fransk, der det kom i bruk rundt 1200. Natalitet, fagord for fødselsrate, er i slekt. Og fransk for jul, Noël, har òg – ikkje uventa – med fødsel å gjera. Så ordet nasjon kan me eigentleg omsetja med fødselsfellesskap.

Bokstavleg og språkleg er det vår felles ‘fødsel’ me feirar i morgon. Også natur er i slekt med nasjon, for natur er det me er fødde med, i motsetnad til det den såkalla sivilisasjonen har dyrka fram, det me kallar kultur. Cultura på latin har med dyrking å gjera, jamfør bakteriekultur. Eg har alltid forestilt meg at då studentane i København på slutten av 1700-talet heva glaset og skåla for kjempers ‘Fødeland’, visste dei vél at det var direkte omsetjing av ‘Nation’.

Landet er same ord som me nyttar i namn som Oppland og Kverneland og i allmennord som utland og innland; det tyder rett og slett mark eller område. Nederland er det lågtliggjande landet; så sant, så sant. Førestavinga tysk heng – via tydsk – saman med det norrøne ordet þð, folk. Tyskland er ‘folkelandet’.

Riket dreiar seg verken om geografi eller folk, men om makt. Adjektivet rik tyder i dag å ha mykje pengar, men for tusen år sidan var meininga mektig. Eit rike var eit maktområde. Det populære namnet Eirik eller Erik tyder såleis ‘alltid mektig’.

Tydinga til landsnamnet vårt har vore omdiskutert, det minnest truleg somme Klassekampen-lesarar. Dei fleste held likevel framleis på at grunnordet er Nor(d) vegr. Det skulle då tyda sjøleia mot nord, ein bruksmåte som er på linje med dei to andre velkjende orda vesterveg og austerveg. Så i opphavet var Noreg eit ord for skipsleia, kysten som strekkjer ‘nordover, nordover’, som Rolf Jacobsen (1907–94) skreiv i diktet Annerledeslandet.

Det er ei vakker utvikling! At namnet på den lange skipsleia nordover vart opphavet til namnet på landet vårt.

Lesarar har spurt meg kvifor eg nokre gonger nyttar Noreg, andre gonger Norge, når eg skriv nynorsk. Er begge deler rett?

Nei. Nynorskseksjonen i det gamle Norsk språkråd hadde saka oppe på slutten av førre hundreåret. Forslaget om å sidestilla dei to namneformene vart avvist med knappast mogeleg fleirtal. (Mangla det éi røyst ... ?)

Når eg stundom skriv Norge, er det for å markera at eg ville ha røysta for sidestilling, viss eg hadde vore der. Mitt argument ville ha vore at begge formene kjem frå det same ordet (det er ikkje slik at den eine er ‘betre’ enn den andre), og at forma Noreg knapt er å høyra lenger i noko spontant talemål.

Nasjonen er den mest tenlege eininga for å utvikla velferd, fridom, styring. Det skriv våre fremste professorar i samfunnsfag, blant andre Øyvind Østerud. Dét er det all grunn til å løfta høgt i morgon. Me feirar nasjonen som ramme og reiskap for folkestyring.

sylfest.lomheim@gmail.com

Sylfest Lomheim skriv om språk i Klassekampen kvar onsdag.

«Forma ‘Noreg’ er knapt å høyra lenger i spontant talemål»

Artikkelen er oppdatert: 11. juni 2018 kl. 14.40