Klassekampen.no
Mandag 14. mai 2018
Kniv

«Øyet er en meget farlig ting,» sa distriktslegen, idet han fjerna ein metallsplint frå augeeplet til svigerfar min med den kvasse eggen på ein tollekniv.

Han meinte kanskje kniven? No ja, det gjekk bra denne gongen, og ei god historie vart det for pasienten å fortelje. –

«Ved Allah!» ropte alle kurdarane på norskkurset; no hadde eg utfordra dei ved å legge ein kniv ned midt på golvet i klasserommet. Sjølv stod eg nonsjalant lent opp mot dørkarmen og venta på reaksjonen:

«Lærer, kniv veeldig farleg!»

Farleg? svarte eg, farleg? Er denne farleg? Peika.

Den vesle handsmidde kniven min låg truskuldig der på golvet i morgonsola, det skein så vakkert i stålet, og skaftet av flammebjørk krumma seg elegant oppover. Eit lite merke etter kvessinga av ein raud blyant var der og.

Brått gjer eg eit utfall i rommet med høgre handa, flekker tenner og snerrar: Feil, gutar! Feil! Det er eg som er farleg!

Mennene hoppar i stolen.

«Eg er det, eg er monsteret, snikmordaren, eksekutøren; det er eg som skjer halsen din over i Guds namn og skremmer vettet av folk i alle land.»

Karane er litt bleikare no og veit ikkje heilt kva dei skal tru om denne dama som står der med stutt skjørt og berre ein ørering. Det ser mest ut som om ho har mista forstanden. Men kurdarane er eit folkeslag som har vore ute ein vinterdag før.

Vi vert til slutt samde om at kniv er ein reiskap og at med den kan du lage det meste av det du treng her i livet, alt frå husgeråd til tak over hovudet, mat og skinn, klede om det knip, og dett du gjennom isen ein kald vinterdag, kan du kare deg opp att frå isvatnet om du har ein solid kniv i beltet. – Stille blod med den kan ein visst og.

«Det er litt kjølig frå mi side no», seier smeden og foreslår at vi skal ta ein pause i forholdet vårt ...

«Uhu,» ropar eg, ikkje snakk slik, eg elskar deg over alt på jord, gå ikkje frå meg!

Men slik vert det, og utrøysteleg er eg i sju dagar og sju netter. Og sola står opp, og sola går ned, men til slutt kjem det ein pakke i postkassen, – med ein fin, liten kniv inni. Skaft av svart flammebjørk, fint utforma slire, initialar. Ein egnating!

Tenkte du ville ha ein slik, står det i brevet. Har smidd den sjølv, takk og farvel! Venleg helsing.

Plaster på såret? Ikkje vedlagt.

ingigerdhusbyn@gmail.com

Artikkelen er oppdatert: 15. mai 2018 kl. 10.07