Klassekampen.no
Fredag 11. mai 2018
KUNSTIG BEFRUKTNING
Baby-panikk
MOR OG BARN: Den vesle forskinga som finst, viser at åleinemødrer som har fått barn ved hjelp av kunstig befruktning, ofte er høgt utdanna kvinner i slutten av trettiåra busett i ein storby.ILLUSTRASJON: Mary Cassatt (1908)
Livet

Vi tar for oss moderne fenomener, historie og vitenskap.

Fleire einslege kvinner vil skaffe seg barn ved hjelp av sæddonasjon. Kven er dei? Og kvifor er dei single?

Tikk, takk. I boka «All the Single Ladies: Unmarried Women and the Rise of an Independent Nation» skriv journalist Rebecca Traister om panikken ho fekk då ho var 27, og økonomen Sylvia Ann Hewlett gav ut bok om korleis karrierekvinner tabba seg ut ved å utsetje barnefødslar. Egg­kvaliteten vart verre for kvart år som gjekk etter fylte 27 år, minna Hewlett om. Og etter 35 år var alt håp meir eller mindre ute.

Boka slo ned som ei bombe i USA. Tv-programmet «60 Minutes» via eit program til saka. Journalistar skreiv om «The Baby Panic». Året før hadde den nasjonale organisasjonen for reproduktiv medisin sett opp reklameskilt over heile New York med bilete av ei babyflaske forma som eit timeglas, skriv Traister. Bodskapen var retta mot byens unge, profesjonelle kvinner: «Stigande alder minskar sjansen for å barn.»

Panikken skulle vise seg å vere overdriven, hevdar ho. Statistikken som sa at berre 30 prosent av kvinner mellom 35 og 39 år ville klare å bli gravide etter å ha forsøkt eit år, bygde på tal frå tida mellom 1670 og 1830, altså tida før elektrisitet, antibiotika eller fertilitets­behandling.

Fakta:

• 8. mai kom helse- og omsorgskomiteen på Stortinget med si innstilling til evaluering av bioteknologilova. Komiteen vil opne for assistert befruktning for einslege.

• Bioteknologirådet, leia av Kristin Halvorsen, har sagt nei til fertilitetsbehandling av einslege av omsyn til barnets beste dersom forelderen skulle felle bort.

• Stortinget skal behandle saka 15. mai.

Nye åleinemødrer

Fertilitetsteknologien som let kvinner bli mødrer seinare i livet, vart ikkje utvikla med single kvinner i tankane, skriv Rebecca Traister. Tvert imot skulle den hjelpe barnlause par. Men teknologiutviklinga kom samstundes med den politiske, seksuelle og økonomiske frigjeringa som mange kvinner nyt godt av i dag. Det gjer at kvinner som har råd til å betale, også står friare til å bestemme når dei vil ha barn, og om dei eventuelt vil ha barn åleine.

Det er nemleg skilnad på åleinemødrer. Du har dei klassiske, unge med dårleg råd à la tv-serien «Unge mødrer», som stadig fungerer som skyteskiver for bekymra konservative menn. Dei som med si slunkne lommebok tilsynelatande representerer ei utfordring for velferdsstatens berekraft.

Dei fleste er likevel samde om at samfunnet har eit ansvar for desse kvinnene, og for borna deira. Men kva med dei andre åleinemødrene, dei som får politikarar til å klø seg i håret: kvinnene som vil velje å bli åleinemødrer frå starten av.

Dei som i dag reiser til fertilitetsklinikkar som danske Stork Klinik og kjøper sæd frå ein donor, og kjem heim med eit barn i magen. Dei som gjerne vil ha hjelp av den norske velferdsstaten til å bli gravide, her heime. Dei som får støtte av eit fleirtal på Stortinget, som truleg vil opne for både eggdonasjon og kunstig befruktning av einslege når spørsmålet skal opp i Stortinget neste veke.

Kven er desse kvinnene? Og kvifor har dei ikkje skaffa seg ein mann?

Storbykvinner

For det første: Dei er kanskje fleire enn vi trur. 1589 norske single kvinner har oppsøkt Stork Klinik i København dei siste tre åra (i talet ligg det fleire besøk frå dei same kvinnene). Dei fleste er mellom 35 og 40 år og i hovudsak busett i Oslo, Bergen eller Trondheim.

Det er gjort få akademiske studiar av single åleinemødrer med donorbarn. Men ein israelsk studie som Bioteknologirådet viser til, bekreftar erfaringa til Lene Berling hos Stork-klinikken: Dei einslege mødrene som hadde fått born åleine, var høgt utdanna kvinner seint i trettiåra med fast jobb og trygg økonomi og busett i ein stor by.

Fleirtalet av kvinnene i studien hadde aldri vore gifte. Ingen hadde endra sivilstatus etter fødselen, men nokre slo fast at dei ikkje hadde gitt opp håpet om å treffe ein partnar.

Ufrivillig single

Ifølgje Lene Berling seier dei fleste kvinnene som kjem åleine til Stork Klinik at dei ønskjer seg ein partnar, men at dei ikkje har lukkast med å finne ein. Eit mindretal vel å bli åleinemødrer fordi dei helst vil det.

Ein trend Berling har blitt merksam på i det siste, er at venner går saman om å bli foreldre. Det gjeld også for heterofile kvinner – og menn.

– Det kan vere ei god løysing for einslege som vil ha born. Eg har teke til å tilrå det for fortvila menn som ringjer til oss, for dei har vi lite hjelp å tilby. Om dei ikkje finn ein partnar å leve med, så finn dei kanskje ei som vil dele på foreldreskapet, seier ho.

Og medan vi er inne på menn: Når teknologien vinn over biologien, er det kanskje nokre menn som blir hengande att. Som dei som ringer til Berling og Stork Klinik, men ikkje får hjelp. «Det er urettferdig for mannen. Ei stor forskjellsbehandling til menn som blir overflødige og ikkje får like rettar», var Sp-politikar Kjersti Toppe sin kommentar til NRK i debatten om kunstig befruktning for einslege kvinner. Berling er samd. Mange menn hamnar i ei klemme. Kvinner kan få all slags hjelp, men surrogati er framleis ulovleg i Danmark. Samstundes trur ho mange menn vil utsette i det lengste å få barn.

– Danske kvinner er svært opplyste når det gjeld eigen fertilitet. Slik er det ikkje for menn, og mange vil vere frie lengst mogleg.

Reiste til Danmark

Kan det vere så enkelt, at storby­kvinner seint i trettiåra skaffar seg barn på eigen hand fordi mannfolka rundt dei ikkje er «klare»?

Kanskje, trur Marianne Blindheim Eriksen. Då ho var 38 år, sette ho seg på flyet til København for å få fertilitetsbehandling på Stork Klinik, åleine. Ho vart gravid på andre forsøket.

– Eg har ei kjensle av at mange bruker Tinder-logikken om at den neste er den beste, og at det difor blir vanskeleg å binde seg. Slik kan det vere for både menn og kvinner, men klokka tikkar fortare hos oss kvinner. Mange menn vil også ha barn, så eg vil ikkje slå fast at det er menn som gjer det vanskeleg, seier ho.

Eriksen hadde alltid ønska seg barn, men eit langvarig sambuarskap hadde teke slutt. Då ho mista begge foreldra, vaks barneønsket seg stort og sterkt. Ho kjende på skamma over å ikkje ha eit forhold på plass før ho fekk barn, men involverte bror sin og nære venner.

Livet som åleinemor har budd på utfordringar, særleg det første året etter at sonen var fødd. Ho hadde ingen som kunne avlaste då ho vart sliten, og ho måtte ta alle avgjersler åleine. Kor høg feber er for høg feber, til dømes?

Samstundes trur ho at ho har hatt det lettare enn dei som blir åleine­mødrer mot sin vilje.

– Eg har venninner som er åleine med born etter skilsmisser. Eg hadde i det minste tid til å bu meg på å vere åleine, og eg har ingen eks som kan skuffe meg, seier ho.

– Kan det vere at ein del kvinner som vel å få barn gjennom sæddonasjon, er single fordi dei har relasjonsproblem som kan gjere det vanskeleg å vere gode foreldre?

– Eg forstår spørsmålet. Sjølv trur eg at tapet av begge foreldra mine har gjort det vanskelegare for meg å knyte meg til ein mann. På den andre sida har eg mange nære venner, og eg trur ikkje ein kan generalisere slik om kvinner som får barn åleine.

Fleire i vente

Etter at Eriksen gjekk ut og fortalde om valet om å bli mor på eiga hand, har ho blitt kontakta av mange som vurderer å gjere det same. Kvinnene ho høyrer frå, liknar på henne sjølv. Det er kvinner med gode jobbar og god økonomi, stort sett i slutten av trettiåra.

Nokre har fått beskjed av legen sin om at tida er i ferd med å renne ut. Andre har berre ingen mann i sikte. Når det blir opna for kunstig befruktning av einslege kvinner i Noreg, trur ho fleire vil velje å bli mødrer åleine. Men ho trur ikkje det vil gjere menn overflødige.

– Dei fleste er nok som meg, og skulle helst hatt ein partnar å stifte familie med.

marias@klassekampen.no

Kjelder:

Rebecca Traister: «All the Single Ladies» (2016)

Weissenberg, Landau & Madgar: «Older single mothers assisted by sperm donation and their children» (2007)

Artikkelen er oppdatert: 15. mai 2018 kl. 10.29