Klassekampen.no
Fredag 11. mai 2018
«ARV»: Angèle, Joseph og Armand ser ut over Méjan-bukta. Skal dei selja heimen til turistar, eller opna han for folk som treng hus? FOTO: STORYTELLING MEDIA
Frankrikes mest sympatiske filmskapar slit med ei usolidarisk samtid.
Kysten er for alle
Ein gong kunne franske arbeidsfolk byggja og bu ved middelhavskysten.

«Huset ved sjøen»

(La Villa, Frankrike, 2017)

Regi: Robert Guédiguian.

Manus: Robert Guédiguian, Serge Valletti.

Med: Ariane Ascaride, Jean-Pierre Darroussin, Gérard Meylan, Anaïs Demoustier, Robinson Stévenin.

Lengde: 1 t. 46 min.

MELDING

HHHHII

Folk i middelhavslanda protesterer mot masseturismen. Inntektene bøter ikkje for slitasje, forureining og infrastrukturproblem.

Kriseråka italienarar, spanjolar og franskmenn er mest arge på at velståande tilreisande driv opp bustadprisane, slik at bufaste må flytta. Levande lokalsamfunn blir spøkjelsesbyar mellom feriesesongane. Samstundes blir båtflyktningar møtte av militære på tomme badeplassar. Begge fenomen trugar idyllen i «Huset ved sjøen».

Filmen er tatt opp i Méjean-bukta vest for Marseille, og både gamle foto og restauranten Le Mange-Tout vitnar om at ei illustrerande fiksjons­forteljing er lagt oppå ei eksisterande røynd. Slike miljøportrett er kjende frå den uthaldande sosialisten og uavhengig filmskaparen Robert Guédiguian og hans skildring av arbeidarstroka i Marseille, der han vaks opp («Snøen på Kilimanjaro»).

I «Huset ved sjøen» er Méjean barndomsparadiset til dei aldrande søskena Joseph, Armand og Angèle. Dei er spela av Guédiguians jamgamle, ideologisk nærskylde og faste skodespelarar Jean-Pierre Darroussin, Gérard Meylan og Ariane Ascaride. Til saman er dei regissørens tredelte alter ego.

Ulike livsval og ein familietragedie har drive søskena frå kvarandre. Dei møtest i barndomsheimen for første gong på 20 år, fordi far deira, Maurice, er døyande. Familiesamkomet fører med seg den sorgtunge melankolien, den varme nostalgien og den beiske avsløringa av løyndomar som ein ventar av slike forteljingar. Samstundes vrir Guédiguian klisjeane til sine eigne føremål, og viser seg igjen som ein ukueleg menneskeven og optimist. Han trur enno på å vekkja solidaritetsideala frå 1968 – i alle fall i små lokalsamfunn – i alle fall blant sin eigen etterkrigsgenerasjon. Dei yngre vaksne verkar framande for Guédiguian, og dei er framandelement i hans Méjean: Sosialliberale individualistar som har forlate eller aldri har kjent arbeidarklassen og -kulturen. Slike som Josephs drygt 30 år yngre bankier-kjærast, Bérangère (Anaïs Demoustier). «Du sit på ei gullgruve her», seier Bérangère. Ho tenkjer på arven av huset og familierestauranten. For Joseph, Armand og Angèle – og for regissøren – handlar farsarven om noko anna enn pengeverdi, nemleg minnet om Maurices «visjon»: Arbeidsfolk som i fellesskap byggjer eit godt samfunn, ein idé som bokstavleg tala vart realisert i denne sjølvbyggjarbyen. Ein «fri kommune», slik Joseph minnast han.

Den ein gong sjølvproletariserte maoisten er desillusjonert, men ikkje utan galgenhumor. Jean-Pierre Darroussin (den skamlaust elskelege etterretningssjefen i «Le Bureau») er ein finstemt komikar, ein kvalitet Guédiguian nyttar godt.

Ariane Ascaride (Guédiguians partnar privat og kunstnarisk) si Angèle har berre kunne herma farens ideal på teaterscenen. Vonbrotet er illustrert ved hennar glansrolle i Brechts nådelause «Det gode mennesket frå Sezuan».

Nostalgien tar nær overhand, når vi i eit sjølvrefleksivt tilbakeblikk ser den vitale ungdomstida til søskena. Eit klipp med dei same skodespelarane henta frå Guédiguians «Ki lo sa?» (1986), akkompagnert av Bob Dylans «I Want You». Så hentar filmen seg inn i samtida att via møtet med tre andre søsken. Tre forkomne flyktningbarn gjev Guédiguian sjansen til å knyta saman dei ulike motiva i historia, og – trass forteljartekniske utfordringar – er hans sjeldne positivitet kjærkome tonar, som motsats til den solidaritetens svanesong som Dardenne-brørne og andre filmskaparar på venstresida støtt syng.

guri.kulaas@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 15. mai 2018 kl. 10.30