Fredag 11. mai 2018
IKKJE NOKO PROBLEM: Helseminister Bent Høie vil ikkje bøye av for presset og seier samarbeidet med privat sektor er godt. Derfor er det heller ikkje naudsynt med luftambulanse i offentleg regi, ifølgje han. FOTO: JOHN TRYGVE TOLLEFSEN
Akuttutvalet foreslo at offentleg drift av luftambulansetenesta burde greiast ut:
Høie oversåg åtvaring
FEKK RÅD: Alt i 2015 peikte det regjeringsoppnemnte Akuttutvalet på risikoen ved operatørbytte i lufta­mbulansen. Frp-politikar krev at helseministeren ryddar opp.

HELSE

«Offentlig drift av den operative delen av luftambulansetjenesten bør utredes.»

Dette var rådet helseminister Bent Høie (H) fekk frå Akuttutvalet i desember 2015.

To og eit halvt år seinare er det fullstendig kaos i tenesta. Fly står på bakken, og folk i Nord-Norge fryktar for liv og helse.

Dette kunne vore unngått dersom luftambulansetenesta ikkje skulle konkurranseutsettast.

«Det er en fare for at operatørbytte ved inngåelse av nye kontrakter bryter en god samhandling som er opparbeidet mellom operatør og helseforetak gjennom flere år. Luftambulansetjenesten er risikoutsatt, og denne samhandlingen er en forutsetning for en sikker gjennomføring av oppdragene», heiter det i rapporten frå Akuttutvalet.

Fakta

Luftambulansekrisa:

• Det er krise i luftambulansetenesta på grunn av strid om overføring av tenesta frå Lufttransport til selskapet Babcock Scandinavian Airambulance (BSAA).

• Babcock vann ein tilbodskonkurranse i 2017 og skal ta over den norske luftambulanse­trafikken i juli 2019, men berre 14 pilotar har søkt på dei 97 stillingane hos Babcock.

• Fagfolk har begynt å søka seg vekk, og mange fly har stått på bakken. Saka skaper aukande politisk uro.

• Onsdag melde forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H) seg inhabil i saka fordi kona Hilde Sjurelv er tilsett i Abcock Scandinavian Airambulance.

Fryktar for liv og helse

Leiar for Akuttutvalet Ann-Kristin Olsen ønsker ikkje å uttala seg om den akutte situasjonen i dag, men viser til konklusjonen i utgreiinga. Ho står fast på at offentleg drift av luftambulansetenesta bør utgreiast.

– Eg trur det er eit godt forslag, seier Olsen.

Akuttutvalet viste også til erfaringar frå Sverige, der «økonomiske utfordringer hos en privat operatør medførte redusert beredskap», og skriv at fleire svenske landsting er i ferd med å overta luftambulansetenesta i eigen regi.

Arbeidarpartiets helsepolitiske talsperson Ingvild Kjerkol er kritisk til at forslaget frå Akuttutvalet er blitt liggande i ein skuff.

– Høie burde lagt det fram for Stortinget. Dette bør utgreiast, seier ho.

Tilbodsprosessen er blitt sterkt kritisert fordi den set pris framfor kvalitet. No stiller også Frp seg bak dette. Leiar i Alta Frp kallar situasjonen kritisk og ber helseminister Bent Høie ta ansvar.

– Manglande luftambulanse kan få dramatiske følger for mange. Det handlar om tryggleiken til befolkninga i Nord-Norge, seier Mikalsen.

Tidlegare i vinter gjekk det føre seg ein intens kamp om å få bygd eit fullverdig sjukehus i Alta, men regjeringa valde å satse vidare på sjukehuset i Hammerfest, 145 kilometer unna fylkets største by.

– Bent Høie må ta ansvar og rydda opp i kaoset. Det er fullstendig feil å setta pris framfor kvalitet, slik ein har gjort i val av ny tenesteleverandør, seier Frp-politikaren i Alta.

Også i Sør-Varanger er ein heilt avhengig av luftambulansetenesta, og reagerer kraftig på krisa som har oppstått. Ordføraren i Sør-Varanger Rune Rafaelsen (Ap) meiner regjeringa gamblar med liv og helse. I fleire dagar denne veka har det ikkje vore ambulansefly i beredskap i Finnmark.

– Eg håpar for regjeringa sin del at liv ikkje går tapt i det kaoset som no har oppstått, seier Rafaelsen.

I luftlinje er det 428 kilometer mellom Tromsø og Kirkenes, eller like langt som frå Oslo til Bergen og halvvegs tilbake.

– Me får eit militært helikopter nordover no, som skal gå inn i beredskapen. Dette vil hjelpa litt på, men situasjonen har skapt uvisse og frykt, og eg som ordførar har fått mange meldingar frå folk som er urolege, seier Rafaelsen.

Tidlegare i veka måtte ein akutt sjuk pasient i Kirkenes hentast med helikopter frå Tromsø for å få behandling på Universitetssykehuset Nord-Norge.

Fekk hundre forslag

Helseminister Bent Høie viser til at Akuttutvalet la fram ei omfattande utgreiing med over 100 forslag til tiltak. Han seier regjeringa har følgt opp mange av tiltaka, men meiner samarbeidet mellom det offentlege og private om luftambulansetenesta har vore godt.

«Gjennom flere tiår har luftambulansetjenesten blitt levert av det private i samarbeid med det offentlige med gode resultater. Omtrent hvert tiende år blir flyflåten fornyet og kvaliteten på tjenesten blir hevet gjennom konkurranseutsetting. Luftfart er en svært komplisert sektor både teknisk, regelverksmessig og sikkerhetsmessig. Til nå har vi derfor vurdert at dette ikke er en kompetanse spesialisthelsetjenesten bør bygge opp på egen hånd. Helsetjenesten er nødvendigvis ikke de beste til å drifte et flyselskap», skriv Høie i ein e-post til Klassekampen.

anneh@klassekampen.no

rapp@klassekampen.no

Artikkelen er retta 11. mai 2018: Me skreiv at det var helseminister Bent Høie (H) som oppnemnte Akuttutvalet i 2013. Det var det ikkje. Akuttutvalet blei nedsett av dåverande helseminister Jonas Gahr Støre (Ap) like før regjeringsskiftet. Red.

Artikkelen er oppdatert: 11. mai 2018 kl. 10.18
Tirsdag 22. januar 2019
SV I VINDEN: Medlemmene strømmer til opposisjonspartiene etter opprettelsen av den borgerlige firepartiregjeringen. Hos SV er veksten dobbelt så stor som hos Ap.
Mandag 14. januar 2019
TO ONDER: Øystein Dørum i NHO mener videre oppløsnings­tendenser i EU vil være verre for norsk økonomi enn brexit.
Lørdag 12. januar 2019
ØKER MEST: – Vi snur ikke kappa etter vinden. Det er vinden som har snudd, sier Sp-leder Trygve Slagsvold Vedum.
Fredag 4. januar 2019
NEKT: Frps Åshild Bruun-Gundersen avviser at abortlova kan bli endra i regjeringsforhandlingane. Same kva Siv Jensen og dei andre kjem fram til, vil ho stå fritt til å røyste mot i Stortinget.
Fredag 21. desember 2018
KLAR: Tidligere statsminister Kåre Willoch mener sanksjonsregimet mot Russland må ha en utløpsdato. Han ønsker en realistisk tilnærming til Russland.
Onsdag 19. desember 2018
KRAV: Sterke ­krefter i KrF jobber for at partiet skal kreve utviklingsministeren og et nytt ut­viklingsdepartement i ny regjering.
Tirsdag 18. desember 2018
TILBAKE: Arbeiderpartiet i Troms og Finnmark går inn i fylkessammenslåingen med planene klare for en rask omgjøring.
Mandag 17. desember 2018
FRAMTIDSFRYKT: Nordmenn flest uroar seg mest for klimaendringar og svekka velferdsstat, ifølge eit notat frå tankesmia Agenda.
Onsdag 12. desember 2018
VOLDTEKT: Høyres justispolitiske talsperson Peter Frølich mener minstestraffen for voldtekt er for høy. Han vil løfte diskusjonen inn i regjeringsforhandlingene med KrF, Frp og Venstre.
Torsdag 6. desember 2018
PROFIL: Unge Venstre-leiar ­Sondre Hansmark seier Abid Raja er blant dei einaste som profilerer Venstre sin eigen politikk.