AUKAR: Nye tal syner at ungdomskriminaliteten har auka dei siste åra. Ein av grunnane kan vere politireforma, meiner forskarane. Det avviser politiet.
Pilane peiker feil veg på fleirfaldige felt når det kjem til ungdomskriminalitet i Oslo. Det vart klart då samarbeidsmodellen til Oslo kommune og Oslo-politiet la fram den årlege Salto-rapporten tysdag 8. mai.